Æresmedlem


eresmedlem_redigert.png
 

Leif H. Askeland
Han innsåg tidleg at Fjordabåtens æra snart var omme, og tok difor ei rundreise med D/S "OSTER" jonsokafta i 1960 for å filme miljøet, kaiane og båten. Denne fargefilmen har vore av uvurderleg betydning i dokumentasjonsarbeidet for restaureringa av D/S "OSTER", ved at den gjev opplysningar som ikkje er beskreve på andre måtar.

Leif H. Askeland vart utnemnd til æresmedlem i 1998.
Leif H. Askeland døydde i 2009

leif_redigert.png
 

Ivar Medaas
Har gjennom mange år, like sidan tidleg på 60-talet, som artist og trubadur arbeida for å fremja Vestlandet, og kulturen vår. I 1963 skreiv Ragnvald Hammer "Dar kjem Dampen", som Ivar'n sette melodi til, og framførte.Ved hjelp av denne visa vart "OSTER" og fjordabåtane aldri gløymt. Denne songen vart landskjent, og er den mest spelte songen i NRK Hordaland si historie. Sjølv i dag, nesten 40 år seinare, set nettopp denne songen kjenslene i gang hjå svært mange!

Ivar Medaas vart utnemnd til æresmedlem i 1998.
Ivar Medaas døydde 7. januar 2005

ivar_redigert.png
 

Wilhelm Waage
Han er tidlegare avdelingssjef hjå Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Han har vore svært opptatt av historikken og betydninga av ruteferdsla på Vestlandet heilt sidan 1946. Han engasjerte seg aktivt i "OSTER-Komiteen" i 1964 med forsøket på å bevare D/S "OSTER" som eit levande kulturminne. Med i denne komiteen var og døveprest Ragnvald Hammer (som laga teksten til "Dar kjem dampen"), fung. styreformann i INDL Magnus Eikanger og "OSTER" sin siste kaptein Magnus Haaland. Sjølv om bevaringsforsøket mislukkast i 1964, var dette eit av dei fyrste fartøyvernprosjekta i landet. Før den tid var fartøyvern eit ukjend begrep i Norge.

Wilhelm Waage vart utnemnd til æresmedlem i 1998.
Wilhelm Waage
Død 2003

wilhelm_redigert.png
 

Alvin Bernes
Alvin byrja i INDL i 1948 som matros på D/S "OSTER" og sto ombord like til 1960. Han har seinare vore matros ombord i M/S "Bruvik",  M/F "Oster",  M/S "Manger" og M/S "Lygra" til han gjekk av med pensjon i 1988.

Han har bidratt med svært verdifull informasjon om livet og miljøet ombord i fjordabåtane, og detaljar frå "OSTER" spesiellt. Han jobbar aktivt i restaureringsarbeidet ombord i  "OSTER" gjennom ivrig innsats i dugnadsgjengen.

Det er utruleg å tenkja på at Alvin byrja sitt arbeid ombord i ein kolafyrd dampbåt, segla seinare på bilferjer og moderne hurtigbåtar, og i pensjonisttilværelsen er med å restaurere dampbåten att.

Utnemnd til æresmedlem i 2000.
Død, januar 2015

alvin_redigert.png
 

Alfred Dyrkolbotn
Alfred hadde segla som mannskap og kaptein i INDL, Indre Nordhordland Dampskibsselskap AS.
Han hadde også segla med D/S Oster. Han var ein god støttespelar for NHVL i høve til dokumentasjonar vedk. D/S Oster, han kjende båten frå "gamle dagar"
Alfred Dyrkolbotn var ein svært ihuga mann andsynes restaureringa av D/S Oster, og på sine gamle dagar treivst han godt når han fekk stå på kapteinsbrua å styra båt og vera kaptein.
Alfred blei utnevnd til æresmedlem i 2000

 Alfred Dyrkolbotn døydde i 2002

alfred_redigert.png
 

Maria Tepstad
Byrja i INDL som "trisa" ombord i D/S "OSTER", og var ombord der i åra 1934 til 1939. Ho var trise ombord i M/S "Hosanger I" og D/S "Hamre" frå 1939 til 1946.
Ho har bidratt med verdifulle informasjonar om livet og miljøet ombord i fjordabåtane, og detaljar frå "Oster" spesiellt.

