KLIKK HER FOR NYHEITSARKIV 2000 - 2001 - 2002 - 2003 - 2004 - 2005 - 2006 - 2007 - 2008

 

Julehelsing 2009

Kjære medlem i Nordhordland Veteranbåtlag !

Året 2009 har gått unna med ekspressfart og me er igjen komne fram til den travle førjulstida.

For D/S OSTER har sesongen 2009 har gått fint og seglingsprogrammet var noko rolegare enn i jubileumsåret 2008 og langtursåret 2007.
Det kan nevnast at i 2009 brukte OSTER omlag 40.000 liter bunkersolje, mens det gjekk med  heile 60.000 liter då OSTER besøkte Oslo og Gøteborg i 2007.

Turane i sommar gjekk greitt, men det vart uheldigvis eit driftsavbruddpå 2,5 veker då propellakslingen knakk.
Maskineringa av den nye akslingen ved Bergen Group Laksevåg gjekk heilt utan overaskelsar og akslingen passa perfekt ved monteringa og turen med eit brudepar dagen etter at reperasjonen var fullført kunne gå som planlagt !

August vart ein roleg månad, men slik var det for dei andre veteranbåtane også.

I september kom maskinistkurset i gang, med 21 påmelde. 11 av desse kom ifrå OSTER.
Dette kurset vil sikra OSTER kvalifiserte dampmaskinistar langt inn i framtida.

2010-sesongen vil bli ganske lik dei føregåande åra, med Austevollstur på 2.pinsedag, Torgdag den 12. juni og turar til Lygra og Sletta i månadsskiftet juni/juli.
I tillegg til desse oppdraga blir det Blåturar, Familieturar med Bursdagsbesøk og Bryllup.
 
I Florø skal det arrangerast Fjordsteam-2010 i dagane 4. – 7. august.
Seinare kjem Kystsogedagane på Fonnes, Herdla og Holmeknappen.

I Stavanger blir det Oljemessa-2010, i dagane 24. – 27. august. OSTER er blitt leiga 3 gonger til olje-messa og det blir på same måten denne gongen også !

I vinteropplaget skal OSTER få det ettersynet som må til for at den neste sesongen skal gå knirkefritt.
Dette gjeld både det tekniske og å gjera Dampen so Blankpust og Fin at han lyse.

Vel møtt ombord til trivelige dugnadsøkter i vinteropplaget og til flotte turar til sommaren !

Så vil eg ønskja dykk alle ei GOD JUL og eit RIKTIG GODT NYTTÅR med takk for året som har gått.  

Med venleg helsing
Tor Johannes Bjørgaas
Leiar i Nordhordland Veteranbåtlag


Julebordet 2009


Tradisjonen tru vart det halde julebord for æresmedlemane, dei tillitsvalde og dugnadsgjengen sist fredag, den 20. november.

Det var dekka på for 65 personar i Nordgardsløa på Frekhaug og Karstein Stene var kjøgemeister.
Det vart servert den vestlandske julematen, Pinnekjøt med riskrem til dessert. Julematen smaka framifrå godt og seinare var det kaffi og kaker

Festkommiteen hadde laga til eit fint songhefte og det vart sunge mange songar.
I tillegg til leiaren sin obligatoriske tale var det fleire som hadde ordet og dei hadde mellom anna betraktningar om livet ombord på OSTER.

Magne Angelskår, som vart utnemt til heidersmedlem på årsmøtet i vår, fekk utlevert eit våpenskjold med navnet sitt på.
Slike våpenskjold har laget delt ut til alle æresmedlemane.

Etter at utlodninga med trekning var gjennomført vart julebordet avslutta og festdeltakarane sette kursen heimover.

Klikk her for å sjå bilete >>>


Støtt D/S OSTER når du tippar eller spelar lotto

Det kostar ikkje noko ekstra, og slik gjer du det;

• Du kan gå rett til tippedisken hos kommisjonæren, på Internett, mobilen eller på speleterminalane. Der søkjer du opp laget, og aktiverer dette som grasrotmottaker av innsatsen din.

• Bruk org.nummeret: 983 395 430. Gje opp dette hos kommisjonæren, eller taste det inn om du nyttar nokon av dei elektroniske speletenestene.

• Du kan og søke fram laget på norsk-tipping.no. Der fyller du ut ein eigen blankett med strekkode på. Denne tek du så med deg til ein kommisjonær for registrering. Dermed syter du for at det dryp litt på laget kvar gang du leverer ein Lotto-kupong eller eit anna spel hos Norsk Tipping.

 


D/S OSTER til Fjordsteam 2010

Det har kome invitasjon frå Atløys Venner til OSTER om å vera med på Fjordsteam 2010 i Florø neste år.

Arrangementet vil pågå i dagane 4. - 8. august og det tilsendte programmet ser interessant ut. Florø by fyller 150 år i 2010 og håpet er at D/S STAVENES skal koma dit for eiga dampmaskin. Dette vert spanande !
Styret i Nordhordland Veteranbåtlag svara positivt på henvendelsen.

Klikk her for meir info om Nordsteam 2010 >>>