KLIKK HER FOR NYHEITSARKIV 2000-2001-2002-2003-2004-2005-2006
Gode ynskjer for Jula 2007
04.12.2007

I post til medlemene i NHVL har leiaren skrive følgjande helsing.:

Jula 2007


Styret i Nordhordland Veteranbåtlag vil takka alle medlemene i året som har gått.
Høgdepunktet i dette året var sjølvsagt turen til Gøteborg via Oslo. Dette er
D/S OSTER sin lengste tur nokonsinne!
Dei  beste ynskje for ei god jul og eit riktig godt nyttår.
Me gler oss til jubileumsåret 2008.

for Styret i NHVL
Tor J. Bjørgaas
leiar

Så vil leiar og styret retta same gode helsingar til alle som er innom våre heimesider.
Når me kjem ut på nyåret vil det koma meldingar av alle slag på heimesidene, det vert mangt å markera i jubileumsåret 2008.

NB: NHVL oppmodar alle som er interessert i D/S OSTER og veteranbåtdrift om å melda seg inn som medlem hjå oss.
Hjarteleg velkomne!

D/S OSTER - 1908-2008
10.11.2007 (Tekst: Karstein Stene)

Heimesidene våre er så mykje besøkt, at det er tydeleg av våre medlemer og andre ”der ute” er interessert i å fylgja med i Nordhordland Veteranbåtlags arbeid. Takk for utvist interesse!

Som alle nå bør vita, er vår felles sjøkulturelle skatt, D/S OSTER, 100 år i 2008. Åremålsbarnet skal feirast på mange vis, som seg hør og bør gamlingar.
Styret i NHVL har utnemnd nokre personar til å førebu og få gjennomført jubileet.
Det er.:
-Tor J. Bjørgaas, Vidar Lehmann, Vigdis Markussen, Karstein Stene og Erik Småland.
Nemnda hadde sitt første møte 18. oktober 2007 på Ostereidet.

Det var semje om mange jubileumsmomenter, desse er førebels innafor nemnda, men ein kan opplyse om at fylgjande momenter er fastlagt, og som me opplyser om her.:
-Torgdagen er i 2008 den 7. juni. Ein elles historisk dato. Dette skal vera den markante åremålsdagen. I slutten av juni månad kan det likevel verta laga til Festivitas. D/S BØRØYSUND kjem til Bergen då, og denne gamle travaren er ogso 100 år i 2008

Nemnda venter på nokre andre innspel før den kan laga det offisielle program då. Fylg med oss her på heimesidene frametter vinteren.
Merk av 7. juni 2008 for ein tur til Bergen.

Sommaren 2008 vert ein travel seglingssesong for Gamle Dampen. Det er fastsett eindel langturar, ma. 2 turar til Stavanger, tur til Kristiansand, og tur inn i vårt nordafylke, Sogn og Fjordane idet me har  planlagt tur til Skjerjehavn, ”Heilt Konge”  som staden vart kalla i sommar.

Jubileumsavisa. 
Denne er under full skriving, stofftilfanget er godt, ja, som vanleg er i slike høve går ein ut frå at det er så godt at noko må strykast.
Meininga er at dette skal vera ei avis som fengjer lesaren sin historiske interesse, i høve til fjordabåtkultur og anna som har si rot i sjø og hav.
Opplaget er 20.000 exempl. og skal vera ilegg i Strilen, Nordhordland og Bygdanytt, i tillegg til at våre gjestar om bord i D/S OSTER vil få avisa der. Gratis.

Som mange gonger tidlegare nemnt, tek ein gjerne i mot innlegg frå medlemer, det må vera stoff som omhandlar fjordabåtkulturen, eller det som naturleg høyrer til denne, t.d. minnereiser Nordhordland-Bergen og v.v.


Matfestival (- hungrande hopar og du gjev dei mette...)
12.09.2007 (Tekst: Karstein Stene)

Under matfestivalen i Bergen 7-9. september 2007 var D/S OSTER ved kai i Bergen, sjølvsagt.