Utnemnd til æresmedlem i 2000.
Død 2003

maria_redigert.png
 

Jan Strand (Skipsingeniør/maskinist)
Ut frå at styret har sett umåteleg pris på den ueigennyttige innsats som Jan Strand har gjort for NHVL, hans energiske innsats m.o.t. teiknings- og berekningsarbeidet som måtte til for at planane våre for OSTER prosjektet kunne verta godkjent av Sjøfartsdirektoratet, i tillegg følgde han framdrifta på restaureringsarbeidet og når noko floka seg, var han budd til å løysa flokane. Difor utnemnde årsmøtet 24. mars 2001 Jan Strand som æresmedlem i laget.

Jan Strand
Død 2003

jan_strand_redigert.png
 

Dagfinn Hopland,
Seim

Dagfinn Hopland for den lojale og trygge måten han har utført kapteinsoppgåva på, frå overtaking 8. mars 1996 og fram til hausten 2002. Dagfinn tok på seg denne oppgåva, på ei tid då ingen kunne vita korleis det ville gå med restaureringa av ”OSTER”
Med Dagfinn på brua har OSTER kome trygt fram utan uhell av noko slag. Dette har gjeve Oster-prosjektet tillit, som har hatt alt å seia for eit prosjekt, som berre kan gjennomførast med milde sponsorgåver. Dagfinn har sett standarden for Oster sin trygge seglas.

Utnemnd til æresmedlem 27. mars 2004
Død, februar 2014

dagfinn_hopland.jpg
 

Kåre Taule,
Søreidgrend

 Kåre Taule har gjennom fleire år gjort store og viktige gratistenester for prosjektet vårt. Det kan nemnast.:
Montering av oljefyrings kjelefront. Levering av ei hjelpe fødevass pumpe i byte med ei som hadde fått transportskade. Laga tidsrette messingringar til frontdørene. Full overhaling av dampvinsjen frå Hjellestad, ex. Utrøst. Istøyping av lågtrykksveivlageret sumaren 2002, slik at Oster kunne følgja programmet. Levering av eit 4-løps Bauer smørjeapparat. Støypte 3 nye trykk-lager-ringar. Kåre er ein person som ikkje vei kva ”nei, dessverre” betyr og har difor ogso på andre måtar ytt hjelp og gjeve gode råd. I tillegg, og ikkje minst, har han gjennom alle år vore ein nøkkelmann i heile veteranskipsmiljøet i vår region og er framleis det.

På Torgdagen i Bergen 12. juni 2004 vart Kåre Taule tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv. Denne fekk han for sitt gode arbeid med veteranbåtar i Bergen.

Utnemnd til æresmedlem 27. mars 2004
Død, 25. april 2015

kaare_taule_1_redigert.png
 

Servatius Johannes Strik,
Gravenzande, Holland

Strik har vore, og er framleis, ein av nøkkelpersonane når det gjeld å skaffa viktig utstyr, anten gjevandes eller levert til ”spottpris”. Komplett oljefyringsanlegg, lysmaskin, ventilasjonslyrer, byssekomfyr, 32. stk 9” lysventilar. Alt dette kjem opprinneleg frå den engelske marinen. I tillegg har han ved fleire høve gjeve oss nyttige råd og vink, synt ein eineståande velvilje, vitja NHVL her ved fleire høve og dessutan vore generøst vertskap under festivalbesøk og andre besøk frå laget, i Holland. Strik har synt seg å vera ein ekte Oster-ven.

Utnemnd til æresmedlem 27. mars 2004

servatius_strik_eresmedlem_redigert.png
 

Erik Småland,
Hylkje

Erik har ein formidabel innsats bak seg m.o.t. vern av kystkulturen. Han har vore aktiv i veteranbåtlaget sidan førstninga av 1990 talet, då det vart gjort forsøk på å restaurera D/S Alversund. Han var i fremste rekkje når det gjaldt heimkjøp av M/S Vaka (ex D/S Oster), for å bringa denne båten attende til D/S Oster. Han har heile tida leia dokumentasjonsgruppa.

