***Æresmedlem***

 

"ÆRAST DEN SOM ÆRAST BØR".....

Leif H. Askeland
Han innsåg tidleg at Fjordabåtens æra snart var omme, og tok difor ei rundreise med D/S "OSTER" jonsokafta i 1960 for å filme miljøet, kaiane og båten. Denne fargefilmen har vore av uvurderleg betydning i dokumentasjonsarbeidet for restaureringa av D/S "OSTER", ved at den gjev opplysningar som ikkje er beskreve på andre måtar.

Leif H. Askeland vart utnemnd til æresmedlem i 1998.

Leif H. Askeland døydde i 2009


Ivar Medaas
Har gjennom mange år, like sidan tidleg på 60-talet, som artist og trubadur arbeida for å fremja Vestlandet, og kulturen vår. I 1963 skreiv Ragnvald Hammer "Dar kjem Dampen", som Ivar'n sette melodi til, og framførte.Ved hjelp av denne visa vart "OSTER" og fjordabåtane aldri gløymt. Denne songen vart landskjent, og er den mest spelte songen i NRK Hordaland si historie. Sjølv i dag, nesten 40 år seinare, set nettopp denne songen kjenslene i gang hjå svært mange!
Ivar Medaas vart utnemnd til æresmedlem i 1998.

Ivar Medaas døydde 7. januar 2005


Wilhelm Waage
Han er tidlegare avdelingssjef hjå Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Han har vore svært opptatt av historikken og betydninga av ruteferdsla på Vestlandet heilt sidan 1946. Han engasjerte seg aktivt i "OSTER-Komiteen" i 1964 med forsøket på å bevare D/S "OSTER" som eit levande kulturminne. Med i denne komiteen var og døveprest Ragnvald Hammer (som laga teksten til "Dar kjem dampen"), fung. styreformann i INDL Magnus Eikanger og "OSTER" sin siste kaptein Magnus Haaland. Sjølv om bevaringsforsøket mislukkast i 1964, var dette eit av dei fyrste fartøyvernprosjekta i landet. Før den tid var fartøyvern eit ukjend begrep i Norge.

Wilhelm Waage vart utnemnd til æresmedlem i 1998.


Wilhelm Waage
Død 2003


Alvin Bernes
Alvin byrja i INDL i 1948 som matros på D/S "OSTER" og sto ombord like til 1960. Han har seinare vore matros ombord i M/S "Bruvik",  M/F "Oster",  M/S "Manger" og M/S "Lygra" til han gjekk av med pensjon i 1988.

Han har bidratt med svært verdifull informasjon om livet og miljøet ombord i fjordabåtane, og detaljar frå "OSTER" spesiellt. Han jobbar aktivt i restaureringsarbeidet ombord i  "OSTER" gjennom ivrig innsats i dugnadsgjengen.

Det er utruleg å tenkja på at Alvin byrja sitt arbeid ombord i ein kolafyrd dampbåt, segla seinare på bilferjer og moderne hurtigbåtar, og i pensjonisttilværelsen er med å restaurere dampbåten att.

Utnemnd til æresmedlem i 2000.
Død, januar 2015


Alfred Dyrkolbotn
Alfred hadde segla som mannskap og kaptein i INDL, Indre Nordhordland Dampskibsselskap AS.
Han hadde også segla med D/S Oster. Han var ein god støttespelar for NHVL i høve til dokumentasjonar vedk. D/S Oster, han kjende båten frå "gamle dagar"
Alfred Dyrkolbotn var ein svært ihuga mann andsynes restaureringa av D/S Oster, og på sine gamle dagar treivst han godt når han fekk stå på kapteinsbrua å styra båt og vera kaptein.
Alfred blei utnevnd til æresmedlem i 2000

Alfred Dyrkolbotn døydde i 2002


Maria Tepstad
Byrja i INDL som "trisa" ombord i D/S "OSTER", og var ombord der i åra 1934 til 1939. Ho var trise ombord i M/S "Hosanger I" og D/S "Hamre" frå 1939 til 1946.

