Historie

1908-1915

1915 - 1939

1939 - 1945

1945 - 1964

1964 - 1996

1996 - 2000

Det var Modalen kommune som i 1906 sendte ei oppmoding til styret i Indre Nordhordlandske Dampskibsselskab (forkorta INDS - endra i 1923 til Indre Nordhordland Dampbåtlag L/L, forkorta INDL), om å byggje ein ny rutebåt som kunne forsera isen som elles låg kommunen i vinterisolasjon.

 

Styret i INDS gjorde året etter vedtak om å byggje ein båt med kraftig motor og eit sterkt skrog. Det var Christianssands Mek. Værksted som fekk i oppdrag å byggje båten ved byrjinga av 1908.

 

November same året vart båten levert og han fekk namnet D/S OSTER, med byggjenummer 131. Lengde 106,1 fot, breidde 21,7 fot, djuptgåande 9,7 fot. Trippel maskin på 300 IHK.

 

Båtens eigenskapar som isbrytar innfridde alle forventningane som folk hadde. Den første kapteinen vart Tobias Andersen Hordvik.

Tobias Andersen Hordvik (f:1867- d:1935)

Hordvik tok til som matros i INDS 19 år gamal. Han vart reserveførar på “Arne” (31 år gamal), og “Ole Bull” frå 1898. I 1904 vart han mellombels førar av “Johan Jebsen” og fast kaptein på denne frå 1905 til han, 41 år gamal, overtok den nybygde “Oster” i november 1908. Her sto han til han gjekk av i 1930.

 

Tobias Andersen Hordvik var fødd i Hordvik i Åsane 19. april 1867, og døydde 24. august 1935. Han tente i INDL i 44 år.

1915

Forlenga hjå Mjellem & Karlsen i Bergen til 118,6 fot. Akterskipet vart demontert omlag til maskinskottet og nytt 12,5 fot lengre akterskip bygd opp. Akterskipet fekk no eit nytt arrangement omlag identisk med det i D/S ”Haus”, bygd for INDL hjå same verkstad året før.

 

På promenadedekket vart det sett opp eit salonghus av tre med eitt rom i. På døra vart det sett opp eit emaljeskilt med teksten ”Herrelugar”, dåtidas nemning for ”røykjerom”.

 

1928-29

All innreiing i framskipet vart rive ut i samband med 20-års klassing. Evje & Andersen Slip & Mekaniske Verksted i Bergen utførte diverse stålarbeid i samband med denne klassinga. Etter skrogarbeidet vart innreiinga bygd opp med nytt arrangement i tråd med det som var vanleg i Bergen på denne tid.

 

Før arbeidet var det ein mannskapslugar med eigen nedgangskappe heilt framme og 2. plass salong derifrå og bak til lasterommet. No vart salongen plassert heilt framme og det vart laga nye mannskapslugarar bak salongen mot lasterommet. Nedgangskappa til den nye salongen vart flytta frå babord side til senter mellom mastra og vinsjen.

 

1932 ca

Salonghuset av tre frå 1915 på promenadedekket vart bytt ut med eitt nytt av jern. I det nye salonghuset var det to små salongar med oppslagsryggar, slik at salongane også kunne nyttast som to firmannslugarar om natta. Leider opp frå hovuddekket vart flytta frå aktanfor maskincasinga til eit nytt trappehus bak det nye salonghuset.

Krigsåra 1940-45

Tekst: Halvor Sperbund.

Omsett til nynorsk og  bearbeida av Viggo Nonås.

(oppdatert tekst og fleire bilete lagt inn 22.03.2004)

Under norsk kommando

D/S "OSTER" vart rekvirert av den norske marinen i september 1939. Ho vart då utrusta med ei 76 mm kanon på fordekket. 18 manns besetning, og låg under 2. sjøforsvarsdistrikt, 13 bevokningsdivisjon. Kaptein var L. Sommer.

 

Kvelden 8 april 1940, beordra til patruljering i søndre del av Hjeltefjorden, mellom Ramsøy og Kalvanes. Deretter beordra til Blomvåg i etterretnings og sambandsfunksjon. Segla til Telavåg. 6 mai vart kommandoen strøken i Telavåg, og båten forleten.