Det er p.g.a. Erik Småland sine store kunnskaper om korleis D/S Oster var, i si tid, som har ført til at båten nå er restaurert til orginalen og med Riksantikvarens godkjenning. NHVL har hausta fagnad frå Riksantikvaren for Småland sitt arbeid. Det er ikkje få timar han har arbeidd med å finna tidlegare orginalspor etter opphavet, utarbeiding av løysingar, alt lagt inn i systematiske arkiver, følgt båtens framdrift under restaureringa, utført teikningar av innreiing og møblering, i tillegg til styreposisjon i NHVL heile tida. Ein kan trygt rekna Erik sitt arbeid til eit par årsverk i arbeidstid. Alt sitt arbeid har Erik utført som dugnadsarbeid! Det er tvilsamt om nokon her til lands kan måla seg med Småland når det gjeld kunnskap om restaurering av båtar liknande D/S Oster

Utnemnd til æresmedlem 12. mars 2005

erik_smaaland.jpg
 

Odd Lillejord,
Tyssebotn

Odd kom som eit frisk pust inn i dugnadsarbeidet med D/S Oster under restaureringa som då pågjekk i Bjørsvik, Lindås.

Han gav straks beskjed ” Eg kan arbeida heile veko på båten for eg er pensjonist” Dette var ikkje tomme ord, han har i alle åra deretter synt å leva som han talar. Odd si kontaktflate gjorde også sitt til at hans motiverande energi fekk kjenningar med seg på restaureringsarbeida, dette var fagfolk, av ymse slag, og som var valde på øverste hylle. Det må nemnast at han, forutan arbeid i Bjørsvik, var dugnadsmann framfor nokon når skorsteinen var bygd, under arbeid hjå A. Andersen & Sønner AS i Dåfjorden, demontering av oljefyringsanlegget i Holland, reparasjon av dampkjelen i Haakonsvern. Han gjorde sitt til gangs for at D/S Oster skulle koma til Bergen under Norsteam 2000. Han sto også på under arbeid ved Mastrevik Mek. Industrier AS. Han arbeider dugnad under sitt motto.: ”Også vi, når det vil kreves” (Han syng gjerne denne strofen)! Odd Lillejord har arbeidd som matros og altmulegmann om bord i D/S Oster. Han har også motivert kona si, Hjørdis, til å vera trise om bord, samt at ho er laget`s kasserar.

Utnemnd til æresmedlem 12. mars 2005

odd_lillejord.jpg
 

Hans Brandtun,
AUSTRHEIM

For den store innsatsen han har lagt ned i det elektriske installasjonsarbeidet ombord på D/S OSTER. Hans tok på seg dette i ei tid då OSTER nettopp var ombygt frå å vera ein fraktebåt til å bli tilbakeført til dampbåt. Den elektriske installasjonen bar preg av naudløysingar etter anleggsfordelarprinsippet, men tiltrass for dette vart ikkje Hans skremt bort. Han engasjerte seg og fekk istand eit fruktbart samarbeid med Austrheim v.g. Skule, som har gjeve OSTER ein framifrå god skipsinstallasjonen.

Alt dette har han gjort vederlagsfritt og årsmøtet i Nordhordland Veteranbåtlag vil visa takksemd for denne generøsiteten, ved å utnemna Hans Brandtun til æresmedlem.

Utnemnd til æresmedlem 24. mars 2007

Hans_Brandtun_eres.jpg
 

Roald Kaland,
Stokke, BRUVIK

For den store innsatsen han har lagt ned som tømmermann om bord på D/S OSTER.
Vinteren 2001/2 vart heile båt- og promenadedekket fornya. Roald sytte for å blanda opp nok ”Oster-special” slik at impregneringa kunne gå etter ein turnus-plan, heile påskehelga 2002. Dette resulterte i at det vart smurt omlag 40 strøk vått-i-vått og mange meinte at det var like før impregneringa trekte heilt igjennom dekksplankane. Denne impregneringa resulterte i at OSTER har fått eit stabilt tredekk, som sjølv etter mange soldagar held stand og ikkje gisnar. Roald gjorde også arbeidet med å leggja topplank på bruvingene. Her bearbeidde han teakplankane, slik at dei ser ut som møbel. Overgangen frå bruvingene og til båtdekket er eit meisterverk, som mange fagfolk er storleg imponerte over. Seinare vart meisterverket fullført, då han laga dei aktre rekkeportane, som også er eit framifrå fint tømmermannsarbeid. Ved slippsetjinga ifjor måtte store delar av innreiinga i 1. plass salongen demonterast. Dette klarte han saman med ein handplukka medhjelpar å få på plass igjen på berre ein dag. Årsmøtelyden i Nordhordland Veteranbåtlag vil visa takksemd for den innsatsen Roald Kaland har lagt ned i OSTER, ved å utnemna han til æresmedlem.

