Frå Mastrevik til Norheimsund 2003
av Karstein Jonas Daae Stene og Erik Småland


Torsdag 27. november 2003
var det ei lita markering ved Mastrevik Mek. Industrier AS i Austrheim.
D/S Oster kom atter til denne verkstaden i september for å få utført resten av stålarbeida og legging av nye dørkar i salongar og mannskapslugarer. No var arbeidet ferdig i so måte og dei flinke arbeidsfolka + sjefen, Svein Mostraum, vart takka for velgjort arbeid av NHVL v/ Vidar Lehmann. God kake og kaffi var det på bordet.

Fredag 28. 11. kom sjøkontrollen og inspiserte båten, det gjekk greitt, slik at ”Gamle Dampen” kasta loss og gjekk til Flatøy, kor den skulle liggja til laurdags morgon. Laudagsmorgonen var ein sur dag, skodde, regn og sterk vind var det, det var ikkje det beste føre for å gå til Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund med båt, men, sjøfolk er no sjøfolk, og båtvernare er ikkje verre. Det vart kasta loss på Flatøy kl. 08:30, og båten sette kurs for Norheimsund.

Ruskevér over Bjørnafjorden
Foto: Erik Småland

Ikkje mindre enn 2 navigatørar var med , Magne Angelskår og Atle Haukøy. I maskina var maskinsjef Tor J. Bjørgaas og maskinpassar Magne Hellan, og på dekk regjerte Vidar Lehmann og Erik Småland.

Kaptein Magne Angelskår ved roret
Foto: Erik Småland

Turen tok 9 timar på grunn av kraftig motvind og sjø frå sør. Det var dårleg sikt i regntjukke og lågt skydekke.

Utan den nymonterte radaren hadde ikkje turen vore mogleg å gjennomføre. Opp Hardangerfjorden gjekk det greitt då vi fekk vinden i ryggen.

D/S Oster stampa seg fram, i god stil med ein gangefart på 9 mil, vind, regn og skodde til tross, etter 9 timars gange la båten til kai ved Hardanger Fartøyvernsenter kl. 17:30

“Oster” kom til Hardanger Fartyvernsenter i Norheimsund etter at det var blitt mørkt, så vi fekk også god bruk for den nymonterte lyskastaren på styrehustaket. “Oster” vart opplagt på utsida av “Midthordland” og vil bli forhalt når “Midthordland” er ferdig og skal gå i løpet av første veke i desember.

Bak “Midthordland” ligg no den tidlegare fiskedamparen M/S “Hindholmen” som også er bygd hjå Christianssands Mekaniske Værksted (Bygg nr. 157, 1916). Det er difor to nære slektningar som vert liggande i Norheimsund for innreiing i vinter. Det er lett å sjå fellestrekk i skrogutforming og detaljar ombord.

I Norheimsund kom Håkon Sandvik og Finn Guldbrandsøy å henta mannskapet for å frakta dei heimatt.

Ved fartøyvernsenteret skal ein no innreia aktre salong + mannskapslugarar der. Den framre salong + mannskapslugarene der får venta til sesongen i 2004 er over.

Planen er at dei arbeid som skal utførast i vinter, skal vera ferdig 1. mars 2004.
Det er bra, for me har ein god del arbeid å gjera i dugnadssamanhang før båten vert rein og skinande når me tek til med sommarsesongen, som er planlagt eingong i mai månad.

Følg med på heimesidene, me vil rapportera undervegs i arbeida, både med tekst og foto.

Som nemnd ovarfor, Mastrevik Mek. Industrier AS har atter utført svært godt fagleg arbeid, dei har ogso ein arbeidsstokk som er lett og grei å samarbeida med.

Ikkje skal me lata vera å nemna Mongstad Elektro AS v/ Hans Brandtun som sto føre det elektriske arbeid. Dei er ogso ”ei messe verdt”. I tillegg elevar frå Austrheim v.g. Skule, dei interesserte elevane derfrå gjorde dugande arbeid.

Bergen, 01.12.2003,
Karstein Stene / Erik Småland