 

Under tysk kommando

Die Deutsche Kriegsmarine finn båten og overtar den 22 mai 1940 i Telavåg. Den beheldt si opprinnelege 76 mm kanon, og vert utan kjente endringar sett i tjeneste 24 mai 1940 med taktisk nummer "NB04" (Hafenschutz-Flotille, Norwegen Bergen) og omdøypt til "MARDER".  ( Marder betyr på høytysk Mårkatt, og på folketysk "Tjuvradd")

 

I perioden fram til desember 1940 gjennomgår den ei ombygging, utan at det er kjent på kva vis, men der er å anta at det vart montert Flak-skyts, sidan båten noko seinare også vart nytta som flytande "Luftvernskyts" ved høve. Hovudsakleg går "MARDER" i patruljeteneste for Hafenschutz-Flotille Bergen fram til våren 1944.. Hittil kan det ikkje sjåast at det har deltatt i eskorte/konvoiteneste – antagligvis på grunn av for liten bestykning og hastighet.

Ombygd

I løpet av våren 1944 vart båten modifisert, aktre og framre mast fjerna og ny "Enhetsmast" montert på brua. Dette for å gje plass til skotfelt for ei 37 mm kanon som vart montert på ei plattform mellom brua og 76 mm-kanona på fordekket. Det vart og montert  stativ for synkeminer, samt at det sannsynlegvis vart gjennomført andre endringar.

I mai 1944 var "MARDER" ferdig ombygd, og vart sett i tjeneste i 55 Vorposten-Flotille.

I samband med tyske reorganisasjoner, har den no fått nytt taktisk nummer, V5504, og base i "Stutzpunkt Florvaagbucht" som og er hovudkvarteret til 55 Vorposten-Flotille.

 

Bestykning pr. 1 juni 1944:

1 stk. 76mm kanon, plassert på bakken (fordekket) – som montert i 1939/40

1 stk. 37mm kanon, plassert på eige stativ over luke/lasterom forut

1 stk. 20mm Madsen maskinkanon, montert på taket av bestikklugar

1 stk. MG 34 maskingevær, antagligvis plassert på brua

4 stk. djupvannsbomber

 

Oppgåver i tysk teneste

55. Vorposten-Flotille var underlagt 5.KSV (Küsten Sicherungs Verband) saman med 51. og 53. Vorpostenflotille.

51. Vorposten Flotille hadde base i Måløy (Stutzounkt Maaløy), 53. i Eidsvåg (Stutzpunkt Westwärtsbucht) og 55. i Florvåg som nemnt.

 

Med desse tre Vorposten-Flotillene var 5.KSV ansvarelg for:

1. Eskorteteneste for nord- og sørgåande konvoiar på kyststrekninga Ålesund-Stavanger,

2. Patruljeteneste/overvåkning av same farvatn,

3. Sikring mot ubåtar og MTB'ar mellom "Sydutgangen av Karmsund og Stadtlandet,

4. Sikring/eskorte av eigne ubåtar til/frå tokt – inn/ut ved Hellesøy eller Marsteinen.

 

For minesøk var 52. Minensuch-Flotille (Stutzpunkt Florøy) underlagt 5.KSV.

 

Det ser ut til at 51. og 53. Vp.Fl. for det meste gjekk i konvoieskorteteneste, mens 55. bl.a. hadde fleire "særoppdrag" bl.a. sikring/overvåkning av området Bømmelfjord/Korsfjord.

Hendingar i tysk teneste

17. januar 1941 kl .1200:

NB04 "MARDER" grunnstøter på Kjeøfluen på østsiden av Hjelma ved Alvø, ei lita øy sør for Fedje

 

 22. januar 1941:

Etter å ha stått på grunn i 5 dagar vert "MARDER" halt loss og slept vekk.

"Marder" er slippsatt på Evje & Andersens Slip AS ved Verftet i Bergen

(alle foto: Statsarkivet i Bergen)

5.juni 1941 kl. 2100:

"MARDER" reddar besetninga frå eit nødlanda tysk Do 18 fly, og tar det på slep – overlet det seinare til eit flyredningsskip frå Luftwaffe.

KTB: "Vp.Bt. "MARDER" nimmt eine bei Holmengraa notgelandete Do 18 in Schlepp und gibt sie später an ein sür Hilfeleistung gekommenes Fahrzeug der Luftwaffe ab."

 

20.juni 1941 kl. 2145:

"MARDER" vert beordra til Nordre Byfjord – oppdrag å virke som luftvern.

KTB: "Vp.Bt. "MARDER" liegt die Nacht über als Flaktschutz im nördl Byfjord."