Her ser de ein typisk situasjon ombord når besøkjande kjøper mat og et ombord, det er betasupa folk vi ha, og tru om det ikkje er Vidar Lehmann som er kjøgemeistar i dag. Mannen med hatt, utanfor vindauga, sit på hekken og tek seg ein røyk etter maten.

Søndagen den 9. september gjekk Gamle Dampen ut frå Bergen på si siste ferd i sesongen 2007, det er den årvisse Modalsturen som avslutta for i år. Saman med M/S GRANVIN og M/S BRUVIK vart det stemna mot Osterfjorden og Modalen. Dei tre båtane hadde kvar sine destinasjonar på veg til målet. Veret var pålag brukbart då ferda starta og til båtane kom til Mo. Men, då sette det til med grisever, desverre, synd for passasjerane og ikkje minst for stemneleiinga i Modalen.

Det var helst lite folk med båtane på denne ferda, ska tru om ikkje det er alt for mange kulturtiltak denne helga, og mange av passasjerane meinte på at turen var for lite annonsert, kanhende annonsane druknar i alle kulturannonsane som er i avisene for tida.

Ombord i D/S OSTER var likevel stemninga god, matlysta likeså. Vår gode kokk, Arne Vikan, kom ombord på Ostereidet, på veg til Mo, med to store panner betasupa. Desse godsakene vart han kvitt, folket åt vel av supa og det gjekk ogso godt med vaflar og kaffi.

Me må nemna ei hending frå sumaren 2006: Vaffelrøra kjøper D/S OSTER frå TORO Næringsmiddelfabrikk AS. Det var ein stril som kjøpte vaflar, han sat på livbeltekassen framføre bysseskottet og gomla i seg. So sa han, til ein sidemann.: "Ja, ditta va goe vafla, det er neimen ikkje noko Toroprodukt, nei!" Trisene våre som haurde dette, vart i godlage av dette, sjølvsagt, og gjekk bak og lo av denne gode replikken. TORO skal berre ha gode tilbakemeldingar for vaffelrøra si.

Då vil Nordhordland Veteranbåtlag takka alle som har vore med Gamle Dampen denne sesongen, og me ønskjer alle hjarteleg velkomne ombord neste sesong.

Atter vil me minna om at D/S OSTER feirar 100 år i 2008. Laget kjem attende med orientering om korleis dette skal feirast.

Føl gjerne med vidare på heimesidene våre, skjer det noko av interesse for medlemene og andre, so melder me dette inn her.


Seglingsplan 2008
09.09.2007 (Tekst: Karstein Stene)

Det er leiar av NHVL, som saman med styret legg opp seglingsplanar for D/S OSTER.

No, hausten 2007, er det alt for tidleg å leggja seglingsplanana opp for neste sesong. Det som likavel er fastsett for 2008 er at sidan det er båtens 100 års markering, so er nokre tiltak for sesongen allereide fastlagt, Torgdagen i Bergen, møte med D/S BØRØYSUND i slutten av juni månad, denne båten er ogso 100 år i 2008.

Nokre faste tiltak er ogso fastsett for august 2008. Alt dette og meire til vert lagt inn i seglingsplanane når det lid ut på tidlegvåren i 2008


Fjordabåtkalender 2008
23.08.2007 (Tekst: Karstein Stene)

Den årlege Fjordabåtkalender for 2008 er ferdig og i sal. Denne kan du bestella i Osterbutikken, du finn adressa, pris o.a.her på våre heimesider. Her finn du flotte bilete av D/S OSTER og mange andre veteranbåtar i situasjonar både i sjø og ved land.

Vi gjer merksam på at året 2008 ikkje er kva som helst år for Nordhordland Veteranbåtlag. Gamle Dampen – D/S OSTER fyller heile 100 år i 2008.

Styret i Nordhordland Veteranbåtlag har utnemnd ein komitè som skal førebu denne feiringa i seglingssesongen 2008. M.a. held ein på å skriva ei Jubileumsavis til åremålsdagen, denne vil verta utgitt under Torgdagen i Bergen i juni 2008, samt ilegg til avisene STRILEN, NORDHORDLAND og BYGDANYTT.

Her vert det ikkje berre stoff om D/S OSTER, langt ifrå, men omtale av andre veteranbåtar, veteranbåtlag, historier og gamle foto av farne tider då samferdsla var ved hjelp av dampbåtar, gamle bussar og liknande.

