KLIKK HER FOR NYHEITSARKIV 2000-2001-2002-2003-2004-2005
NHVL FÅR ERKJENTLIGHEITSPRIS
19.12.2006

Stiftelsen UNI sin erkjentligheitspris for 2006 på kr. 250 000,- vart den  4. desember 2006 desember tildelt Nordhordland  Veteranbåtlag.

Saman med tidlegare tilskot plasserar dette Stiftelsen UNI som ein av dei tre største tilskotsgjevarane til arbeidet med Gamledampen.

Underteikna fekk æra av å  ta i mot prisen under ei tilstelling i Oslo, og takka hjartleg på vegne av laget. Midlane kjem vel med til å dekkja utgifter i samband med sertifisering og til utbetring av maskineri og maskinrom, tilsaman kostnadsrekna til kr. 700 000,-

Beste helsing Vidar Lehmann, (dokumentasjonsgruppa)


UTDANNING AV DAMPMASKINISTAR TIL VETERANBÅTAR
18.12.2006

Etter initiativ frå styreleiaren vår, Tor J. Bjørgaas, har Norsk Forening for Fartøyvern (NFF) starta arbeidet med  forma ut eit framlegg til ei slik utdanning, som i neste omgang vil bli drøfta med styresmaktene. Går dette gjennom, er det meininga at tilbodet skal koma til gode for heile ”dampdelen”  av veteranbåtmiljøet.

Med ønskje om God Jul og eit godt nytt OSTER-år,

Beste helsing Vidar Lehmann, (dokumentasjonsgruppa)


Julebord i Nordgardsløa
20.11.2006

Julebord i Nordgardsløa, 17. november 2006

Klikk på bileta for større versjon


Julehelsing 2006 frå NHVL
15.11.2006

Atter eit travelt år nærmar seg slutten og det kan vera kjekt å ta eit tilbakeblikk og sjå på høgdepunktene i 2006.

Sist vinter skjedde det mykje i Bjørsvik, vintertildekkinga kom på plass og det vart bytt røyr i kjelen og i kondensaren.
Utover vinteren vart det ogso gjort ein jobb, som ingen legg merke til når dei kjem om bord, og det var ombordtakinga av 22 tonn ballast. Dette klarte Magne Angelskår å gjera, so godt som heile åleina. Ballasten vart plassert i skutebotnen i akterskipet, maskinrommet og lasterommet.Magne fekk laga til nødvendig utstyr og stabla det heile so fint at det ser nesten ut som mursteinar som ligg side om side.

Etter 3 veker på slipp måtte det storvask til slik at OSTER kunne bli presentabel til den første turen den 27. mai. Mannskapet stillte opp og OSTER vart så blankpust og så fin at han lyste, nett som det står i songen.

På Torgdagen, den 10. juni, vart Oster-boka presentert. Boka har blitt godt motteken og har fått mykje skryt og salet har gått bra.

Turen til Oljemessa i Stavanger vart sjølvsagt årets høgdepunkt, med maksver begge vegar. Opphaldet i Stavanger var travelt, med ein del utfordringar for trisene, som dei takla profesjonelt!

Ettar at sesongen var slutt låg OSTER 4 veker ved Marineholmen og kjelen og alle damprøyra vart omisolerte. Den gamle isoleringa gjorde nytten i 7 sesongar, til trass for at det var nærmast å betrakte som ei naudisolering.

Den 15. oktober kom OSTER attende til Bjørsvik, for vinteropplag. I skrivande stund er reisverket for vintertildekkinga ferdig montert og det gjenstår å løfta kalesjen på plass.

Drifta har gått fint i sommar også, og alle dei som har vore mannskap fortener ei stor takk for dette!

Neste år blir det tur til Gøteborg, der det i august månad skal arrangerast NORDSTEAM 2007. Styret har sagt ja til å vera med på dette, og det skal bli interessant å koma utanlands med OSTER!

Dei beste ønskje for ei God Jul og eit riktig godt nyttår til dykk alle!

Med venleg helsing Tor J. Bjørgaas, leiar NHVL


Nokre ord på årets fallrep…..
So er det seg slik laga, her i verda, at år skal fylgja nye år, ”slekt skal følge slekters gang”

Som leiar av NHVL si lagsgruppe i eindel år, er det med både glede og vemod eg tek eit lite attersyn på arbeidet med restaurering, og sidan drift av D/S OSTER

Gamle Dampen vart overteke av NHVL, med markering av dette på sjølvaste kvinnedagen, 8. mars 1996. Det er på det 11 året at båten er i vår eige.

Det var med ei blanding av entusiasme og tvil me overtok båten. Entusiasmen dreia seg om å attendeføra ein gamal travar i samferdsla mellom Bergen og Nordhordland, tvilen dreia seg om arbeidet med restaureringa, men, og mest, skaffa midlar til å gjennomføra tiltaket.
Duverden! Dette har lukkast for NHVL på beste måte. Dette takka være dei mange gode menneska som sto bak tiltaket, våre gode sponsorar, både i offentleg lei sovel som private.

Som i alle andre samskipnader, har ogso NHVL nokre merkespersonar som har vore hovudlimet i at arbeidet har lukkast so godt. Eg nemner ikke namn her, for det første veit eg at dei eg tenkjer på, i so måte, ikkje bryr seg om å verta framheva, dinest kunne det vera at eg kom til å trakka gode vener på føtene.