 

15.september 1941 kl. 0900:

"MARDER" observerar ei flytande mine, og sprenger denne.

KTB: "Von Vp.Bt. "MARDER" wird je eine Treibmine auf 61  1.8 N, 4  56 O Beobachtet und vernichtet.

 

5. juni 1943 kl. 2332:

To norske MTB'ar ligg i skjul ved Trælsøy (austsida av Austevoll i Korsfjorden), og ventar på eit passande mål. D/S "ALTENFELS" på 8.132 BRT, lasta med jernmalm (Nikkel?) er på veg frå Kirkenes til Tyskland, eskortert av M468. Dei to MTB'ane går til angrep, men begge bommar med sine fyrste torpedoar. M468 opnar eld mot MTB'ane. MTB 626 med Ltn. Bøgeberg treff "ALTENFELS" med begge sine neste torpedoar, og "ALTENFELS" byrjar raskt å synke. Rett før dette ankommer Vorpostenboot 5504 "MARDER" frå sin patruljeposisjon i indre Korsfjorden. Begge MTB'ane har no dreid av og set kursen mot Hundvåkosen for full fart. "MARDER" avfyrer 55 skudd med sin 20mm Madsen maskinkanon, men bommar med samtlege. "MARDER" tar opp forfølgelsen, med i det mørke og usiktbare veret, trur skipssjefen at MTB'ane går mot Langenuen og set kursen dit.

MTB'ane unnslepp, og går til basen i Skottland. Ombord er to drept og fem såra.

"ALTENFELS" sank i posisjon 60g20m N, 05gr15m O.

 

 

Krigsslutt

Etter at tyskarane gav opp sin okkupasjon av Norge, forlet dei båten i Telavåg.  Under okkupasjonstida var båten hardt brukt, og vedlikehaldet hadde det vore smått med. Difor var det eit lite hyggelig syn som møtte INDL då dei skulle overta båten att.

1945 - 1946

Sett i stand og delvis ombygd hjå Storemøllens Mekaniske Verksted i Bergen. Ny bru og kapteinslugar. Brua vart laga av tre med dørken heva omlag 60 cm. høgare enn den gamle.

 

Ny kapteinslugar i dekkshus av stål i sveist utføring bak brua. Leider frå hovuddekk ned til aktersalong vart endra frå tverrskips til langskips. Det var ein lugar mot skutesida på kvar side av den gamle trappa. Desse vart no rivne og erstatta av to nye med nær symmetrisk utføring. Som følgje av dette vart også frontskottet i salongen og trappehuset endra. Ny formast av stål med tretopp vart sett opp.

 

1950 ca

Opninga over rekka langs sidene i akterskipet vert kledd inn til litt aktanfor postlugaren og forsynt med fire glas med karm og  rammer av tre. Kring 1960 vart dette forlenga bakover med eitt glas og eit akterskott montert på hovuddekket. No vart overbygget akter på hovuddekket heilt innelukka.

 

1962

Nytt framdekk og utbetring av rennesteinar vart uført av Mjellem & Karlsen i Bergen. Sjølve dekket vart skifta i Florvåg på Askøy. I samband med dette vart heile himlinga framme under dekk også riven. Ny himling vart bygd opp etter at dekksarbeidet var ferdig.

1965 - 1966

Gjennomgripande ombygging til dieseldriven fraktebåt hjå Bergen sag og Trelast i Ølensvåg. Stålarbeidet vart m.a. utført i Auklandshamn. Omdøypt M/S ”Vaka”. Mange originale innreiingsdelar vart nytta opp at ved ombygginga.

 

1996

Overteken av Nordhordland Veteranbåtlag. Gjendøyp ”Oster”. Riksantikvaren gav båten status som ”verneverdig skip” og restaurering og attendeføring til utsjånaden frå 1964 tek til. På grunnlag av originalinventar og historisk dokumentasjon skal innreiinga slik den var fram til 1964 byggast opp att.

FRÅ FRAKTESKUTE TIL VETERANSKIP

 

D/S ”OSTER” 1996-2000

Av Tor J. Bjørgaas

 

Den 8.mars 1996 vart M/S ”VAKA” overteken av NHVL og fekk navnet M/S  ”GAMLE OSTER”. Gudmødre var Kari Medaas og Margot Kaasa Hammer.  Same kvelden vart båten lagt i opplag ved den gamle d/s-bryggja i Bjørsvik.