Ho har bidratt med verdifulle informasjonar om livet og miljøet ombord i fjordabåtane, og detaljar frå "Oster" spesiellt.

Utnemnd til æresmedlem i 2000.

Død 2003


Jan Strand (Skipsingeniør/maskinist)
Ut frå at styret har sett umåteleg pris på den ueigennyttige innsats som Jan Strand har gjort for NHVL, hans energiske innsats m.o.t. teiknings- og berekningsarbeidet som måtte til for at planane våre for OSTER prosjektet kunne verta godkjent av Sjøfartsdirektoratet, i tillegg følgde han framdrifta på restaureringsarbeidet og når noko floka seg, var han budd til å løysa flokane. Difor utnemnde årsmøtet 24. mars 2001 Jan Strand som æresmedlem i laget.

Jan Strand

Død 2003


Dagfinn Hopland,
Seim

Dagfinn Hopland for den lojale og trygge måten han har utført kapteinsoppgåva på, frå overtaking 8. mars 1996 og fram til hausten 2002.
Dagfinn tok på seg denne oppgåva, på ei tid då ingen kunne vita korleis det ville gå med restaureringa av ”OSTER”
Med Dagfinn på brua har OSTER kome trygt fram utan uhell av noko slag.
Dette har gjeve Oster-prosjektet tillit, som har hatt alt å seia for eit prosjekt, som berre kan gjennomførast med milde sponsorgåver.
Dagfinn har sett standarden for Oster sin trygge seglas.

Utnemnd til æresmedlem 27. mars 2004
Død, februar 2014


Kåre Taule,
Søreidgrend

Kåre Taule har gjennom fleire år gjort store og viktige gratistenester for prosjektet vårt. Det kan nemnast.:
Montering av oljefyrings kjelefront. Levering av ei hjelpe fødevass pumpe i byte med ei som hadde fått transportskade. Laga tidsrette messingringar til frontdørene. Full overhaling av dampvinsjen frå Hjellestad, ex. Utrøst. Istøyping av lågtrykksveivlageret sumaren 2002, slik at Oster kunne følgja programmet. Levering av eit 4-løps Bauer smørjeapparat. Støypte 3 nye trykk-lager-ringar.
Kåre er ein person som ikkje vei kva ”nei, dessverre” betyr og har difor ogso på andre måtar ytt hjelp og gjeve gode råd.
I tillegg, og ikkje minst, har han gjennom alle år vore ein nøkkelmann i heile veteranskipsmiljøet i vår region og er framleis det.

På Torgdagen i Bergen 12. juni 2004 vart Kåre Taule tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv. Denne fekk han for sitt gode arbeid med veteranbåtar i Bergen.

Utnemnd til æresmedlem 27. mars 2004
Død, 25. april 2015


Servatius Johannes Strik,
Gravenzande, Holland

Strik har vore, og er framleis, ein av nøkkelpersonane når det gjeld å skaffa viktig utstyr, anten gjevandes eller levert til ”spottpris”. Komplett oljefyringsanlegg, lysmaskin, ventilasjonslyrer, byssekomfyr, 32. stk 9” lysventilar. Alt dette kjem opprinneleg frå den engelske marinen.
I tillegg har han ved fleire høve gjeve oss nyttige råd og vink, synt ein eineståande velvilje, vitja NHVL her ved fleire høve og dessutan vore generøst vertskap under festivalbesøk og andre besøk frå laget, i Holland.
Strik har synt seg å vera ein ekte Oster-ven.

Utnemnd til æresmedlem 27. mars 2004

foto: Knut A. Høyland


Erik Småland,
Hylkje  

Erik har ein formidabel innsats bak seg m.o.t. vern av kystkulturen. Han har vore aktiv i veteranbåtlaget sidan førstninga av 1990 talet, då det vart gjort forsøk på å restaurera D/S Alversund. Han var i fremste rekkje når det gjaldt heimkjøp av M/S Vaka (ex D/S Oster), for å bringa denne båten attende til D/S Oster. Han har heile tida leia dokumentasjonsgruppa.

