Nordhordland Veteranbåtlag
 
NHVL er eit veteranbåtlag lokalisert nord for Bergen. Laget eig i dag D/S "OSTER" som er under restaurering. Me vil her fortelje litt om historia bak NHVL.
 
D/S "Alversund"
I 1990 vart Nordhordland Veteranbåtlag skipa. Dei kjøpte inn "KILORAN" ex D/S "ALVERSUND" som dei ville restaurere. Dette viste seg å vere eit svært vanskeleg arbeid pg.a. at båten var i ein dårlegare forfatning enn det kunne synast ut i fyrste omgang. I 1995 gav laget opp "ALVERSUND" og selde henne til Brdr. London, som taua henne til Blomvåg og hogg henne der. Ei lita stund låg sjølve laget i opplag, og hadde ikkje aktivitet.
 
I lengre tid hadde andre folk i frå distriktet og frå Bergen hatt eit anna skip i sikte, nemleg fraktebåten M/S "VAKA".
Under dette namnet skjulte det seg ein "skatt", nemleg den tidlegare D/S "OSTER" som hadde farta rundt som fraktebåt sidan 1966. Nærast i det stille arbeidde desse folka med prosjektet som var i emning. Dei fekk avtale med reiaren om at visst båten skulle seljast, skulle dei kontaktast.
 
D/S "OSTER"
I løpet av 1995 vart det klart at "VAKA" var for sal. Under årsmøtet til Nordhordland Veteranbåtlag i mars 1996 vart det vedteken at "VAKA" skulle kjøpast. Nye krefter overtok Veteranbåtlaget, og dets likvide midlar. Dei som hadde arbeidd med "ALVERSUND" var utsletne, og Oster-gjengen overtok.
 
NHVL overtok "VAKA" 8 mars 1996 ved Shetland-Larsens Brygge i Bergen. Det var møtt fram ca. 300 personar som var vitne til at Fru Kari Medaas døypte båten M/S "GAMLE OSTER".
 
No starta ein ny epoke for Gamledampen. Kaiplass vart ordna i Bjørsvik i Lindås Kommune. Dugnadsarbeid vart utført nærast kvar dag ombord i båten. I løpet av de komande åra vart svært mykje arbeid gjort både ved hjelp av dugnad og i hjå Andersen & Sønner i Dåfjorden i Fitjar.
 
Laget hadde frå starten andelsbrev i form av lutbrev. Dette vart no endra, og det vart innført medlemskap. Hausten 2000 hadde NHVL nærare 500 medlemer, og dermed er eit av Norges største veteranbåtlag!
 
Det vart bestemt at hovudmålet for NHVL skulle vera at "GAMLE OSTER" gjekk for eigen dampmaskin til Nordsteam2000 i Bergen 3-6 august. Siste året låg "GAMLE OSTER" hjå Andersen & Sønner i Dåfjorden, båten fekk innstallert dampmaskin, kjele og nytt styrehus og overbygg.
 
Den 1. august 2000 døypte fru Kari Andersen båten til D/S "OSTER" under ei høgtid i Dåfjorden. 3. august gjekk D/S "OSTER" inn på Vågen i Bergen for eiga dampmaskin, sist av båtane som deltok på Nordsteam, mens nærare 40.000 menneske jubla båten til kai. Det var ein velkomst som knapt noko skip i Norge har fått! Knapt eit auga vart tørt. Uttrykket "klappa til kai" fekk ein ny dimensjon denne dagen!
 
No står NHVL framfor nye utfordringar. Nytt promenadedekk, bygging av salongar og dekkshus, arbeid i maskina og innreiing er det som står framfor oss! Vær med du og, støtt restaureringa av D/S "OSTER".
 

"Dar kjem dampen, gamle dampen, ta på deg triskona og spring!"