Norman Eikanger 1948 - 2012
Minneord frå Nordhordland Veteranbåtlag

 

Norman Eikanger har gått bort.

Det er med stor sorg å melde at vårt aktive medlem Norman, i Nordhordland Veteranbåtlag, døydde i Kenya den 5. mai i år, 64 år gamal.

Den 21. juni vart det halde urneseremoni ved Hjelmås kapell, og mange møtte fram for å ta farvel med Norman og heidra minnet hans.
Norman kom som eit friskt vindpust inn i restaureringa av OSTER sommaren 1996. På denne tida jobba han turnus offshore og mykje av friperiodane sine kom han til å bruka ombord på OSTER.

Norman viste seg å vera den perfekte dugnadsmannen, full av idear og energi og hadde eit stort kontaktnett med fagfolk av mange slag. Han var ein engasjert og raus kar og det var aldri kjedeleg der han var. Han hadde sans for humor og gode replikkar.

Under ombygginga av OSTER frå fraktebåt og attende til dampbåt budde Norman saman med fleire andre frå Nordhordland på Stord for å ta del i ombyggingsarbeidet. Han var også med på turen heim frå verkstaden og til Nordhordland og arbeidde då med å få dei mest nødvendige elektriske installasjonane på plass.

Seinare var han med som som mannskap på turane og med hans bakgrunn som Røde Kors-mann var han ein dyktig førstehjelpsmann og dette kom vel med fleire gonger etter at OSTER begynte å gå med passasjerar.

Me, kamaratane hans i Nordhordland Veteranbåtlag, har mista ein god ven og kollega og vår djupaste medkjensle går til Stina, døtrene Ann Helen og Jeanett og sonen Bjarne m/familiar.

Tor J. Bjørgaas
Leiar i NHVL