KLIKK HER FOR NYHEITSARKIV 2000 - 2001 - 2002 - 2003 - 2004 - 2005 - 2006 - 2007 - 2008 - 2009

 

Julehelsing 2010

Kjære medlemar i Nordhordland Veteranbåtlag !

Året 2010 nærmar seg slutten og me går straks inn i adventstida og førebuingane til jule- og nyttårshelga vil koma i gang for alvor. Året me har bak oss, har vore eit svært vellukka år for OSTER.
Sesongen begynte med 2. Pinsedags-turen til Storebø i Austevoll. Seinare gjekk det slag i slag med Blå-turar, Torgdagen i Bergen og turane til Lynghei- og Utvandrarsenteret.

Fjordsteam-2010 i Florø vart utan tvil, høgdepunktet i sesongen. Der var det samla heile 44 veteranbåtar av ymse slag. Arrangementet vil bli huska for den gode stemninga som rådde på desse 4 dagane i Florø.
Dagane i Florø gjekk fort unna, men det vart passasjerturar både til Kinn og Kalvåg og OSTER var fullsett på begge turane.

Etter Fjordsteam hadde ATLØY, GRANVIN og OSTER ein paradetur inn Sognefjorden. Det vart overnatting i den gjestfrie Sørbøvågen, i den vakre turistbygda Balestrand, i turistmagneten Flåm, i dramatiske Gudvangen og tilslutt i den trivelege Arnafjorden. Det vart teke med   passasjerar på fleire av desse etappane. OSTER avslutta desse 11 dagane på tur, med Kystsogedagen på Fonnes.

OSTER har iår hatt 2 turar til Stavanger , ein tur i juni og ein i august månad.
På tampen av sesongen var OSTER med på Bønder i Bydn og Kulturnatta 2010. Det endelege punktumet vart sett med Modalsturen den 12. september og ein dobbel 60-årsdag for ein av støttespelarane m/frue lørdag den 18. september.

No ligg OSTER i vinteropplaget og blir stellt med, slik at han skal vera i førsteklasses stand til den nye sesongen tek til att i mai neste år.

Så vil eg ønskja deko alle ei GOD JUL og eit RIKTIG GODT NYTTÅR, med takk for all innsats og støtte i året som har gått.

De er alle hjarteleg velkomne ombord i 2011.

Med venleg helsing
Tor Johannes Bjørgaas
Leiar i Nordhordland Veteranbåtlag