KLIKK HER FOR NYHEITSARKIV 2000-2001-2002-2003-2004-2005-2006-2007

D/S OSTER fekk på seg vinterhabitten 28.11.2008
(Foto: Knut Arne Høyland)

I mai 2009, når "vårsoli blenkjer i bakkane" so er Gamle Dampen atter klar for ein ny seglingssesong i fjordar og sund.


"Fylkesbaatane gjennom 150 år".

Kulturkveld på Bergens Sjøfartsmuseum v/ skipshistoriker Per Alsaker
Tirsdag 2. desember 2008 Kl. 19.00-21.30

Enkel bevertning. Konkurranser m. premier fra Fjord1
Orientering om MS Atløy (1931), DS Stavenes (1904) og MS Svanøy (1925)


Voksne 30 kr.
Barn/stud. gratis
Åpent for alle!

Klikk for Bergen Sjøfartsmuseum annonse i .pdf her >>> [4,7MB]
klikk for Fjord1 annonse i .pdf her >>> [860KB]


Nordsteam 2008 - til alle deltakende båter!

Gled dere i all ettertid dere som deltok i Nordsteam 2008

Nordsteam 2008 ble kystkulturens store folkefest. I fem dager begeistret nærmere 100.000 mennesker seg over hva de så og hva de fikk være med på. Et profesjonelt filmarbeid er utført for å gi en underholdningspakke så nær opp til deltakelse som mulig. Fra de glade dagene i august får vi oppleve festivalen med dens høydepunkter, båtene, folkelivet og de rullende klenodiene. Terningkast 6 fra folkejuryen. Denne DVD er så bra at du bare må se den om og om igjen. Fantastisk filming og flotte musikkinnslag.

Det vil være en fin julegave som svært mange vil ha glede av. Utsalgsprisen for Nordsteam DVD 2008 er kr 250,- pr. stk. + porto. Kr 200,- pr. stk. for kjøp av etterfølgende. NB: Pris etter avtale ved kjøp av større parti.

Filmen har et sammendrag på 20 minutter, og deretter menyinnhold på 1 time.

Ta kontakt for bestilling på e.post: post@nordsteam2008.no eller ved å ringe Alf Kåre Olavesen på tlf: 971 56 576, Arne Rødeseike på tlf: 982 03 768

NB: Klikk her for å se DVD cover i .pdf format >>> [2MB]


Hundreåringen D/S OSTER har gått i vinteropplag
25.09.2008 (Tekst: Tor Johannes Bjørgaas - Foto: Petter H. Fosse)

Sist laurdag gjekk D/S OSTER i vinteropplag i Bjørsvik, etter at ein travel sommarsesong var vellukka gjennomført.

Det har blitt 2 turar til Stavanger og 2 turar til Skjerjehamn, med mange turar i nærområdet rundt Bergen.
Ein av dei mest populære opne turane var turen frå Nesbø og innover Hindenesfjorden, like inn til Kvammo – Eiatreet – Heltveit. Det er ingen som har hørt at OSTER har vore her tidlegare.  Etter oppslutninga om turen og mottakelsen i fjordbotnen, så kunne det tyda på at nokon hadde venta i 100 år på at OSTER skulle visa seg her!

Hundreåringen vil i vinter bli pleia av kjærlege hender og vera klar for ein ny sommar tidleg i mai 2009.

Med venleg helsing
Tor Johannes Bjørgaas
Leiar i NHVL


D/S OSTER har fått passasjersertifikat
24.09.2008 (Tekst: Tor Johannes Bjørgaas - Foto: Petter H. Fosse)

I slutten av mai månad fekk D/S OSTER utstedt eit passasjersertifikat for dei neste 5 åra, betinga av årleg fornying i forbindelse med den årlege slippsetjinga.


Styret i laget vil retta ein hjarteleg takk til vår tekniske konsulent, Arvid Løndal, for hans innsats for å få passasjersertifikatet på plass.
Sertifikatet gjeld for inntil 99 passasjerar i fartsområde 2.


D/S OSTER grunnstøtte ved Fitjarøyene
08.07.2008 (Tekst: Tor Johannes Bjørgaas - Foto: Per Egil Larsen)

Den 18. juni gjekk OSTER frå Bjørsvik ved 09-tida og la ut på det som skulle bli den lengste turen denne sommaren. Etter å ha vore innom Bernes og Leknes gjekk turen til Nygårdsviken, der me tok om bord overlevingsdrakter til mannskapet ( - ). Ingen visste då at det nesten skulle bli bruk for desse !

Ved 12-tida var me ferdige i Nygårdsviken og kursen vart sett mot Kristiansand via Kobbeleia, Austevoll og Nyleia.
Kl. 1545 skjedde det fatale at OSTER bråstoppa i eit trongt sund i Fitjarøyane. Baugen løfta seg og OSTER la seg over til styrbord med ei slagside på bortimot 15 gr. Det vart straks konstantert at skipet var tett akterut og i maskinromet, men det hadde oppstått lekkasje på babord sida under 2. plassalongen og  lugarane. Lensing vart straks igangsett både med hovedlensepumpa og med begge dei to neddykkpumpne våre. Så lenge skipet stod på skjæret var vassinntrengninga moderat, men skulle skipet gli av skjæret kunne situasjonen bli værre.

Hendelsen vart rapportert til Hovedredningssentralen og eit redningshelikopter kom til ulykkesstaden med 2 kraftige lensepumper og ein redningsmann. Seinare kom også ei pumpe frå ein fraktebåt før 2 redningskryssarar kom med fleire pumper.

