Referat frå årsmøte 2002 i Nordhordland Veteranbåtlag


Referat frå årsmøte 2002 i Nordhordland Veteranbåtlag

Møtet vart halde på Ostereidet skule 16. mars 2002 kl. 1400.
Det var 42 frammøtte.

Pkt. 1,2,3.
Innkallinga vart godkjend.
Jostein Sørensen vart vald til ordstyrar, Vidar Lehmann til referent, og Viggo Nonås og
Jens Kåre Fløholm til å attestera referatet. Saklista vart godkjend, referatet fylgjer denne.

Pkt.4,5.
Årsmelding vart opplesen av leiaren. Han gjorde det klårt at kasserar og sekretær ikkje har vore valde styremedlemer, og orsaka styret for at formuleringa i årsmeldinga i så måte ikkje var heilt eintydig.

Ein drøfta abonnementet på Dampskipsposten. Styret vil drøfta opplegget vidare med dei andre eigarane, men halda oppe abonnementet. Eit arbeid innan dokumentasjon som og vert av stor verdi når innreiinga med det første startar er intervjumaterialet som Hans Kristian Bukholm har samla.

Rekneskapen vart opplesen av leiaren med kasseraren ved sida. Prosjektleiaren kunne på spørsmål frå salen opplysa at frå arbeidet med D/S OSTER starta i 1996 og til nå har ca.17 % av inntektene kome frå offentlege løyvingar, ca. 33% frå lagsarbeid og ca. 50 % i form av tilskot frå private, fonds og firma/organisasjonar. Lagsarbeidet sin andel har vore aukande dei siste par åra. Til nå er frå desse midlane tilsaman investert godt og vel 4 millionar kroner. I tillegg kjem så gratis leveransar av varer og tenester, og hertil verdien av dugnadsinnsats, dokumentasjon og anna prosjektarbeid.

Det vart frå salen nemnt at det ville vera ein føremon om ein ved årskiftet talde opp og tok med i rekneskapet innkjøpsverdien av lageret av salsartiklar. På den måten kunne ein få eit klårare bilete av tilhøvet mellom kjøp og sal frå år til år. Lagsgruppa vil vera merksam på dette. Med desse merknader vart årsmelding og rekneskap godkjende.

Pkt.6.
Alle val vart gjorde med akklamasjon og i samsvar med valstyret si innstilling.
Tor J. Bjørgaas vart attvald som leiar. Odd Lillejord og Vidar Lehmann sto på val og vart attvalde som medlemer. Dagfinn Hopland og Roald Moldekleiv vart attvalde som varamedlemer. Ragnar Berg-Hansen vart vald som nytt varamedlem etter Normann Eikanger, som går ut. At tre varamedlemer vart valde denne gongen skuldast tilpasningar i høve til førre årsmøte. Revisorane Jens Kåre Fløholm og Jan Skår vart attvalde, likeins valstyret, med Kåre Bjørge, Magne Hellan og Finn Guldbrandsøy.

Pkt.7
Medlemspengane for vanlege medlemer vart fastsette til kr. 250 pr.år frå og med år 2003. For andre medlemer skal satsane vera uendra.

Pkt.8
Etter drøfting gav årsmøtet etter framlegg frå Vidar Lehmann tilslutning til at målet nå vil vera at D/S Oster skal oppnå avgrensa passasjersertifikat sumaren 2003. Dette vil innebera at dei planlagde innreiingsarbeida ved Norheimsund Fartøyvernsenter vert fullførde, og at innkjøp og montering av sikkerheitsutstyr og andre pålegg frå skipskontrollen vert gjennom- førde.
Dei naudsynte innreiingsarbeida på hovuddekk og baåtdekk vil kosta rundt kr. 800.000. Hovuddelen av dei tekniske arbeida utover det som er under utføring ved Mastrevik Mek reknar ein med at kan gjerast på dugnad eller som gratistenester. Sikkerheitsutstyret reknar ein og med at for ein del kan leverast gratis. Difor er det ikkje mogeleg å berekna totalkonstnaden på førehand. Flåtane åleine vil truleg kosta rundt kr. 150.000.

Ostereidet /Bergen, mars 2002

Vidar Lehmann (ref)

Attestert.:
Jens Kåre Fløholm Viggo Nonås
(sign.) (sign)