Utnemnd til æresmedlem 24. mars 2007

roald_kaland_eres.jpg
 

Ekteparet Bjørg og Arnt Otto Veland,
Viddalen, MORVIK,

Dei har vist seg å vera to sanne OSTER-vener. Dei har saman støtta opp om OSTER-prosjektet på ein eineståande måte og har stått til teneste når det har vore noko dei har kunna hjelpa til med. Mykje nyttig utstyr har dei også skaffa til D/S OSTER. Dei har utført utallige transportoppdrag, med å henta varer eller transportere personell. Arnt Otto deltok også aktivt i restaureringsarbeidet, då båten vart tilbakeført til dampbåt i Dåfjorden. Han var vekependlar til Sunnhordland i denne tida. Bjørg og Arnt Otto var også tidleg ute og gav direkte sponsorstønad til laget og ikkje minst har dei fleire gonger hjelpt laget gjennom ”vår-knipa”, som i fleire år var årviss. Årsmøtelyden i Nordhordland Veteranbåtlag vil visa takksemd for all innsatsen og velviljen som Bjørg og Arnt Otto Veland har lete koma OSTER til gode, ved å utnemna dei til æresmedlem.

Utnemnd til æresmedlem 24. mars 2007
Bjørg Veland døydde i 2008
Arnt Otto Veland døydde i 2011

bjorg_veland_eres.jpg
arnt_o_veland_eres.jpg
 

Vidar Lehmann,
Søreide, BERGEN

 for hans store engasjement i OSTER-prosjektet. Han har pleia sponsorkontakten på ein slik måte at Oster-prosjektet har blitt tilgodesett med støtte, slik   at prosjektet let seg gjennomføra på rekordtid.

 Vidar har hatt den rette Stå På-innstillinga og han har ikkje mista motet om nokon svara negativt. Me prøver igjen neste år, var kommentaren hans då! Denne taktikken har vist seg å gje resultat !

 Vidar var med i styret frå årsmøtet i -96 og fram til i -06. Han var nestleiar i alle desse åra. Frå år 2000 var han også prosjektleiar. Utan Vidar sitt store engasjement i prosjektet, så er det mange av oss som aldri ville få oppleva å sjå D/S OSTER i drift med dampmaskin rundt om i fjordane våre.

 Etter at dampskipet OSTER kom i fart er han ofte med på turane, som matros eller billettør. Med sin yrkesbakgrunn har han ved fleire høve gjort teneste som skipslege. Vidar har vist seg å vera ein ressursperson for prosjektet og han er stadig igong med spesialoppdrag for laget. Just nå er han formann i Jubileumskomiteen.

 Styret innstiller Vidar Lehmann som kandidat til å bli æresmedlem i NHVL

 Utnemnd til æresmedlem 29. mars 2008

eresmedlem_vlehmann_ESJ3877.jpg
 

Karstein Stene,
BERGEN / LINDÅS

for den store interessa for Osterprosjektet.

Karstein har vore konferansier alt frå fyrste dag i Oster-prosjektet. Dette er noko Karstein beherskar til det fullkomne.

Karstein har med si store kontaktflate også vist at han har eit godt lag med å henta inn pengar til Gamle Dampen. Han har laga til lotteri, CDar og mykje meir. Karstein er ein fantasifull kar og han har skaffa mange gode bidrag til prosjektet. Han har vore med i styret frå i -99 til han går ut ved dette årsmøtet.

Styret innstiller Karstein Stene som kandidat til å bli æresmedlem i NHVL.

