Markering av delmål.

Som kjendt ligg D/S Oster ved Mastrevik Mek. Verkstad AS for utvendige restaureringsarbeider.
Det er tre og stålarbeid frå hovuddekk og opp som skal vera fullførde til påske 2001. Arbeidet har ei totalramme på nær 1.8 millionar kroner og har god framgang.
Den store skilnaden vil koma ved montering av nytt promenadedekk og livbåtar, rett lasteluke og dekkshus. Dei tekniske utfordringane er nå løyste.
Torsdag 4.januar nådde me eit delmål,og nå er dekkshuset kommen på plass. Dette blei markert med ei samling ved Mastrevik Mek. Verstad AS. Tilstades var spesielt innbudne og pressa.
Prosjektleiar i Nordhordland Veteranbåtlag, Vidar Lehmann fortalde om den vidare framdrifta:
Arbeidet ved Mastrevik Mek Verkstad AS skal væra fullførde i slutten av mars 2002, det vil sei at då skal det vera kommen opp dekkshus, promenadedekk og ny lasteluke, og det vil då også ha våre gjordt ein del arbeid under dekk, og me vil sjå livbåtane og davidtar på plass og da vil båten vera på ein heilt ny måte gjennkjenneleg som den "gamle" Oster som folk huskar.
Deretter settes kursen mot Hardanger  Fartøyvernsenter i Nordheimsund, for å fortsette med innreidning av dei lokalitetane som nå er bygd opp. Det vil sei damesalong og postlugar nede. Oppe: dei to dekksalongane og kapteinslugar. Meiniga er at det skal inreiast slik at det blir mest muligt likt den gongen Oster gjekk i rute.
Rekka skal og fornyast og det har me fått tak i materialer til. Me håpar å vera ferdige med detta arbeidet til sumaren og at vi då kan vera med på ein del kulturarrangement, men noko passasjersetifikat får me ikkje før tidligast i 2003.
Medan Vidar fortalde om framdrifta fekk me som var tilstades servert kake frå Henry Helgesens Conditori og ein god kopp kaffi av
Mastrevik Mek. Verstad AS.

Foto frå markeringa.

Dekkshuset blir heist ombord.

Dekkshuset blir heist ombord.

Under Dekkshuset.

Publikum på kaien.

Alvin Bernes som har jobba mange år på Oster,
godkjenner den nye lasteluka før montering.


Fantastisk kake spandert av Helgesen´s Konditori.

Leiar Tor J. Bjørgås sprettar herligheten.