Det vert mange intervju med folk som har ein eller fleire historier å fortelja frå sine sjømannsdagar, både i krig og fred. Me har også stoff  om ubåten HMS VENTURER, (jfr. Fedje) som sidan vart heimkjøpt i 1946 til Kgl Norske Marine og fekk namnet KNM UTSTEIN. Ein ubåt med mange liv!

Kom gjerne med din gode historie, helst med foto, frå den gong då du reiste ”på lanne” med Gamle Dampen, for å besøkja ei bestemor, bestefar eller andre som du skulle til. Sameleis for landsfolket som oppplevde det heilt store ved å få reise ”te byd`n” for første gong.

Og her vert mange annonsar. Det er då meininga at NHVL skal tena pengar også på Jubileumsavisa, til bruk for vedlikehald av vår store sjøkulturelle skatt - D/S OSTER


D/S OSTER ved målet - Nordsteam 2007, Göteborg
09.08.2007 (Tekst: Karstein Stene)

Meldt i dag av Tor J. Bjørgaas.:
I dag, den 9. august 2007, starta D/S OSTER frå Lysekil, "bound for Göteborg". Der kom Gamle Dampen og festa i land ca. kl. 14:00. Seglasen føregjekk i det finaste ver, nesten i tropevarme.


I Gøteborg ligg no vestlandske veteranbåtar, tre i talet, D/S OSTER, M/S ATLØY og M/S GRANVIN

Festivalen NORDSTEAM 2007 startar i morgon, fredag 10. august, og vert avslutta søndag 12. august.

For Gamle Dampen sin del, kastar den loss i Gøteborg søndag e.m. med kurs for Kristiansand, som opplyst tidlegare er dette byen kor D/S OSTER vart bygd i 1908. No skal Kristiansandarane få sjå, og nokre skal få tur med båten, som forfedrane deira klinka saman for 99 år sidan. NHVL har sendt pressemelding om besøket til avisa Fædrelandsvennen.

Har du interesse av å sjå heimesidene til NORDSTEAM 2007, så finn du desse ved å klikka deg inn her >>>

Med våre rapportar så vert det ikkje meldt meir frå oss, før båten har vore i Kristiansand. Følg med via NORDSTEAM 2007

Vi ønskjer D/S OSTER lukke til med si framsyning i Sverige.
Karstein


Rapport frå Lysekil, 8. august 2007
08.08.2007 (Tekst: Karstein Stene)
NB: Klikk på kartet for større versjon

Frå D/S OSTER melder Tor J. Bjørgaas til Osterposten at dei i dag, 08/08-07, er kome til Lysekil.

Turen starta ved Kosterøyane i dag tidleg, og med 6 knops fart kom båten til Lysekil ca kl. 16:30. Farten er såpass liten av den grunn at ein har god tid, samt at ein vil spara drivstoff.

Til Lysekil kom Gamle Dampen i følgje med D/S STYRBJØRN og D/S BØRØYSUND. Utanfor byen her passerte M/S ATLØY og M/S GRANVIN i fin føring mot Gøteborg.

Veret på svenskekysten er pent, nærast tropevarme, og det er å vona at båten får godt ver vidare, og at NORDSTEAM 2007 i Gøteborg vert ein festival av beste merke.

Det har vore mykje svenskar på kai og om bord i Lysekil, det er nok folk hos ”søta bror” som også set pris på sjøens nostalgi.

God tur vidare til Gamle Dampen.

PS: Info om NORDSTEAM 2007 finn ein på heimesida til "Sällskapet Ångbåten" - klikk her >>>


Situasjonsrapport 7. august 2007
07.08.2007 (Tekst: Karstein Stene)

Frå Tor J. Bjørgaas vert det i kveld meldt at Gamle Dampen har kryssa grensa Norge-Sverige (sjølv om ein ikkje kan sjå grensa på vatnet, so er dei i Sverige) og i eit strålende vær.