Utnemnd til æresmedlem 29. mars 2008

eresmedlem_kstene_ESF2269.jpg
 

Tor Johannes Bjørgaas,
Ostereidet, LINDÅS

Tor J. Bjørgaas har hatt eit godt auge for D/S OSTER sidan båten gjekk ut av samferdsla i 1963. Då D/S ALVERSUND viste seg ikkje å kunne restaurerast, fekk Tor høyra at M/S VAKA (Ex Gamle Dampen) var til sals. Heimkjøpet av denne vart gjort, og markert ved Shetlands Larsens Brygge 08. Mars 1996. Så tok restaureringsarbeidet til.

Det er ingen i Nordhordland Veteranbåtlag som har lagt ned så mange dugnadstimar på restaurering av D/S OSTER som akkurat Tor. Han er maskinmeistar av utdaning, og har tilmed dampmaskinsertifikat. Han har hatt mange gode kjenningar både i inn- og utland som han har kunna søkja hjelp hjå når viktige ting til båten skal skaffast, noko som kan vera vanskeleg til ein antikvarisk båt. For oss som fekk oppleva at D/S OSTER rakk til Bergen under Nordsteam 2000, gløymer ikkje at det var Tor sin innbitte vilje som gjorde at dette lukkast.

Tor har ei eigen evne til å få folk med seg å arbeida dugnad på Gamle Dampen. Framhevast må nemnast Tor sin strukturerte måte å arbeida og leia laget på. Han er alltid førebudd til kvart møte og hans minne er velkjent.

Styret i NHVL meinte nå at det var på høg tid at laget heidra Tor J. Bjørgaas med å utnemna han som Æresmedlem. Hadde det ikkje vore for han, så hadde me ikkje hatt denne båten som eit levande sjøens kulturminne som det er, og som feirar 100 år i 2008.

 Utnemnd til æresmedlem 29. mars 2008

ersmedlem_tbjorgaas_ESJ3866.jpg
 

Magne Angelskår,
Ostereidet, LINDÅS

Magne Angelskår har gjort teneste som skippar, styrmann og altmuligmann ombord på Oster frå sommaren 2002.

Etter eit langt yrkesliv både i sandfart og rutefart er Magne farvannskjent som få og han fann fort den gode tonen med Gamle Dampen. Når Magne slår standby i maskintelegrafen før avgang ifrå Bjørsvik, då er han i slag og OSTER snur rundt på 1-2-3 !

Magne regjerer på brua med glimt i augo, gjev tydelege beskjedar til mannskapet og han orienterar passasjerane, over høgtalaranlegget, på ein likandes måte. Magne har lagt ned ein kjempeinnsats i vedlikehaldet av Gamle Dampen, med mange lange dagar. Han har hatt hovudansvaret for å halda redningsmateriellet iorden.

 Årsmøtet i NHVL ville vise takksemd og respekt for den innsatsfyllte tenesta som Magne har lagt ned til no, ved å utnemne han til æresmedlem. Samstundes ønskjer årsmøtelyden at han vil fortsetja ombord i mange år framover.

 Utnemnd til æresmedlem 28. mars 2009

Magne_A_DSC_0889.jpg
 

Ragnhild Bjørgaas vart utnemd til æresmedlem for langvarig og trufast innsats som trise ombord på OSTER.

Ho syter for at alt er på plass ombord, før OSTER legg ut på tur. Ho lever og ånder for at alt skal vera på stell, passasjerane skal stellast godt med og mannskapet skal ha skikkeleg kost når dei er i tenesta. Ragnhild er ikkje redd for å ta eit tak og stå på.

 Trisene på OSTER er kjente for deiras gode humør og latteren set laust og her finn Ragnhild seg til rette og trivest.

 Me ønskjer Ragnhild tillukka som æresmedlem og håper at ho blir å sjå ombord på Oster i mange, mange år framover.

 Utnemnd til æresmedlem 26. mars 2011

 

Roald  Moldekleiv vart utnemd til æresmedlem for langvarig og trufast innsats som dugnadsarbeidar i maskinromet på OSTER.

 Roald har vist seg å vera ein dyktig mekanikar som er nøyaktig i alt sitt arbeide.

