Restaureringa av D/S OSTER - Status og vidare planar pr. november 2003

av Tor J. Bjørgaas og Vidar Lehmann

Statusrapport i styremøtet den 20. november 2003

a). Plateskift i vannlinja på bb.baug og frå akterste spanterom i lasterommet på bb., og akterover i 40 cm høgd inn til maskinrommet, i platas lengde.

b). Sett inn ny botnventil for brannpumpe og 2 overbordsventilar, for lensing og frå avløypet frå hjelpekondensatoren.

c). Lense- og brannvannsystema skal verta ferdige før avg. Mastrevik den 28. november

d). El. installasjonen går for fullt, inkl. omnar, belysning, radar og lensepumpa.

e). Radar, ex M/F Jondal, er på plass og skal verta driftsklar for avg. Mastrevik

f). Lyskastar, ex. M/S Vaka er montert

g). Rett type natthus, som er ei gåve frå Svein Mostraum, er ogso montert.

h). Dørken er lagt i akterskipet og dørklegging pågår i forskipet.

i). Magne Angelskår har følgt opp med priming/måling under opphaldet i Mastrevik, har har 300 dugnadstimar og fortener ein STOR applaus for dette umåteleg store arbeidet ! (...og her klappa styret for den gode mann Magne).

j). Ankerspelet vart flytta 57 cm forover og damprører fekk ein meir diskret trasè, med ei sløyfe framom sb pålert.

Tor


Restaureringa av D/S OSTER – Status og vidare planar pr. november 2003

Siste året har arbeidet hatt sterk framgang.
Frå hausten 2002 til sumaren 2003 er dette gjort:

Båtdekket: Det er tilkome spilebenkar, rekkepresenning, livbåtdekslar, portar/trapper på bruvingane, gelender på dekkshuset og ei omfatande oppgradering av styrehuset.

Hovuddekket: Det er sett opp panelt akterskott med originale vindauge og teakdør, spilebenk- ar, gelender. Trappa til båtdekket har fått messinghandre og byssa er innreidd, m.a. med ved-/kolfyrt komfyr. Skansekledningen og rekkeportane er utbetra for korrosjon, på fordekket er installert gjøsstang, dampwinsj og dampankerspell. Diesel-dekksmotoren er fjerna.

Maskinromet: Det er gjennomført omfatande utskifting/oppgradering av slitne komponentar, som lager, stag og stempelringar, modifisering av røyr-/pumpeopplegg på kondensatorsida, utbetring av trustlager, gelender og barriere mot rørlege maskindeler, installasjon av smørje- apparat og full gjennomgang og godkjenning av dampkjelen, som m.a. nå er sikra med stålbeslag i forkant. Maskineriet går nå mykje rolegare og lettare.

Båten har hatt mellombels passasjerløyve i sumar og har gått fleire turar. Både tekniske og andre tilhøve har fungert svært tilfredsstillande.

I tida 7. september - 28. november har båten lege ved Mastrevik Mek. Her er utført:
Full reingjering, gjennomgang og utbetring av skroget, inkludert attstående rustfjerning og overflatebehandling, innsetjing av 34 lysventilar, oppsetjing av skott mellom lasterom og forskip, fornying av rennesteinar og av tilstøytande dekksplankar på hovuddekk, tillaging av delte dørar på ytterskott av hovuddekk, naudutganger på for- og akterskip og installasjon lensesystem, hydrantar, atmosfærisk kondensator for hjelpemaskineriet, varmtvatntank og bjelkestøtter for ballast, tilkopling av dampdrive hjelpemaskineri til generator og brann-pumpe, oppgradering av-/røyrføring frå vasstankanlegga i forskipet, installasjon av radar, natthus, ljoskastar, elektriske tavler og sikringsboksar, framføring av kablar/ledningar og oppsetjing av innvendes og utvendes ljos, lanterner og varme, montering og justering av dørkbjelkar og luker, legging av dørk i for-/akterskip, botnsmøring og stabilitetsutrekningar.

Det som står att er nå i hovudsak innreiing av førsteplass-salong og to lugarar i akterkipet, ein andreplass-salong og fire lugarar i forskipet, etterklinking på hovuddekket sine ytterskott og mindre omfatande innreiingsarbeid på hovuddekk.

I november 2003 er signert kontrakt med Hardanger Fartøyvernsenter for innreiinga av akterskipet, dit skipet går for eiga maskin 29 november. Ein har og førebudd, men ennå ikkje kontraktfesta forskipsinnreiinga, avdi ein enno manglar finansiering for dette. Ein vonar at dette let seg ordna i tide før innreiinga av akterskipet er ferdig, slik at innreiinga av forskipet kan utførast i direkte framhald av same opphaldet i Norheimsund. Å få gjort desse to arbeida under eitt gir store innsparingar i pengar og tid. For å greia dette, treng ein innan stutt tid nye tilsagn/tilskot i storleiksorden kr. 1.000.000.
Går så dette i orden , kan etterklinking av hovuddekket sine ytterskott bli gjorde når sumar- drifta 2004 er over. Fleire turar er alt nå førebels avtalt. Vinterhalvåret 2004-5 kan så nyttast til attståande innreiingar på hovuddekk og til førebuing for sertifisering.

Målet er at D/S OSTER skal vera ferdigrestaurert til sesongen 2005, og då kan presenterast i full bunad som eit representativt regionalt maritimt kulturminne.

Ostereidet/Bergen nov 2003
For styret i NHVL: Tor J. Bjørgaas/V.Lehmann (sign)