Driftsprofil for D/S OSTER


D/S OSTER siglar nå i ei anna verd enn den gong han var rutebåt. Når ny driftsprofil skal meislast ut, bør hovudvekta liggja på båten både som kulturminne og kulturberar. Båten sitt omdøme står og fell med at han på ein verdig og varig måte let seg sauma saman med heilskapen i det samfunnet han nå på ny tilhøyrer. Med tilvising til laget sin føremålsparagraf og til det offentlege som største tilskotgjevar både til nå og truleg og i framtida, er dette og ei særleg plikt.

Perspektiv på tradisjonen :
Minnet har mange fasettar: D/S OSTER er på heile Vestlandet den einaste attverande av dei tradisjonsrike, små, dampdrivne fjordabåtane som fram til over midten av 1900-talet var hovudsambandet både mellom Bergen og omlandet og bygdene innbyrdes.

I si tid som rutebåt fylte D/S OSTER den siste helvta av overgangen frå bondesamfunnet til indstri- og velferdstaten. Samstundes representerer båten overgangstida frå sjøverts til landverts samferdsle, og som dampbåt perioden mellom segl og nåtida sine framdriftsmåtar.

Straumane av passasjerar, gods og post greip inn i så mange livsområde og vart med åra så fast knytte til båtar av denne typen, at D/S OSTER i sitt fartsområde lenge var sjølve symbolet på kontakten både til den nære og den vide omverda. At bygdefolka sjølve var luteigarar i ein så staseleg og, den gongen, rask og sterk båt, gjorde nok heller ikkje skade på sjølvkjensla.

Ei reis med D/S OSTER var ei oppleving av sjøgang, røyk og vind, stoppestader, dekksutstyr, innreidde lokalitetar og krusetøy, larm frå maskin, winsj, fløyte og klokke, ljos, lukter, varmen frå maskinromet, kommandorop frå styrehusvindauga og bruvingar, eit heimekjent mannskap med allslags gjeremål, ulike typar ferdafolk, stundom og smale og beist. Med den grønkvite kjølvatnstripa svinnande attom seg pløygde eit lite univers seg fram gjennom dønningane mot ei større verd og ei ny tid. Ikkje minst hjå born let turane med D/S OSTER etter seg rike minne.

I våre dagar er det umogeleg å få med seg alt dette. Mindre trivelege sider, så som uhygieniske toilett, krøterskit under byskoa, stort sotfall, overfylte dekk og like fulle folk er det heller ingen sterk grunn til å ynskja seg attende.

Ålmenne prioriteringar :
Ein bør leggja til rette for at både båt og reisemål skal ha gode opplevingsverdiar. Kostnad- effektiv drift av ein dampbåt føreset og at flest mogeleg turar er planlagde ei tid på førehand.

I tillegg til eit utval av turar til aktuelle kulturminne, og som godt kan variera noko frå år til år, ynskjer ein å profilera båten mot faste arrangement, som kystkulturstemne, festivalar, messer, utstillingar og andre tilstellingar og opplevingar av natur, miljø og arbeidsliv. Pris- setjinga bør reflektera ei slik prioritering, ved at ein ikkje ”prisar seg ut” av samfunnsoppgåvene ved alltid å gå etter det høgaste bodet. Ein ynskjer her som elles eit informert samspel med dei offentlege kulturetatane, organisasjonane og næringslivet.

Mellom slike ”fastare” turar skal D/S OSTER og ta på seg einskildoppdrag, som åremåls- dagar, firmatilstellingar og liknande. Ein ser og gjerne at nokre turar, om det så høver, blir kopla opp mot overnattingar på land og/eller mot tradisjonell landtransport. Overnatting ombord for fleire enn mannskapet kan berre unntaksvis koma på tale, og då berre for eit fåtal passasjerar.

På alle turar bør det setjast av personellressursar og materiale til god orientering, informasjon og omvisingar ombord. På sikt vonar ein og å nytta båten i undervisingsamanheng, til dømes ved eigne opplegg for ungdomskuleklassar og ved maritime eller andre fagskular.

Praktiske sider :
For å sikra ein einheitleg driftsprofil, unngå mistydingar på grunn av dobbeltkøyring og førebu ei grei og trygg avvikling, skal alle førspurnader om oppdrag og andre avtalar om turar og andre utoverretta oppgåver frå starten henvisast til og avtalast og førebuast av ei definert gruppe, med leiar og medlemer oppnemnde av styret. Under oppdrag, inkludert ved kai, når båten sitt kommandosystem gjeld, samarbeider dei løpande med skipsleiinga.

Besetninga bør vera kledde slik at dei er greitt attkjennande som det, gjerne omlag slik det var vanleg tidleg på sekstitalet, men sidan praksisen den gong og varierte, vil ein ikkje handheva dette for strengt. Vel så viktig som kledebunaden er at det er nok eigna folk ombord både til å ha ei trygg hand om båten og til å ha tid og venleg omtanke for passasjerane.

Skjenking av øl og vin vil føregå til slutta selskap og etter fastlagde retningsliner. Ein frå mannskapet skal i slike høve alltid vera oppnemnd som ansvarleg, og løyvet skal vera med ombord, slått opp på synleg stad. Skjenkinga skal føregå frå person til person og vera styrd slik at både ålmenn trivnad og sikkerheit er godt ivaretekne. Ved opne passasjerturar og ved open båt under land skal det som hovudregel ikkje vera skjenking av alkoholhaldig drikke. Ein føreset som sjølvsagt at besetninga følgjer dei for denne type arbeid ålment gjeldande reglar for fråhald.

Vedlikehaldet av båten som kulturminne tilseier og at drifta blir styrd med ei viss varsemd. Så lenge båten går med gratis mannskap må ein og vakta seg for å driva for hardt. Det kan difor vel henda at ein legg inn ein pause midt i ferietida, og at ein, om det er kapasitet, i ein del av denne tida kanskje kan ha open båt ved kai. Ein ser og gjerne at D/S OSTER til tider er synlig i Vågen, til dømes i pausar mellom turar, og helst då ligg jande ved sin gamle kaiplass. Dei to store salongane kan ved landligge og eigna seg til styremøte og andre slutta samkomer.

Førebels er det ikkje aktuelt å søkja passasjerløyve utover fartsområde 1 og 2, som svarar til dei farvatna D/S OSTER før sigla i som rutebåt. Dette inneber at ein i alle høve førebels ikkje tek mål av seg til å frakta betalande passasjerar over opne havstykke.

Dokumentet er vedteke av styret for Nordhordland Veteranbåtlag den 13. januar 2005.

Etter fullmakt:

Tor J. Bjørgaas
Styreleiar (sign)