Under ombygginga frå fraktebåt til dampbåt fekk Roald motivert fleire av kollegaene sine til å bli med på dugnadsinnsats i Dåfjorden. Dei fekk låne med seg proffesjonelt verktøy, slik at arbeidet gjekk unna raskt og effektivt. Utan denne innsatsen hadde det blitt vanskeleg å få båten ferdig til Nordsteam 2000.

 Roald har vore med på både drift og vedlikehald av maskineriet på OSTER i mange år.

 Vinteren 2009/2010 deltok han på Maskinistkurset og fullførte dette i tillegg til at han også var i full jobb hos Frank Mohn. Dette var ei bragd som det står stor respekt av.

 Me ønskjer Roald tillukka som æresmedlem og håper at han vil halda fram om bord på Oster i mange, mange år framover.

 Utnemnd til æresmedlem 26. mars 2011

 

VIGDIS MARKUSSEN,
for hennar langvarige innsats for NHVL, som styremedlem, effektforvaltar og medlemslisteførar.

Vigdis vart valt inn i styret på årsmøtet i 2001 og har ført medlemsoversikta på ein god måte. Ho har lagt mykje energi i å kunne identifisera anonyme betalarar av medlemspengar og liknande. Ho har også vore effektforvaltar for laget.

Vigdis er ein person med godt humør og det er aldri kjedelig der ho held til.

Årsmøtelyden håpa at Vigdis blir aktivt med NHVL i mange år framover.

Utnemnd til æresmedlem på årsmøtet 29. mars 2014

 

ODD TEPSTAD,
for hans langvarige innsats som styremedlem og nestleiar i NHVL.

Odd er med på turane anten som matros eller billettør. Når den kolfyrte byssekomfyren skal fyrast opp, så er dette noko Odd tek seg av.

Odd har sin yrkesbakgrunn frå Politiet og det har vist seg fleire gonger, at han beherskar litt vanskelege situasjonar betre enn folk flest.

Odd er eit trufast mannskapsmedlem og det er ikkje mange turar han avspaserer i løpet av sommarsesongen. Unntaket er når barneborna har bursdagar og liknande.

Han har også motivert fru Anna til å vera med på dugnadsarbeidet på OSTER.

Årsmøtelyden håpar at både Odd og Anna blir aktivt med i NHVL i mange år framover.

Utnemnd til æresmedlem på årsmøtet 29. mars 2014

 

TOR VABØ
vart utnemdt til æresmedlem på årsmøtet den12. mars 2016.

Tor har over lang tid har vist seg å vera ein allsidig mekanikar. Det kan nevnast honing av sylindrar, maskinering og tilpassing av veivlagre m.m. Vidare har Tor laga nye sleidar både til den dampdrivne lysmaskina og kjelevifta.

 Over lengre tid har Tor følgt HT-sleiden ”på pulsen” og den siste modifika- sjonen hans har vist seg å gje ein roleg gange på sleiden og hovudmaskina.

TorVaboe_DSCN0825_75x100px.jpg
 

SVEIN MOSTRAUM
vart utnevnt til æresmedlem på årsmøtet i 2018, for hans lange innsats med å restaurere og ta vare på OSTER. Alt då Svein var dagleg leiar for Mastrevik Mek. Verkstad sytte han for at utstyr som vart skifta ut med nytt på andre båtar, vart tatt vare på for evt. bruk på OSTER. Dette gjaldt vaskar og springar, som seinare vart monterte om bord på OSTER. Under Svein si leiing fekk skipet fleire opphald ved verkstaden i Mastrevik og det vart gjort mykje stålarbeid og fornying av alle utvendige dekk.

Svein har gjort mykje dugnadsarbeid om bord. Han har oppgradert gamalt stål i forbindelsane mellom spanteverket og hudplatene, i forskipet, som no skal vera godt førebudd på ei lang framtid. Svein har gjort dette arbeidet på ein framifrå god fagleg og antikvarisk måte. Svein har vore med i styret frå årsmøtet i 2006. Årsmøtelyden meinte at Svein hadde gjort seg fortent til å bli æresmedlem i laget og det vart gjort eit samrøystes vedtak på ds.