Det er p.g.a. Erik Småland sine store kunnskaper om korleis D/S Oster var, i si tid, som har ført til at båten nå er restaurert til orginalen og med Riksantikvarens godkjenning. NHVL har hausta fagnad frå Riksantikvaren for Småland sitt arbeid. Det er ikkje få timar han har arbeidd med å finna tidlegare orginalspor etter opphavet, utarbeiding av løysingar, alt lagt inn i systematiske arkiver, følgt båtens framdrift under restaureringa, utført teikningar av innreiing og møblering, i tillegg til styreposisjon i NHVL heile tida. Ein kan trygt rekna Erik sitt arbeid til eit par årsverk i arbeidstid. Alt sitt arbeid har Erik utført som dugnadsarbeid! Det er tvilsamt om nokon her til lands kan måla seg med Småland når det gjeld kunnskap om restaurering av båtar liknande D/S Oster

Utnemnd til æresmedlem 12. mars 2005


Odd Lillejord,
Tyssebotn

Odd kom som eit frisk pust inn i dugnadsarbeidet med D/S Oster under restaureringa som då pågjekk i Bjørsvik, Lindås.

Han gav straks beskjed ” Eg kan arbeida heile veko på båten for eg er pensjonist” Dette var ikkje tomme ord, han har i alle åra deretter synt å leva som han talar.

Odd si kontaktflate gjorde også sitt til at hans motiverande energi fekk kjenningar med seg på restaureringsarbeida, dette var fagfolk, av ymse slag, og som var valde på øverste hylle.

Det må nemnast at han, forutan arbeid i Bjørsvik, var dugnadsmann framfor nokon når skorsteinen var bygd, under arbeid hjå A. Andersen & Sønner AS i Dåfjorden, demontering av oljefyringsanlegget i Holland, reparasjon av dampkjelen i Haakonsvern. Han gjorde sitt til gangs for at D/S Oster skulle koma til Bergen under Norsteam 2000. Han sto også på under arbeid ved Mastrevik Mek. Industrier AS

Han arbeider dugnad under sitt motto.: ”Også vi, når det vil kreves” (Han syng gjerne denne strofen)!

Odd Lillejord har arbeidd som matros og altmulegmann om bord i D/S Oster. Han har også motivert kona si, Hjørdis, til å vera trise om bord, samt at ho er laget`s kasserar.

Utnemnd til æresmedlem 12. mars 2005


Hans Brandtun,
AUSTRHEIM

For den store innsatsen han har lagt ned i det elektriske installasjonsarbeidet ombord på D/S OSTER.
Hans tok på seg dette i ei tid då OSTER nettopp var ombygt frå å vera ein fraktebåt til å bli tilbakeført til dampbåt.
Den elektriske installasjonen bar preg av naudløysingar etter anleggsfordelarprinsippet, men tiltrass for dette vart ikkje Hans skremt bort.
Han engasjerte seg og fekk istand eit fruktbart samarbeid med Austrheim v.g. Skule, som har gjeve OSTER ein framifrå god skipsinstallasjonen.

Alt dette har han gjort vederlagsfritt og årsmøtet i Nordhordland Veteranbåtlag vil visa takksemd for denne generøsiteten, ved å utnemna Hans Brandtun til æresmedlem.

Utnemnd til æresmedlem 24. mars 2007


Roald Kaland,
Stokke, BRUVIK

For den store innsatsen han har lagt ned som tømmermann om bord på D/S OSTER.
Vinteren 2001/2 vart heile båt- og promenadedekket fornya. Roald sytte for å blanda opp nok ”Oster-special” slik at impregneringa kunne gå etter ein turnus-plan, heile påskehelga 2002. Dette resulterte i at det vart smurt omlag 40 strøk vått-i-vått og mange meinte at det var like før impregneringa trekte heilt igjennom dekksplankane.

