Referat frå årsmøte 2005 i Nordhordland Veteranbåtlag

Årsmøte i Nordhordland Veteranbåtlag

Etter innkalling vart det halde årsmøte i Nordhordland Veteranbåtlag den 12. mars 2005 på Ostereidet Skule.

 

Det møtte 30 medlemer, i tillegg Vegar Bakka frå Posten og Per Jon Odeen, som skriv boka om D/S OSTER.
Arthur Brekke frå Posten møtte også, men han er medlem av laget. 

Sakliste

[1]:
F
ormann Tor J. Bjørgaas opna møtet med å ønskja dei frammøtte velkomne.

[2]: 
Det var ingen merknad til innkallinga.

[3]:
Ivar Medaas. Etter at formann Tor J. Bjørgaas mintes vårt æresmedlem og hans store betydning for D/S OSTER, reiste medlemene seg og mintes Medaas med 1 minutt stillheit.

[4]:
Til ordstyrar vart vald Jostein Sørensen

[5]:
R
eferent Karstein Stene, til å underteikna protokollen vart Finn Guldbrandsøy og Lendy Stormark valde.

[6]:
Årsmelding var det ingen merknader til, som vart godkjendt.

[7]:
Rekneskap. Rekneskapen vart godkjent. Prosjektleiar Lehmann sa at rekneskapen spegla av drift av båten i rekneskapsåret.

[8] Val:
Magne Hellan frå valnemnda la fram nemnda sine framlegg til styre og tillitspersonar for 2005/06:

Formann: Tor J. Bjørgaas
Varaformann/prosjektleiar: Vidar Lehmann
Styremedlem: Vigdis Markussen
Styremedlem: Erik Småland
Styremedlem: Odd Lillejord
Styremedlem: Jan Ove Krossnes
Styremedlem: Karstein Stene

Varamedlem: Ragnar Berg-Hansen
Varamedlem: Odd Tepstad
Varamedlem: Roald Moldekleiv

Valnemnd: Magne Hellan
Valnemnd: Finn Guldbrandsøy
Valnemnd: Atle Haukøy

Revisor: Deloitte AS v/ Oddvar Sundsbø

Kasserar: Hjørdis Lillejord

Etter valet vart det kaffi- og matpause. Det er lokaltrisene med Ragnhild i spissen som står for dette måltid, som vanleg er. 

 

Medlemspengar 2005.

Styret sitt framlegg om at medlemspengane framleis skal vera kr 250,- årleg vart vedteke. 

 

Driftsprofil.

Vidar Lehmann kom med framlegg om driftsprofil for D/S OSTER, som også var styrebehandla og godkjent av dette. Medlemsmøtet slutta seg til og godkjende driftsprofilen, slik den var framsett. Dokumentet vert eindel av årsmeldinga.

Utnemning av æresmedlemer.

Etter framlegg og behandling av styret, vart det vedteke å utnemna følgjande til NHVL sine æresmedlemer:

- Erik Småland

- Odd Lillejord 

 

Formannen NHVL las opp grunngjevingane for utnemninga. Dette, saman med foto av desse, er lagt inn på våre heimesider. 

 

Det offisielle årsmøte var nå slutt. 

 

Gåve frå Posten.

Arthur Brekke, den ihuga veteranpostmann, kom fram med ei gåve til NHVL. Det var eit postflagg, noko større enn det som D/S OSTER no hadde. Arthur Brekke og Vegar Bakka er svært interessert i å profilera Posten og dens historie, noko som NHVL er svært takksame for.

 

Foto av overrekkinga teke, vert å sjå på heimesidene. Ikkje nok med flagg, kvart medlem fekk som gåve 2 eksemplarer av ”Postskyssen `97” som er litt historisk om Posten, samt 8. frimerker til. Dette let seg ikkje kjøpa lenger.

 

Vegar Bakka, som representerer Postmuseet kom også fram med gåve til NHVL. I ein gamal ”verdipostsekk” tok han fram eit historisk fotografi av Olav Fotland f.1888, som reiste som postmann i kystruta Bergen-Oslo og v.v. Bakka meinte at Fotland kan ha reist med D/S OSTER også, sjølv om det ikkje finnst dokumentasjon på slikt.

 

NHVL vonar, på det aller beste, at Arthur Brekke og Vegar Bakka vert å sjå ombord i D/S OSTER som våre gode vener framleis. Dei er med å  æra både Posten, D/S OSTER, sitt fag og tradisjon. 

 

Bok om D/S OSTER.

Per Jon Odeen, som saman med Kjartan Rødland, skriv bok om D/S OSTER gjorde greide for boka. Det er meint at boka skal vera i sal frå 11.juni 2005, då D/S OSTER skal erklærast restaurert av fylkesmannen i Hordaland.

 

Boka vert pålag 200 sider, 50% foto og 50% tekst. Boktiltaket er i dei beste profesjonelle hender og me må oppmoda alle medlemer om å kjøpa denne, dette er også bidrag til restaurering av båten. 

 

Karstein takka kort trisene for maten. 

 

Tor J. Bjørgaass takka for frammøte, og spesielt Jostein Sørensen for god møteleiing.  

13.mars 2005
Karstein Stene (sign.)
referent

Finn Guldbrandsøy (sign.)

Lendy Stormark (sign.)