Svein_Mostraum.png
 

JAN ULVØY
vart utnevnt til æresmedlem på årsmøtet den 17. mars i 2018, for hans mangeårige innsats om bord på OSTER. Han var medlem av styret i åra 2007 – 2017 og var nestleiar i ein periode. Etter at Jan vart pensjonist organiserte han ei dugnadsgruppe som har bestått av 4 – 6 mann, som har gripe tak i større vedlikehaldsoppgåver. Det kan nevnast spilebenkane på promenadedekket, som vart plukka ifrå kvarandre og tjukkelseshøvla på alle 4 sidene, i alt 2200 meter. Resultatet vart likeså gode benkar som då dei var nye. Etterpå gjekk gruppa i gang med reparasjon og overflatebehandling av hudplatene og spantene i lasterommet. Bunkerstankane vart løfta inn i lasterommet for utvendig og innvendig oppussing, samstundes som det vart tilkomst til hudplatene bak ds. Den gamle hjelpemotoren vart bytta ut med ein ny og Jan si gruppe fekk demontert og fjerna den gamle og montert den nye. I samarbeid med kjelefirmaet MVT vart det skreddarsydd eit overvåkingsanlegg med flamme- og nivåvakter til dampkjelen. Dette vart innstallert under Jan sitt overoppsyn. Dei gamle fødevass-ventilane vart bytta ut med nye og røropplegget måtte leggjast om, med hjelp av m.a. ein sertifisert sveisar. Rørforbindelsane til/frå brannpumpa vart lagt om slik at dei fleksible belgane fekk arbeide den rette vegen. Årsmøtelyden meinte at Jan hadde gjort seg fortent til å bli æresmedlem i laget og det vart gjort eit samrøystes vedtak på ds.

 

MAGNE HELLAN
Magne kom med i prosjektet heilt frå begynnelsen av, i mars 1996. Han viste seg å vera ein dugande dugnadsmann, mekanikar av yrke og han beherska også bruk av skjærebrennaren. Når skiftarbeidet ved Oster Pukk & Sand tillet det, var han med på dugnadsarbeidet om bord, både i Bjørsvik og i Dåfjorden. Under innspurten med ombygging frå motorskip til dampskip la Magne ned mange dugnadstimar. Seinare var han med som maskinpassar. Magne hadde ei særoppgåve og det var å demontere det fastrusta ankerspelet, som NHVL fekk overta, utan å knekkja delar. Dette gjorde Magne på sin rolege måte og det var ein stor dag då ankerspelet vart prøvekjørt og fungerte som «ei klokke»!
Utnevnt til æresmedlem på årsmøtet den 23. mars 2019.

magne_hellan.JPG
 

Kjell Harald Nedreaas, Askelandsvågen, har ivareteke oppgåva som sponsor koordinator for laget frå 2012. Dette har han gjort på ein framifrå god måte. Kjell har eit tillitsvekkjande språk, noko som sponsorane legg merkje til. Dette har gjeve mange gode tilskot til OSTER. Laget har dermed hatt ein god økonomi, som har blitt brukt til å halda skipet i så god stand at det oppfyller krava til å ha passasjersertifikat. Denne kløkta å kunne formulera ein søknad om økonomisk tilskot, slik at den blir godt motteken av den eventuelle sponsoren er noko av det vanskelegaste med det frivillige arbeidet. Dette har Kjell Harald vist at han beherskar fullt ut. Styret vil foreslå for Årsmøtet at tida er komen for å heidra Kjell Harald fordenne verdifulle jobben ved å utnemna han til Æresmedlem iNordhordland Veteranbåtlag.Styret håpar at Kjell Harald blir aktivt med i laget, i mange år framover.

Utnevnt til æresmedlem på årsmøtet den 11. mars 2023.

 

Jakob Holme, Modalen, tok til ombord på D/S OSTER sommaren 2012. Jakob har segla med fraktebåtar i kyst- og fjordafart i heile arbeidslivet sitt. Han er farvannskjent som få og OSTER har ikkje vore på ein einaste plass, med Jakob som kaptein, utan at han har vore der tidlegare. Jakob har vist seg å vera ein samvittighetsfull og omgjengeleg kaptein, som har god kontakt både med passasjerane og mannskapet. Han har ført OSTER på ein trygg måte og utan uhell av noko slag. Jakob er også dyktig til å orientera dei reisande over høgtalaren etterkvart som reisa skrider fram. Han er også ein ivrig dugnadsmann, som tek aktivt del i vedlikehaldet som pågår om bord i vinteropplaget. I fjor vinter gjorde han ein kjempejobb med å byggja oppatt dei 3 toalettrom-dørkane. Styret vil foreslå for Årsmøtet at tida er moden for å heidra Jakob, ved å utnemna han til Æresmedlem i Nordhordland Veteranbåtlag. Styret håpar også at Jakob blir aktivt med på OSTER i mange år framover.