Denne impregneringa resulterte i at OSTER har fått eit stabilt tredekk, som sjølv etter mange soldagar held stand og ikkje gisnar.
Roald gjorde også arbeidet med å leggja topplank på bruvingene. Her bearbeidde han teakplankane, slik at dei ser ut som møbel. Overgangen frå bruvingene og til båtdekket er eit meisterverk, som mange fagfolk er storleg imponerte over.

Seinare vart meisterverket fullført, då han laga dei aktre rekkeportane, som også er eit framifrå fint tømmermannsarbeid.
Ved slippsetjinga ifjor måtte store delar av innreiinga i 1. plass salongen demonterast. Dette klarte han saman med ein handplukka medhjelpar å få på plass igjen på berre ein dag.
Årsmøtelyden i Nordhordland Veteranbåtlag vil visa takksemd for den innsatsen Roald Kaland har lagt ned i OSTER, ved å utnemna han til æresmedlem.

Utnemnd til æresmedlem 24. mars 2007


Ekteparet Bjørg og Arnt Otto Veland,
Viddalen, MORVIK,

Dei har vist seg å vera to sanne OSTER-vener. Dei har saman støtta opp om OSTER-prosjektet på ein eineståande måte og har stått til teneste når det har vore noko dei har kunna hjelpa til med. Mykje nyttig utstyr har dei også skaffa til D/S OSTER. Dei har utført utallige transportoppdrag, med å henta varer eller transportere personell.

Arnt Otto deltok også aktivt i restaureringsarbeidet, då båten vart tilbakeført til dampbåt i Dåfjorden. Han var vekependlar til Sunnhordland i denne tida.

Bjørg og Arnt Otto var også tidleg ute og gav direkte sponsorstønad til laget og ikkje minst har dei fleire gonger hjelpt laget gjennom ”vår-knipa”, som i fleire år var årviss.

Årsmøtelyden i Nordhordland Veteranbåtlag vil visa takksemd for all innsatsen og velviljen som Bjørg og Arnt Otto Veland har lete koma OSTER til gode, ved å utnemna dei til æresmedlem.

Utnemnd til æresmedlem 24. mars 2007
Bjørg Veland døydde i 2008
Arnt Otto Veland døydde i 2011


Vidar Lehmann,
Søreide, BERGEN

for hans store engasjement i OSTER-prosjektet. Han har pleia sponsorkontakten på ein slik måte at Oster-prosjektet har blitt tilgodesett med støtte, slik   at prosjektet let seg gjennomføra på rekordtid.

Vidar har hatt den rette Stå På-innstillinga og han har ikkje mista motet om nokon svara negativt. Me prøver igjen neste år, var kommentaren hans då! Denne taktikken har vist seg å gje resultat !

Vidar var med i styret frå årsmøtet i -96 og fram til i -06. Han var nestleiar i alle desse åra. Frå år 2000 var han også prosjektleiar. Utan Vidar sitt store engasjement i prosjektet, så er det mange av oss som aldri ville få oppleva å sjå D/S OSTER i drift med dampmaskin rundt om i fjordane våre.

Etter at dampskipet OSTER kom i fart er han ofte med på turane, som matros eller billettør. Med sin yrkesbakgrunn har han ved fleire høve gjort teneste som skipslege. Vidar har vist seg å vera ein ressursperson for prosjektet og han er stadig igong med spesialoppdrag for laget. Just nå er han formann i Jubileumskomiteen.

Styret innstiller Vidar Lehmann som kandidat til å bli æresmedlem i NHVL

Utnemnd til æresmedlem 29. mars 2008


Karstein Stene,
BERGEN / LINDÅS

for den store interessa for Osterprosjektet.

Karstein har vore konferansier alt frå fyrste dag i Oster-prosjektet. Dette er noko Karstein beherskar til det fullkomne.

Karstein har med si store kontaktflate også vist at han har eit godt lag med å henta inn pengar til Gamle Dampen. Han har laga til lotteri, CDar og mykje meir. Karstein er ein fantasifull kar og han har skaffa mange gode bidrag til prosjektet. Han har vore med i styret frå i -99 til han går ut ved dette årsmøtet.

