Seglingsplan for D/S OSTER sesongen 2010
(oppdatert pr. 2. mars 2010)

Førespurnader om båtleige til:

Tor J. Bjørgaas, tlf: (dagtid) 5634 4321 eller (kveld) 5635 4182, e-post :torjb@online.no

D/S OSTER har løyve for servering av mat og drikke.
NB: Servering av øl og vin for slutta lag etter søknad.


Om du skulle vere svolten eller tyrst må du nytta deg av serveringstilbodet om bord då det iflg. regelverket ikkje er tillete for leigetakarar å syta for slikt sjølv.

Kjære medlem i Nordhordland Veteranbåtlag
Sommaren står like framføre oss og me håpar på at den vil gje oss mykje sol og varme, med mange fine turar med D/S OSTER.
Nedanfor finn du den oppdaterte seglingsplanen , og med mange opne turar der alle får vera med, inntil det høgste passasjertalet er nådd. Vær derfor ute i god tid til turane, slik at du og dine får plass.
Eg vil ønskje alle medlemane ein fin sommar!

Med venleg helsing
Tor Johannes Bjørgaas
Leiar i NHVL

Dato: Føremål: Leigetakar / tilskipar:
24. mai Pinsetur, Bergen-Austevoll t/r , avr. frå Bergen til Storebø kl. 10:00, ret. kl. 16:00, til Bergen kl. 19:00 Open for alle
28. mai Fjordtur Privat
     
12. juni Osterfjorden, Torgdagen i Bergen t/r Open for alle
13. juni Nordside-Gudsteneste i Hosanger Kyrkja Open for alle
23. juni Fjordtur Privat
27. juni Bergen-Salhus-Lygra-Sletta t/r Open for alle
     
2. juli Fjordtur, Bergen-Alverstraumen t/r Privat
4. juli Bergen - Lygra - Sletta t/r Open for alle
9. juli Fjordtur, Bergen-Alverstraumen t/r Privat
11. juli Bergen - Lygra - Sletta t/r Open for alle
     
4. august Fjordsteam 2010 i Florø Open for alle
5. august Fjordsteam 2010 i Florø Open for alle
6. august Fjordsteam 2010 i Florø Open for alle
7. august Fjordsteam 2010 i Florø Open for alle
8. august Fjordsteam 2010 i Florø Open for alle
8. august Frå Florø kl. 14:00 til Porten kl. 17:30 Open for alle
9. august Frå Porten kl. 09:00, til Høyanger kl. 13:00
Frå Høyanger kl. 14:00 til Balestrand kl. 18:00
Open for alle
10. august Frå Balestrand kl. 10:00, til Flåm kl. 16:00 Open for alle
11. august Frå Flåm kl. 12:15, via Aurland, Midtfjords, Undredal til Gudvangen kl. 15:30 Open for alle
12. august Frå Gudvangen kl. 11:30, korr. Midtfjords og Vik kl. 16:00-16:30
Til Arnafjord kl. 17:30
Open for alle
13. august Frå Arnafjord kl. 09:00 til Mastrevik kl. 18:00 Open for alle
14. august Kystsogedag, frå Mastrevik kl. 11:15 til Fonnes kl. 11:45
Frå Fonnes kl. 16:00 til Osterfjorden
Open for alle
22. august Bergen-Herdla t/r Open for alle
23. august ONS 2010 (Oljemessen i Stavanger) Privat
24. august ONS 2010 (Oljemessen i Stavanger) Privat
25. august ONS 2010 (Oljemessen i Stavanger) Privat
26. august ONS 2010 (Oljemessen i Stavanger) Privat
28. august Frå Bjørsvik kl. 09:00 til Holmeknappen, Kystsogedag Open for alle
28. august Kveldstur på Herdlefjorden Førehandsal v/ Kystsogedagkomitéen
29. august Frå Holmeknappen kl. 16:00, til Bjørsvik kl. 18:00 Open for alle
     
10. september Bønder i bydn Ved kai i Bergen
10. september Kulturnatt 2009 Ved kai i Bergen
11. september Fjordtur Privat
12. september Tur til Modalen Open for alle

 


Seglingsplanen for 2009 finn du her >>>