Dagen i dag har vore minnerik. Frå Fredrikstad gjekk D/S OSTER i fin føring til Hvalerøyene. Dette landskap tør vera kjent som naturperler, og for å finna leia mellom alle øyane, fekk båten, i Fredrikstad, om bord kjentmann, som er ein kaptein som hadde farta i denne skjærgarden i mange år.

I Fredrikstad fekk mannskapet kontakt med ein ihuga gjeng som driv å restaurerer ein gamal båt som heiter M/S HVALER. Der hadde dei også eit gamalt skrog av ein båt, tidlegare D/S HVALER, no temmeleg forfallen, omdøypt til M/S HØVDINGEN. Ikkje sikkert at den let seg restaurera. Denne båten var bygd ved Bergens Mekaniske Verksted AS i 1873, og må såleis seiast å vera tilårskomen.

Då D/S OSTER passerte kystgrensa, vart det svenske flagget heist i formasten, ei ny oppleving for båten. Det vart meldt til svenske kystmyndigheiter at Gamle Dampen kom inn i grannelandet vårt.

No på kvelden 7. august ligg D/S OSTER ved Kosterøyane, for anker. Det er ikkje rapportert trekkspellåt ved Carl Jularbo der, ei heller song av Edvard Taube, men ein får berre vona at det kjem seg, når mannskapet vårt tek seg i land, for å svinga seg i Kostervalsen.

Lysekil neste anløpstad. Ein får berre  vona at D/S OSTER med mannskap får segla vidare i det pene været.

På vegne av Tor J. Bjørgaas
Karstein


Situasjonsrapport 6. august 2007
06.08.2007 (Tekst: Karstein Stene)

Tidlegare har me orientert om at D/S OSTER er under fart for å vera med på Nordsteam 2007 i Gøteborg, den 1. august vart denne melding lagt inn her på heimesida.

Då D/S OSTER var utanfor Sørlandskysten den 1. august, dukka det plutseleg ein norsk ubåt opp, det var tydeleg at sjefen der hadde høyrt uvanlege propellslag under vatnet, og undra seg på kva for uhyre dei hadde fått inn på  hydrofonen, eller om det var fienden som var på kysten. Då mannskap på ubåten hadde sett litt på Gamle Dampen, dukka dei under vatnet att.

Denne saka skal me koma attende til i NHVL si Jubileumsavis, som kjem ut på Tordagen i Bergen i juni 2008, i samband med at D/S OSTER er 100 år.

Den 2. august la D/S OSTER til kai i Moss, og mannskapet overnatta der.

Fredag 3. august, det var reine sommarværet i Mossesundet, la båten frå kai i Moss med fullt passasjertal, folk som ville vera med til Oslo. Nokre utflytta strilar, bergensarar og østfdoldingar. Inn Oslofjorden kom D/S OSTER, M/S GRANVIN og M/S ATLØY i følgje og la til kai, rett under Akershus Festning. D/S BØRØYSUND la ut frå kai då me kom, den hadde etla seg på eigen tur.

Laurdag kl. 12:00 tok Gamle Dampen om bord passasjerar, fullt, og tok ein 2 timars tur innan Oslofjorden.

Søndag var det atter tur, fullt var det av passasjerar då båten la ut på tur til Oscarsborg. Urbane Oslofolk var fulle av lovord over denne flotte dampbåten vår, det var tydeleg at dei fekk eit minne for livet og eldre folk eit attersyn av eldre tider. Det gjekk fort unna både med vaflar og suppa, det var dei vel unt, og betalte for det gjorde dei og!

Mandag 5. august gjekk D/S OSTER ut frå Oslo. Turen står no mot Fredrikstad. Der får passasjerar høve til å koma om bord og vera med på tur rundt Hvalerøyane. Båten legg til i Fredrikstad til 8.august. Frå Fredrikstad stemner Gamle Dampen mot Lysekil. Der vil folk få høve til å embarkera for tur rundt Kosterøyane. Her kan mannskapet koma i Kostervals og ser dei godt etter så kan det vera spor her etter Tordenskjold, det er aldri godt å veta, trøndarar finns overalt!

Båten ligg i Lysekil til torsdag 9. august. Då stemner båten mot Gøteborg, då i kortesje med våre vener M/S GRANVIN, og  M/S ATLØY.

