D/S OSTER går frå Fonnes søndag 13.8.2023 kl. 1000, første rutestopp er Furnes med avgang kl.1115. Neste rutestopp er Skjerjehamn med avgang kl.1145 og framkomst til Eivindvik ca. kl. 1215. Retur ca. kl. 1330 frå Eivindvik til Skjerjehamn med framkomst ca. kl. 1400. Avgang frå Skjerjehamn kl. 1500, til Furnes kl. 1530 og framkomst Fonnes ca. kl. 1700.
Du kan reservere plass på Oster ved kjøp av billett, gå inn på heimesida til Nordhordland Veteranbåtlag, seglingsplanen, eller betale om bord på Oster.
Bill.pris for tur til Gulen; Frå Fonnes tur/retur kr 500,- Frå Furnes tur/retur 350,- Frå Skjerjehamn tur/retur kr 250,- Born halv pris.
Frå Fonnes ca. kl. 1700 med framkomst til Bjørsvik ca. kl. 2100.
Bill.pris Fonnes – Bjørsvik; Kr. 200 for vaksne og 1/2 pris for born 3 - 16 år.
Vi har med lokale guidar som informerer undervegs og som og tek seg av informasjonen i Eivindvik. På turen er det mogeleg å kjøpe betasuppe, kaffi, vaflar, is, brus, postkort og diverse profilklær med Oster motiv. Postkontoret om bord på Oster vil vere open heile dagen. Der kan ein få datostempla kort/ brev med motivstempel av Oster. Postkontoret vil ha eit eige opplegg for born som er med på turen.
Velkommen til ein hyggeleg dagstur med D/S OSTER