 

Første synlege steget mot å føra båten attende til dampbåt var då huset på hekken vart fjerna. Dette vart gjort i april same året.

 

I mai månad 1996 vart det danske firmaet IBKA leiga til å utføra rustfjerning i lasterommet. Dette vart utført med "hydroblasting", dvs. blåsing med eit vasstrykk på 2700 bar. Først vart rusta banka ned med hamring, utført av dugnadsgjengen og etterpå gjekk danskane lause på rusten med hydroblastinga og ialt tok me på land vel 1 m3 med laus rust. Det viste seg at all malinga påført i fraktebåtperioden forsvann men store felt var framleis dekka med maling frå dampbåtperioden.

 

I løpet av sommaren -96 vart skutesida malt svart.  Lasteromsdørken vart riven opp og forre lasteromsskottet vart fjerna på nyåret i -97. Samstundes vart fraktebåtinnreiinga demontert.  Bakken vart skjært vekk våren -97. Etterpå var det rustbanking av heile rekka frå baugen til overbygget. Innandørs akterut vart det også banka rust og  påført 3 strøk primer og eitt dekkstrøk.

 

Den 29. august gjekk M/S ”GAMLE OSTER” for eigen motor til verkstaden, A. Andersen & Sønner i Dåfjorden. Der vart skipet slippsett og skroget vart kontrollmålt. Platetjukkelsen var god og optimismen mht. restaureringa steig. Det vart gjort reparasjonar på spantene i skutesida og den 14. november 1998 returnerte skipet frå Dåfjorden til Bjørsvik og farten auka med heile 50%, frå 6 knop til verkstaden og 9 knop på returen.

 

I desember 1998 vart dampmaskineriet kjøpt i England og dette vart lagra på Haakonsvern. Her vart det utført kjelesjau og nødvendige reparasjonar på  dampkjelen. Den 15. november 1999 vart dampkjelen trykkprøvt og godkjent av DBE sin kjelekontrollør. Hausten 1999 vart eit komplett oljefyringsanlegg  kjøpt hjå ein samlar i Holland. Dette var opprinneleg bygt for den engelske marinen i 1957 og vart utrangert og selt til Holland i 1989.

 

Den 25.september 1999 gjekk M/S ”GAMLE OSTER” igjen frå Bjørsvik til Dåfjorden. Denne gongen for å bli bygt om til dampdreven fjordabåt. Tida i Bjørsvik hadde blitt brukt til fullstendig oppussing under dekk, frå forpiggen og akterover t.o.m. akterpiggen. Akterpiggen vart smurt på turen til Dåfjorden.

 

I månadsskiftet november/desember var kjelefundamentet klart. Kjelen vart ikkje klar før i begynnelsen av februar 2000 og den 7.februar vart dampkjelen  løfta ombord og sett rett opp i fundamentet. Dampmaskina og resten av utstyret vart også lasta ombord og M/S ”GAMLE OSTER” var ute på siste reis som motorskip. Den 29.mai var maskinfundamentet klart og maskina vart sett på plass. Den 1. august vart båten omdøypt til D/S ”OSTER” i heimabrygg i frå Nordhordland og Brit Kari Andersen svinga flaska elegant mot skutesida så heimebrygget spruta i alle retningar. Gamledampen kvitterte med eit halvminutts langt ul i den gamle dampfløyta si. Etterpå gjekk det slag i slag og den 3. august dukka D/S ”OSTER” opp på Bergen havn som hovedattraksjon under opninga av veteranbåtstevnet NORDSTEAM-2000. Til trass for at skipet berre var teknisk- og eksteriørmessig klart vart det ein rørande heimkomst på Vågen i Bergen for sjølvaste Gamledampen. Mange måtte tørka ei tåre eller to i augnekroken sin denne kvelden. Dagane 3. - 6. august vart reine jubeldagane både for ”OSTER” og NHVL. Det heile vart som eit eventyr.

 

Etter at Nordsteam var avslutts gjekk D/S ”OSTER” attende til Bjørsvik for opplag og dugnadsarbeid. Den 21. oktober vart imidlertid kjelen fyrd opp på nytt, og kursen vart sett mot Salhus og gjennopninga av den gamle ferjekaien der. Det var eit fint møte med bl.a. ”BRUVIK” og bilferja ”HAUS” ex. ”OSTER”.

 

Etter denne begivenhetsrike dagen gjekk ”OSTER” attende til Bjørsvik for vinteropplag der.