Det er rapportert frå Tor J. Bjørgaas om bord i D/S OSTER at heile turen, til no, har vore reine signingsferda, det har han ogso resten av mannskapets ord på.

Det er ikkje tvil om at D/S OSTER har vore godt behandla under restauraringa. Maskina går som ei klokke, og skroget er lika heilt. So lang tur har ikkje Gamle Dampen vore på før, so det er godt å få visa at båten er sjødyktig.

Rapporten lagt ut etter oppmoding frå formann i NHVL, Tor J. Bjørgaas
Karstein Stene

PS: Her kan du lese pressemeldinga (.pdf dokument) som er sendt til Fædrelandsvennen i forb. med D/S OSTER besøk i Kristiansand >>>


Gjesteboken
03.08.2007 (Tekst: Eilif Stene)

Problemer med gjesteboken.

Det har en tid vært problemer med gjesteboken her på websiden. Grunnen er at denne tjenesten har lagt på en ekstern server i USA. Vi vil i løpet av september migrere gjesteboken til en lokal server slik at den skal virke tilfredsstillende.

Noe av grunnen til problemene skyldes også at usøriøse aktører ute i verden la inn linker til sider med pornografisk innhold, noe vi selvfølgelig ikke ønsker på vår webside. For å unngå dette la vi la opp til en variant hvor alle meldinger måtte godkjennes av webmaster før de ble lagt ut igjen på websiden. Systemet har vært tungvint, og lite tilfredsstillende for de som ønsker å omgående se sin hilsen i gjesteboken. Som en mellomløsning kan folk som ønsker å legge inn en hilsen sende denne til: webmaster@oster.no og vi vil sørge for at den blir lagt ut på websiden.

Mvh Eilif Stene, webmaster


D/S OSTER - posisjon 1. august 2007
01.08.2007 (Tekst: Karstein Stene)

Gamle Dampen har i dag, ca kl. 12:00, passert Lindesnes, på si reise til Festivalen Nordsteam 2007, i Gøteborg.

D/S OSTER kasta loss i Bjørsvik 31.juli kl 0900, dette var ein dag før ein hadde planlagt.
Det var ”føre var prisippet” som framskunda turen ein dag, idet ein kunne møta dårleg vær rundt Jæren, men der var det brukbart vær.
Båten var innom Haugesund på ferda, og har sigla heile tida etter, og er no på Sørlandskysten.

I morgon, 02.08.07, kjem båten til Moss. Dette for å gjesta Moss Varmeteknikk AS, som har utført viktige arbeider i båtens maskin.
Fredag Kl. 1400 går ferda vidare til Oslo. Det er veteranbåttreff der laurdag 03. og søndag 04.august.

Saman med D/S OSTER vil M/S GRANVIN og M/S ATLØY slutta seg til, slik at dei saman seglar inn på havna i Oslo, ca kl. 17:00 den 3. august.
Etter Oslo opphaldet vil D/S Oster segla direkte til Gøteborg.

På retur frå Gøteborg, vil båten gå til Kristiansand, der båten vart bygd i 1908. Der kjem me den 13.august, og vil vera der ogso den 14.august.
Båten legg til ved Fiskerikaia i Kristiansand, eller Kai 12 som det ogso heiter.

So langt heimanfrå har nok ikkje Gamle Dampen vore før.


Vintervedlikehald pågår på D/S OSTER
04.03.2007 (Tekst: Karstein Stene / Foto: Knut Arne Høyland) NB: Klikk på bileta for større versjon

Desse fotoa viser dei nyisolerte damprøyra og også tilstanden etter at det har pågått nålebanking frå nyttår og fram til no.

Det står berre att litt finpuss med nålebankeren og maskering av div. utstyr før sprøytemalaren slepp til.
Det skal bli litt av eit syn når alt er blitt nymalt, så følg med....


Åpne Veteranbåtturar sommaren 2007
03.03.2007

Førebels seglingsplan for Åpne Veteranbåtturar sommaren 2007 er lagt ut her


SEGLINGSPLAN 2007
30.01.2007

Førebels seglingsplan for sesongen 2007 er lagt ut her