KLIKK HER FOR NYHEITSARKIV 2000 - 2001 - 2002 - 2003 - 2004 - 2005 - 2006 - 2007 - 2008 - 2009 - 2010

Kjære medlemar og støttespelarar !


Året 2012 nærmar seg slutten og det kan vera på sin plass med eit tilbakeblikk på korleis
OSTER og Nordhordland Veteranbåtlag, NHVL, har hatt det i dette året.


Den største jobben under det siste vinteropplaget var oppussinga av spilebenkane på
promenade- dekket. Eikespilene hadde blitt temmeleg svarte og det måtte eit storarbeid til, med
tjukkelseshøvling på alle 4 kantane av dei 550 spilemetrane. Etterpå vart det smurt inn med
6 strøk lakk og benkane ser no ut som møbel.

Den første turen i år var heilt spesiell, då OSTER hadde fått i oppdrag å transportere den
sjarmerande og populære ordføraren i Bergen, Trude Drevland, trygt inn Vågen, til opninga av det
nye Torget. Dette vart ein uforgløymande tur for alle og sjølv vergudane gleda seg over synet av
ordføraren som var ein ekte og levande gallionsfigur på baugen og vergudane sleppte likså godt
ned nokre gledestårer då OSTER sakte dampa innover Vågen!

Torgdagen i år vart ein stor suksess, med eit strålande ver og OSTER fekk igjen liggja ved den
gamle kaiplassen sin, Bryggen. Det fine veret gjorde at mange ville vera med til byen og OSTER
hadde fullt passasjertal då han gjekk ifrå Hamre. Salhusfolket vart hjelpne av GRANVIN, som
svinga innom kaien, då han kom i ruta frå Austrheim.

Det vart ein del blåturar før sommarferien og jonsokafta vart det tur frå Bergen, på ettermiddagen,
til Lyngheisenteret. Der fekk passasjerane vera med på bålbrenning før returen til byen seint på
kvelden. Dei tre etterfølgjande sundagane gjekk OSTER frå Bergen, gjennom Straumane eller Den
Indre Farleia som det også hei ter, til Lynghei- og Utvandrarsentra. Dette er ein tur, som går i ei av
dei finaste leiena her i landet vårt.

Etter sommarferien vart det arrangert Fjordsteam 2012 i Stavanger. Frå arrangementskomiteen
vart det skrytt mykje av OSTER og skuta fekk heiders-kaiplassen innerst ved Strandkaien. Det vart
også ein fellestur for dei deltakande båtane til Lysefjorden og Preikestolen og OSTER vart fullsett
med blide passasjerar.

Den årlege turen til Fensfjorden har utvikla seg frå å vera ein dagstur, tur l retur, til Kystsogedagen
på Fonnes til å bli eit fleire dagars besøk i området. I år vart det oppdrag for OSTER både torsdag,
fredag, laurdag og sundag. Til trass for eit skiftande ver desse dagane, så vart passasjerbelegget
godt og gav ei god inntening til NHVL sin slunkne pengekasse.

I slutten av august vart det halde Oljemesse i Stavanger og OSTER vart hyra inn av det same firmaet
for 5. gongen. Oppdraget vart også denne gongen vellukka både for leigetakaren og
for OSTER.

Den 9. september vart 2012-seglings-sesongen avslutta med den tradisjonelle Modalsturen.
Denne turen har blitt populær og OSTER hadde ekstra godt belegg ut frå Bergen iår og fekk fullt
passasjertal etter kvart. Returen for dei som skal i retning Bergen skjedde også i år i samarbeid
med BNR-Veteranbuss, med ein full buss frå Vikanes. Ombord på D/S OSTER vart det slått
Vel i Maskina kl. 20.28 og seglingssesongen 2012 var komen til endes.

2012-sesongen har vore ein god sesong, med turar som har gitt inntekter som trengst for å halda
OSTER i drift. På utgiftssida har me sluppe utgifter til å dekka skader på OSTER eller andre.
Dette er takka vera den kompetente gjengen som gjer teneste som dugnads-mannskap ombord.
Med eit slikt mannskap går OSTER ei lys framtid i møte.


Så vil eg ønskja dykk alle ei God Jul og riktig Godt Nyttår,
med takk for året som har gått.
Vel møtt ombord i 2013 !

Med venleg helsing
Tor ]ohannes Bjørgaas
Leiar i Nordhordland Veteranbåtlag

Klikk her for Julehelsinga i pdf format >>>

 


D/S OSTER i Fensfjordområdet den 18. og 19. august 2012.

Laurdag 18. august:
D/S OSTER går frå Fonnes kl. 16.00 til Nesbø kl. 18.15. Takst kr. 100.

Frå Nesbø kl. 18.30 og innover Hindenesfjorden til Eidatræet - Heltveitområdet og attende på Nesbø kl. 21.00
Dette er ein unik tur som viser kor fint den grøne og frodige Stranda tek seg ut frå sjøsida.

Takstar:
Vaksne kr 150,- / Born under 16 år = 1/2 pris.


Sundag 19. august:
D/S OSTER går frå Nesbø kl. 09.00, Fonnes kl. 11.00 til Furnes kl. 12.00.
På Furnes er det kaifest frå kl. 12.00 - 16.00
Frå Furnes kl. 14.00 og vil gå vidare gjennom Brandanger- og Kvigesundet, passera gjennom Eivindvik havn,
forbi Skjerjehamn m/Olavsstatuen, til Fonnes kl. 17.00. Buss frå Fonnes X kl. 17.20, til Knarvik kl. 18.25 og Bergen kl. 19.21

D/S OSTER går frå Fonnes kl. 17.00 via Straumane til Bjørsvik kl. 21.00. Det kan avtalast ilandstigning i Knarvik ved 19.45-tida.

Takstar:
Nesbø - Furnes - Eivindvik - Skjerjehamn - Fonnes = kr 300,-
Fonnes - Furnes - Eivindvik - Skjerjehamn - Fonnes = kr 200,-
Fonnes - via Straumane til Bjørsvik = kr 150,-
Born under 16 år = 1/2 pris.

Ostereidet, 30.07.2012
Styret

Klikk her for .pdf >>>