Seglingsreferat for d.s."Oster" sommaren 2002:

Første turen gjekk frå Mastrevik Mek. den 19. april til Fartøyvernsenteret
i Norheimsund, med stopp for natta, ved Framo sitt anlegg på Flatøy. På
turen utførte mannskapet mykje godt arbeid under leiing av båsen, Vidar.
Den 15. juli gjekk returen direkte frå Norheimsund til Bjørsvik i eit
nydeleg sommarver. Mange småbåtar var ute denne dagen og det vart helsa med
fløyta både titt og ofte.
Dei to vekene som "Oster" låg i Bjørsvik vart nytta til å gjera båten
presentabel. Båten var rydda, vaska og mala både innan- og utandørs.
Den 2. august gjekk turen til Bergen. Eit brurepar med gjestar og prest kom
ombord. Vigslinga skjedde på fordekket medan "OSTER" gjekk for sakte fart
nordover Byfjorden, i eit nydeleg sommarver. Etterpå sette me presten og
organisten på land på Salhus og gjekk til Hjellvikvåg, der brureparet med
gjestar gjekk på land.
"Oster" gjekk etterpå til Flatøy og låg der til neste morgonen.
Den 3. august gjekk turen til Bergen for presentasjon av "Oster" for
myndigheiter, pressa og publikum. På ettermiddagen gjekk turen direkte til
Hosanger. På denne turen hadde me med passasjerar og på Hosanger fekk dei
frammøtte koma ombord og sjå seg om. Frå Hosanger gjekk turen til
Ostereidet, der Ostereidet Bygdelag hadde skipa til kaifest i glede over at
både kaien og "Oster" var nyrestaurerte. Meir enn 200 personar deltok på
kaifesten og alle tok ein tur ombord for å sjå nærare på båten.
Den 4. august gjekk turen frå Ostereidet til Mo. "Oster" var innom Tysse,
Vikanes og Romarheim på turen innover og Tysse og Molvik på returen. Mange
hadde møtt fram på kaiane og dei fekk koma ombord og sjå seg om. Tiltrass
for ei kraftig regnbyge då me kom til Molvik, så hadde alle i bygda møtt
fram på kaien.
Returen gjekk til Bjørsvik.
Den 10. august, ut på ettermiddagen, gjekk turen til Hjelmås, der det var
kaifest. Veret var fint og mange var med på festen.
Den 11. august gjekk turen rundt Osterøy. Første stopp var på Hylkje, der
mange hadde møtt fram. På Valestrandsfossen vart "Oster" motteken med
flagging og hornmusikk og stort frammøte av bygdefolket. Mange følgde med
til Haus der det også var stort frammøte. Det vart knapt med tid til å
svinga bortom Garnes og helsa på Gamle Vossebanen sitt veterantog med
"Oster"-fløyta,men det heldt akkurat med eit par minuttars margin.
Lokomotivet "Georg", besvarte helsinga med dampfløyta si. Lokomotivet har
fått namn
etter Georg Friedl på Nesttun, som trufast spanderte 11 år på å restaurera
det.
"Oster" gjekk vidare til Bruvik og til trass for at det regna friskt hadde
mange møtt fram for å ta i mot "Oster", som kom attende til
Sørfjordsbygdene  etter 39 års fråver.
På Vaksdal hadde også mange møtt fram og fleire følgde med til Stanghelle.
På Stanghelle stod også velkomstkomiteen på kaien, med  Alf Høyland i
spissen.
Turen gjekk vidare til Stamnes, Eidslandet og Gammersvik. På alle stadene
var det godt frammøte og folk lika å koma ombord og sjå seg om. Fleire
følgde med frå Stamnes og til Eidslandet og Gammersvik
Lagsgruppa hadde salgsapparatet med og det vart selt profileringsartiklar.
Omlag 20 minuttar før me var attende i Bjørsvik gjekk lågtrykksveivlageret
varmt og havarerte. Turen gjekk vidare med sakte fart og me kom til
Bjørsvik omlag 20 minuttar etter ruta.
Den 17. august var veivlageret reparert og turen gjekk som planlagt, t/r
Fonnes. På Fonnes hadde dei Kystkulturdag og "Oster" var bestilt til å vera
med eit år i førevegen.
Veret var flott og arrangementet vart vellukka med mange besøkjande.
Laurdag den 24. august gjekk turen til Kulturdagane på Holmeknappen i
Meland. Dette arrangementet gjekk over 2 dagar og me returnerte sundagen.
Veret var det aller beste denne helga og arrangementet vart godt besøkt og
vellukka.
Den 14. september gjekk turen frå Bjørsvik, via Hosanger og Salhus, til
Bergen. Denne dagen fekk "Oster" liggja ved den gamle kaiplassen sin ved
Bryggen, heilt innerst i hopen nærmast Rundetårnet. Denne dagen låg det 7
gamle rutebåtar langs Bryggen, i tillegg til d.s. "Oster" var også m.s.
"Granvin", "Atløy", "Tansøy", "Midthordland" og
ferja "Skånevik". M.s. "Bruvik" låg like utanfor ved Dreggekaien.
På ettermiddagen hadde "Oster" ein tur til Kleppestø og Askehamn på Askøy
med passasjerar og med retur til Bryggen.
Sundag den 15. september var det fellestur for 6 veteranbåtar til Mo.
"Oster" var innom Hosanger, Ostereidet og Tysse på vegen innover. Returen
gjekk via Ostereidet og Hosanger til Bjørsvik. Dette arrangementet vart
svært vellukka med eit nydeleg ver og mange reisande med båtane og mange
som tek seg inn til Modalen med veteranbuss eller eigen bil. Folketalet i
Modalen vart ti-dobbla denne sundagen til omlag 3000 personar.

Den 16. september vart vatnet blåst av kjelen og seilasane for året 2002
var definitivt over.

Helsing Tor