Utnevnt til æresmedlem på årsmøtet den 11. mars 2023.

 

Arthur Brekke, Kalandseidet har vore aktivt med i OSTER-prosjektet frå år 2000. Ved presentasjonen av Gamle Dampen på Nordsteam 2000, hadde Arthur fått klarert med leiinga i Posten at D/SOSTER skulle vera postførande. Kontrakta og postflagget var klargjort og med ein seremoni på Shetlands-Larsens Brygge vart kontrakta underteikna og flagget overlevert. Seinare, når behovet var der, tok Arthur seg av å vera OSTER sin postmann. Han deltar også i salet av effektar og har vist seg å ha gode talent med dette. I Postkontoret har han eit eige opplegg for born, der dei får prøva seg både med stempel og lakksegl. På årsmøtet i 2012 vart han valgt inn i styret, der han fortsatt er med. Arthur har tatt seg av å vera referent for styremøta. Han har lagt ned ein stor innsats i Lagsgruppa med å ta i bruk Vipps og Ticketco, for kiosk- og billettsalget. Ticketco har gitt nye muligheter for førehandskjøp av billettar. Dette har vore eit steg inn i den moderne tida, som gir ei betre oversikt og eit enklare system for laget og kundane. Det er ekstra gledeleg at fruen hans, Torhild, er med i byssegjengen om bord. Styret meiner at nå er tida moden for å heidra Arthur ved å utnemna han til æresmedlem i Nordhordland Veteranbåtlag.

Styret håpar også at Arthur blir aktivt med i laget, i mange år framover.

Utnevnt til æresmedlem på årsmøtet den 11. mars 2023.

 

Hans Kristian Bukholm, Bergen hadde mange gode minner frå gutedagane sine om reisene med OSTER til familien si hytte på Fjellskålnes. Han syntes det var for gale då båten ikkje kunne gå i rutene lenger pga. kjelen svikta. Han tjuvlånte familien sitt fotoapparat og sneik seg innom porten hos Mjellemen og tok mange bilder før OSTER vart bygt om til fraktebåt. Hans Kristian og 2 kameratar følgde Vaka på avstand og dei drøymde om at båten ein dag skulle bli restaurert til dampbåt. Etter 30 år som m/s VAKA var tida for den 87 år gamle fraktebåten over og båten vart avertert til salgs, både innanlands og utanlands. Hans Kristian fekk vite om dette og fekk laga eit oppslag, saman med journalist Eliassen i Bergens Tidende, i november 1995. Bodskapen var krystallklar: Skulle dampskipet OSTER gjenoppstå, så måtte det skje no ! Utan Hans Kristian sitt engasjement, så hadde det neppe blitt noko restaurering av Gamle Dampen OSTER.

Se ellers under HISTORIE

Styret i Nordhordland Veteranbåtlag vil tilrå for Årsmøtet at det utnemner Hans Kristian til Æresmedlem i laget.

Utnevnt til æresmedlem på årsmøtet den 11. mars 2023.

 

Foto av W. Waage og L. Askeland: Hans K. Bukholm
Foto av M. Tepstad, A. Dyrkolbotn og I. Medaas: Munck Film AS.
Foto av Servatius Strik: Knut A. Høyland
Foto av Erik Småland: Gunnar B. LehmannFoto av Odd Lillejord: Karstein Stene
Foto av Hans Brandtun: Privat
Foto av Roald Kaland, Roald Moldekleiv: Knut A. Høyland
Foto av Bjørg og Arnt O. Veland: Karstein Stene
Foto av Kåre Taule, Vidar Lehmann, Karstein Stene, Tor J. Bjørgaas og Magne Angelskår: Eilif Stene
Foto av Tor Vabø: privat
Foto av Svein Mostraum: privat
Foto av Jan Ulvøy: privat