Styret innstiller Karstein Stene som kandidat til å bli æresmedlem i NHVL.

Utnemnd til æresmedlem 29. mars 2008


Tor Johannes Bjørgaas,
Ostereidet, LINDÅS

Tor J. Bjørgaas har hatt eit godt auge for D/S OSTER sidan båten gjekk ut av samferdsla i 1963. Då D/S ALVERSUND viste seg ikkje å kunne restaurerast, fekk Tor høyra at M/S VAKA (Ex Gamle Dampen) var til sals. Heimkjøpet av denne vart gjort, og markert ved Shetlands Larsens Brygge 08. Mars 1996. Så tok restaureringsarbeidet til.

Det er ingen i Nordhordland Veteranbåtlag som har lagt ned så mange dugnadstimar på restaurering av D/S OSTER som akkurat Tor. Han er maskinmeistar av utdaning, og har tilmed dampmaskinsertifikat. Han har hatt mange gode kjenningar både i inn- og utland som han har kunna søkja hjelp hjå når viktige ting til båten skal skaffast, noko som kan vera vanskeleg til ein antikvarisk båt. For oss som fekk oppleva at D/S OSTER rakk til Bergen under Nordsteam 2000, gløymer ikkje at det var Tor sin innbitte vilje som gjorde at dette lukkast.

Tor har ei eigen evne til å få folk med seg å arbeida dugnad på Gamle Dampen. Framhevast må nemnast Tor sin strukturerte måte å arbeida og leia laget på. Han er alltid førebudd til kvart møte og hans minne er velkjent.

Styret i NHVL meinte nå at det var på høg tid at laget heidra Tor J. Bjørgaas med å utnemna han som Æresmedlem.
Hadde det ikkje vore for han, så hadde me ikkje hatt denne båten som eit levande sjøens kulturminne som det er, og som feirar 100 år i 2008.

Utnemnd til æresmedlem 29. mars 2008


Magne Angelskår,
Ostereidet, LINDÅS

Magne Angelskår har gjort teneste som skippar, styrmann og altmuligmann ombord på Oster frå sommaren 2002.

Etter eit langt yrkesliv både i sandfart og rutefart er Magne farvannskjent som få og han fann fort den gode tonen med Gamle Dampen. Når Magne slår standby i maskintelegrafen før avgang ifrå Bjørsvik, då er han i slag og OSTER snur rundt på 1-2-3 !

Magne regjerer på brua med glimt i augo, gjev tydelege beskjedar til mannskapet og han orienterar passasjerane, over høgtalaranlegget, på ein likandes måte.

Magne har lagt ned ein kjempeinnsats i vedlikehaldet av Gamle Dampen, med mange lange dagar. Han har hatt hovudansvaret for å halda redningsmateriellet iorden.

Årsmøtet i NHVL ville vise takksemd og respekt for den innsatsfyllte tenesta som Magne har lagt ned til no, ved å utnemne han til æresmedlem. Samstundes ønskjer årsmøtelyden at han vil fortsetja ombord i mange år framover.

Utnemnd til æresmedlem 28. mars 2009


Ragnhild Bjørgaas vart utnemd til æresmedlem for langvarig og trufast innsats som trise ombord på OSTER.  

Ho syter for at alt er på plass ombord, før OSTER legg ut på tur. Ho lever og ånder for at alt skal vera på stell, passasjerane skal stellast godt med og mannskapet skal ha skikkeleg kost når dei er i tenesta. Ragnhild er ikkje redd for å ta eit tak og stå på.  

Trisene på OSTER er kjente for deiras gode humør og latteren set laust og her finn Ragnhild seg til rette og trivest.

Me ønskjer Ragnhild tillukka som æresmedlem og håper at ho blir å sjå ombord på Oster i mange, mange år framover.

