Arnt Otto Veland 1935 - 2011
Minneord frå Nordhordland Veteranbåtlag i Åsane Gamle Kirke, 12. august 2011

 

 

På vegne av styret i Nordhordland Veteranbåtlag har eg i dag
fått det ærefulle oppdrag å bera fram vår siste takk og helsing
ved båra til vårt æresmedlem si siste ferd, til kvile i evigfreden.
Sjølv vart eg kjent med Arnt og Bjørg under ein fjordtur med
D/S Børøysund i 1992. Dette kjennskapet utvikla seg til eit
godt venskap med begge to.
Det var kona mi, Inger, som presenterte oss, ho kjende Arnt frå
ungdomstida.
Både Arnt Otto og kona Bjørg var begge æresmedlemer i
Nordhordland Veteranbåtlag.
Eg vart betre kjent med Arnt frå mars 1996 då veteranbåtlaget
kjøpte heim M/S Vaka, som var den gamle D/S Oster.
Arnt viste seg å vera ein ivrig veteranbåtentusiast, og ei tid
var både han og eg styremedlemer samstundes nokre år.

Dei økonomiske problema, d.v.s. mangel på pengar var hovudsak
i styret i mange år. Skulle me byggja Gamle Dampen atter til
D/S Oster so vart det dyrt.
Pengar vart samla inn, dugnadsånda var stor, noko midlar fekk me
lånt i bank, og mange beløp fekk me frå sponsorar.
Men, ved fleire høve var kassen likevel tom.
Eit døme er at då D/S Oster kjøpte ny mast, gav Arnt beskjed om
at me skulle setja i gang, han skulle låna laget pengar til denne,
slik at Gamle Dampen kunne koma til Bergen med ny mast
til Torgdagen i 2001, kor båten kom i triumf.
Arnt gjorde ofte teneste som bank for denne båten.
Tidleg i restaureringsfasen kom Arnt og Bjørg til formannen i
veteranbåtlaget med tilbud om økonomisk støtte.
Eg trur trygt eg kan seia at dette gjorde mykje til at veteranbåtlaget
tørde å setja restaureringsarbeidet i gang.

D/S Oster skulle ombyggast ved verkstad i Dåfjorden i Fitjar.
Målet var å få Gamle Dampen til Bergen til Nordsteam 2000.
Arnt fekk med seg sin gode ven, Leif Heggernes, dei reiste til
Dåfjorden og utførte stort dugnadsarbeid, på fagleg vis, og
då båten var ferdig på verkstaden var Arnt med frå Dåfjorden
til Salhus.
Arnt snakka ofte om denne tida og var stolt over at båten kom
seg fram på eiga maskin.
Tida gjekk og båten vart meir og meir ferdig, i 2008 erklærte
fylkesmann Svein Alsaker båten for ferdig restaurert,  D/S Oster
var då 100 år.

I 2004 var D/S Oster engasjert av oljeselskapet Bennex som
representasjonsbåt for selskapet, under oljemessa ONS i
Stavanger.
Arnt ville gjerne vera med på dette, og eg vart med han i
bil til Stavanger. Målet vårt var å ta trossa då båten la til kai.
Me kom tidleg til Stavanger, gjekk på kaien og speida, og
so kunne me beggje syngja: ”Dar kjem dampen”, då me øygna
båten i fjordgapet.
Arnt og eg tok vel kvar si trosse, med hjelp av havnefolka,
dette var ei storhending for alle i veteranbåtlaget, og Arnt
fryda seg over dette.
Ein annan tur eg var med Arnt på var då D/S Oster skulle til Ølen
og Utbjoa. Ogso ein tur kor Arnt fryda seg over.
Det kunne vera so mangt å minnast om D/S Oster og Arnt, men
mangt får vera til seinare minnestunder om farne folk.

Eit kvart menneske set sine spor, Arnt har sett sine.
Då Bjørg døydde i 2008 tok Arnt det tungt, han var ofte på
kontoret hjå meg og me samtala mykje både om det og anna.
Frå veteranbåtlaget si side kan ein ikkje koma utanom å nemna
Bjørg, dei var saman om interessa for Gamle Dampen.
I 2003 fekk Tor J. Bjørgaas og Vidar Lehmann kongens forteneste-
medalje, dette under ein sermoni på båten som låg ved
Shetland-Larsens Brygge i Bergen.
Arnt hadde fått ein arv frå mor si og sine 2  tanter, av denne kom han med ein
gratulasjonssjekk på Kr. 50.000.- til D/S Oster sitt beste.
Bjørg skreiv eit nydeleg  dikt til denne hendinga, diktet og foto av
tanter og mor til Arnt vart ramma inn, og det heng om bord i D/S Oster.

For nokre år sidan var Arnt ramma av ein uhelbredeleg sjukdom og
kom på Åstvedt Sjukeheim.
Eg m.a. var med nokre frå styret i veteranbåtlaget for å helsa han
på 75 års markeringa hans. ”Eg tror ikkje eg vil dette” sa han til meg.
Han ville nok ikkje visa oss i sin dåverande tilstand.
Det er ein song eg er glad i. Den har ein tekst i refrenget.:
”Kom tilbake svunnen tid”
Nei, svunne tider kjem ei att, men dei gode minner om svunne tider,
om folk og hendingar, ja dei lever i tankane dagleg.
Arnt er ein av dei som me vil hugsa so lenge me sjølv lever.
Han var det gode menneske som har sett sine spor, og det er
trist og vemodig at me her i dag skal følgja Arnt til hans siste
kvilestad.

Det er mest sorgsamt for Arnt og Bjørg si dotter, Anita, som har
mista sin far, barnebarna som har mista sin bestefar, og Per Ola som
har mista sin svigerfar. Men søstra Marit har ogso mista sin bror, og
Helge sin svoger og Erlend har mista sin onkel.
Sorgarbeid er noko som me mennesker må leva med.
I dag sørgjer over at det gode menneske Arnt Otto Veland er borte,
men minna etter han lever i oss til all tid.
Takk for følge.
Fred med minnet ditt Arnt!

Karstein Daae Stene


(Etterord)
Til ARNT sitt minne.


Intet blir som det var en gang!
Havet ligger stille nå.
De siste bølger er brutt mot land.
Havets mann har sluppet sitt anker,
Stille nynner vinden sin sang.
Intet blir som det var,
Slik fjære avløses av svulmende flo,
Tang som driver mot lune bukter,
Hvor er dets håp og tro?
Hvem skal lede mot viker og trygge havn?
Hvordan kan havet fortsatt ligge så stille og
ikke urolig av savn?
Hvordan kan de magiske drømmers steder
fortsatt vise seg fram,
når havets mann er borte.
Intet blir som det var den gang.
Fred på ferden, du vil alltid seile med oss i våre hjerter.