Sjøforsvaret sendte i første omgang ei havarigruppe som var under opplæring, under leiing av ein instruktør. Desse frigjorde  lekkasjestaden for dørkplank og sprengt betong og fekk god oversikt over skaden i skutebotnen, frå innsida. Dei sette straks i gang med å tetta sprukka i skutebotnen, med å banka inn trekilar.
Tilslutt kom kystvaktfartøyet K/V TOR tilstades og havarigruppa fekk avløysing.

Dei sette straks i gang med å styrkja tettinga i sprukka og 6000 liter bunkers vart også pumpa over til den eine redningskryssaren. Ved 2330-tida var det flo sjø og den eine redningskryssaren trekte D/S OSTER av.

Mannskapet frå K/V TOR var bekymra for at den sprukne plata skulle bli knekt ved avtrekkinga, men det heile gjekk mjukt for seg og plata heldt stand !
Straks etter at OSTER var trekt av, vart det dratt ei presenning over lekkasjestaden.
OSTER vart så slept i langsomt tempo til Dåfjorden. På dette tidspunktet klarte 2 av lensepumpene å ta unna lekkasjevatnet. Ved 0215-tida kom slepet til Dåfjorden og på den første floa vart OSTER sett opp på slippvogna og vart dregen på land.

Skaden vart straks inspisert av ein representant frå Sjøfartsdirektoratet og ein frå forsikringsselskapet.
Verkstaden hyra inn sveisarar frå Stord og dei arbeidde med det målet at OSTER skulle bli klar tidsnok til å vera med på bursdagsfeiringa si i Bergen den 28. juni.

Arbeidet gjekk unna med lange dagar og torsdag den 26. juni vart OSTER sjøsett og vart funnen å vera pottetett!
Fredag den 27. så hadde skutebunnen blitt dekka med betong, slik at ballastbalansen var på plass igjen og på ettermiddagen var også dørken klar slik at ved 15-tida takka OSTER for seg med å la dampfløyta blåse 3-lange OSTER-ul i det den seig ut av Dåfjorden !

Styret i Nordhordland Veteranbåtlag vil takka Dåfjorden Slipp v/Steinar Andersen for den måten han organiserte denne reparasjonen på.
Utan Steinar m/mannskap sin sporty innstilling og faglege dugleik ville det ikkje vera mogeleg å få OSTER klar så fort.

Eg vil også få takka alle som brydde seg om OSTER i desse dagane og gav uttrykk for dette via telefon og e-mailar, til mange av oss i styret. Det varma !

Eg vil ønskja alle som er inne på heimesida vår ein fin sommar !
Tor Johannes Bjørgaas
 Leiar i NHVL


Torgdagen 2008 i Bergen
14.06.2008 (Tekst: Karstein Stene - Foto: Knut Arne Høyland)

Her er D/S OSTER ved kai i Bergen under Torgdagen 2008, den 7. juni 2008.

Gamle Dampen er i det beste selskap, sagnomsuste M/S SANDNES, den gamle nattruta Bergen-Sandnes-Bergen ligg grøn og flott framføre baugen på D/S OSTER. Babord for D/S OSTER ligg M/S MIDTHORDLAND. Torgdagen i Bergen er ei årviss stemne.

Klikk på bilete for større versjon!


D/S OSTER - 1908-2008
10.11.2007 (Tekst: Karstein Stene)

Heimesidene våre er så mykje besøkt, at det er tydeleg av våre medlemer og andre ”der ute” er interessert i å fylgja med i Nordhordland Veteranbåtlags arbeid. Takk for utvist interesse!

Som alle nå bør vita, er vår felles sjøkulturelle skatt, D/S OSTER, 100 år i 2008. Åremålsbarnet skal feirast på mange vis, som seg hør og bør gamlingar.
Styret i NHVL har utnemnd nokre personar til å førebu og få gjennomført jubileet.
Det er.:
-Tor J. Bjørgaas, Vidar Lehmann, Vigdis Markussen, Karstein Stene og Erik Småland.
Nemnda hadde sitt første møte 18. oktober 2007 på Ostereidet.

Det var semje om mange jubileumsmomenter, desse er førebels innafor nemnda, men ein kan opplyse om at fylgjande momenter er fastlagt, og som me opplyser om her.:
-Torgdagen er i 2008 den 7. juni. Ein elles historisk dato. Dette skal vera den markante åremålsdagen. I slutten av juni månad kan det likevel verta laga til Festivitas. D/S BØRØYSUND kjem til Bergen då, og denne gamle travaren er ogso 100 år i 2008

Nemnda venter på nokre andre innspel før den kan laga det offisielle program då. Fylg med oss her på heimesidene frametter vinteren.
Merk av 7. juni 2008 for ein tur til Bergen.

Sommaren 2008 vert ein travel seglingssesong for Gamle Dampen. Det er fastsett eindel langturar, ma. 2 turar til Stavanger, tur til Kristiansand, og tur inn i vårt nordafylke, Sogn og Fjordane idet me har  planlagt tur til Skjerjehavn, ”Heilt Konge”  som staden vart kalla i sommar.

Jubileumsavisa. 
Denne er under full skriving, stofftilfanget er godt, ja, som vanleg er i slike høve går ein ut frå at det er så godt at noko må strykast.
Meininga er at dette skal vera ei avis som fengjer lesaren sin historiske interesse, i høve til fjordabåtkultur og anna som har si rot i sjø og hav.
Opplaget er 20.000 exempl. og skal vera ilegg i Strilen, Nordhordland og Bygdanytt, i tillegg til at våre gjestar om bord i D/S OSTER vil få avisa der. Gratis.

Som mange gonger tidlegare nemnt, tek ein gjerne i mot innlegg frå medlemer, det må vera stoff som omhandlar fjordabåtkulturen, eller det som naturleg høyrer til denne, t.d. minnereiser Nordhordland-Bergen og v.v.