Utnemnd til æresmedlem 26. mars 2011


Roald  Moldekleiv vart utnemd til æresmedlem for langvarig og trufast innsats som dugnadsarbeidar i maskinromet på OSTER.

Roald har vist seg å vera ein dyktig mekanikar som er nøyaktig i alt sitt arbeide.

Under ombygginga frå fraktebåt til dampbåt fekk Roald motivert fleire av kollegaene sine til å bli med på dugnadsinnsats i Dåfjorden. Dei fekk låne med seg proffesjonelt verktøy, slik at arbeidet gjekk unna raskt og effektivt. Utan denne innsatsen hadde det blitt vanskeleg å få båten ferdig til Nordsteam 2000.

Roald har vore med på både drift og vedlikehald av maskineriet på OSTER i mange år.

Vinteren 2009/2010 deltok han på Maskinistkurset og fullførte dette i tillegg til at han også var i full jobb hos Frank Mohn. Dette var ei bragd som det står stor respekt av.

Me ønskjer Roald tillukka som æresmedlem og håper at han vil halda fram om bord på Oster i mange, mange år framover.

Utnemnd til æresmedlem 26. mars 2011


 

VIGDIS MARKUSSEN,
for hennar langvarige innsats for NHVL, som styremedlem, effektforvaltar og medlemslisteførar.

Vigdis vart valt inn i styret på årsmøtet i 2001 og har ført medlemsoversikta på ein god måte. Ho har lagt mykje energi i å kunne identifisera anonyme betalarar av medlemspengar og liknande. Ho har også vore effektforvaltar for laget.

Vigdis er ein person med godt humør og det er aldri kjedelig der ho held til.

Årsmøtelyden håpa at Vigdis blir aktivt med NHVL i mange år framover.

Utnemnd til æresmedlem på årsmøtet 29. mars 2014


 

ODD TEPSTAD,
for hans langvarige innsats som styremedlem og nestleiar i NHVL.

Odd er med på turane anten som matros eller billettør. Når den kolfyrte byssekomfyren skal fyrast opp, så er dette noko Odd tek seg av.

Odd har sin yrkesbakgrunn frå Politiet og det har vist seg fleire gonger, at han beherskar litt vanskelege situasjonar betre enn folk flest.

Odd er eit trufast mannskapsmedlem og det er ikkje mange turar han avspaserer i løpet av sommarsesongen. Unntaket er når barneborna har bursdagar og liknande.

Han har også motivert fru Anna til å vera med på dugnadsarbeidet på OSTER.

Årsmøtelyden håpar at både Odd og Anna blir aktivt med i NHVL i mange år framover.

Utnemnd til æresmedlem på årsmøtet 29. mars 2014


TOR VABØ
vart utnemdt til æresmedlem på årsmøtet den12. mars 2016.

Tor har over lang tid har vist seg å vera ein allsidig mekanikar. Det kan nevnast honing av sylindrar, maskinering og tilpassing av veivlagre m.m. Vidare har Tor laga nye sleidar både til den dampdrivne lysmaskina og kjelevifta.

Over lengre tid har Tor følgt HT-sleiden ”på pulsen” og den siste modifika- sjonen hans har vist seg å gje ein roleg gange på sleiden og hovudmaskina.

No var tida inne til å visa takksemd for det Tor har gjort ved å utnemna han til æresmedlem.


 

Foto av W. Waage og L. Askeland: Hans K. Bukholm
Foto av M. Tepstad, A. Dyrkolbotn og I. Medaas: Munck Film AS.
Foto av Servatius Strik: Knut A. Høyland
Foto av Erik Småland: Gunnar B. Lehmann
Foto av Odd Lillejord: Karstein Stene
Foto av Hans Brandtun: Privat

Foto av Roald Kaland, Roald
Moldekleiv: Knut A. Høyland
Foto av Bjørg og Arnt O. Veland: Karstein Stene
Foto av Kåre Taule, Vidar Lehmann, Karstein Stene
, Tor J. Bjørgaas og Magne Angelskår: Eilif Stene
Foto av Tor Vabø: privat