Hugsar du  Nordsteam 2000? Hugsar du junidagen i 2005 då fylkesmannen i Hordaland, Svein Alsaker ærklærte D/S OSTER   for restaurert?
Det var mange som kjende den berømte klumpen i halsen og mang ei tåra fall i desse merkestundene.
Men, merkesstundene har vore mange, og ulike på fleire sett. Slik skal det vera, me må vera takksame for dei alle.

Gjennom mi tid i styret, til årsmøtet 2007 vert dei samanlagt 10 år, har eg site saman med mange gode krefter.
Mange har falle ut av styret, menge har kome til. Nett slik som det skal vera.
Til årsmøtet 2007 er det min tur til å gjeva plass for yngre krefter, det er på tide då eg er på 73. året.

D/S OSTER er tilgodesett med gode medlemer, og dyktige medarbeidarar. Det gjeld kapteinar, maskinfolk, dekksfolka, billetøren(ane), men ogso byssepersonalet!

Det er ikkje billeg å drifta D/S OSTER. Ei ”gamal dame” har behov for både pudder, hudkrem, parfyme, og velstelte klær, og kan hende må ho på sjukehuset for eitt eller anna inngrep. Dette skal betalast. Leigeturane som ”dampen” utfører tener laget pengar på. Men, vel so viktig er det som vert laga og levert frå byssa er godt inntektsgjevande. Det er helst dette departement som ligg under lagsgruppa.

Det er nesten flaut å taka i mot alle dei gode orda som har falle frå passasjerane om mannskapet vårt, inkl byssepersonalet. Det kjennest nesten radt for mykje, men dei gode orda må jo vera sannings ord då dei kjem frå so mange, og seiest å vera ærleg tale.

Sjølv om eg ser slutten på min styreplass tid  i NHVL, ynskjer eg ikkje å verta kvitt laget:
Som meldt på våre heimesider og julehelsinga frå leiar Tor J. Bjørgaas, skal Gamle Dampen både til  Gøteborg og Stavanger, ein avstikkar til Oslo neste år er under planlegging, då i samband med Gøteborgturen.

I 2008 er D/S OSTER 100 år. Alle 100 åringar, av kjøt og blod, får jo helsing frå Majesteten, men då vår 100 åring er av stål og tre, vert me nok forutan kongekake.

Vår kollega i Oslo, D/S BØRØYSUND er ogso 100 år i 2008.
Desse jubilea vil føra til at styret i NHVL har gjeve meg i oppdrag og lage ei ny OSTERPOSTEN, den vert Nr 2.
Denne avisa er både for marknadsføring for NHVL, leseglede, men ogso for at laget skal tena pengar på annonsar.

Allereide no vil eg oppmoda våre medlemer med å senda stofftilfang til laget, eller meg. Det bør vera gode attersyn frå dampskipstidene, gode historier, gode foto, og mykje anna. Den nemnde Osterposten vil ogso ha stoff frå D/S BØRØYSUND, og andre av våre veteranbåtar.
Det kan vera mykje å skriva om, men tilfanget er stort.

På vegne av Lagsgruppa vil eg ynskja dykk alle ei God Jul og eit Godt Nytt År, for alle, inkl Gamle Dampen

Med venleg helsing  Karstein Stene

Gamle Dampen i Europa
10.09.2006 (Tekst: Karstein Stene / Foto: Knut Arne Høyland) NB: Klikk på bilete for større versjon

Måndag 4. september vart det ei markering om bord i D/S Oster, i Bjørsvik.

Kåre Ness frå Lindås og Claus Ehlers frå Hamburg møttes i Østerrike for mange år sidan, eit møte som utvikla venskap mellom desse.

For tre år sidan var Claus Ehlers i Norge, og vart vist om bord i D/S Oster. Formann i NHVL, Tor J. Bjørgaas, sa då at Claus vart angripen av eit " virus", ein ”Osterbasill”. Måndag 4. september møtte Claus opp i Bjørsvik med ein, i alle deler, miniatyrkopi av D/S Oster, i storleik 1:43

Nokre frå styret i NHVL, nokre ihuga Ostervener, samt Kåre Ness, Claus Ehlers og lokalpressa møttes om bord då denne flotte miniatyrmodellen vart gjeven til NHVL. Claus Ehlers var so glad at han kjende det nett som han fekk ”gåsehud” når han overrekte miniatyrmodellen til veteranbåtlaget.

Denne modellen skal NHVL no få laga glasmonter til, den kan laget nytta i mangt eit høve, i lagets PR verksemd.

Det fall mange takkens ord på D/S Oster sin 1.ste Plass under overrekkinga, og i god strileånd, vart det servert kvite damer frå Rognaldsens Bakeri, med kaffi til, den vart kokt i byssa på båten.

Takk til Claus Ehlers, han er (og har vore) medlem i NHVL i mange år. Slik nådde altså Gamle Dampen ut til Europa!


Seinsommarbrev 2006
30.08.2006

Det lid mot sesongslutt for vår kjære D/S OSTER i 2006, den har, sin vane tru no, segla mange sjømil denne sommaren ogso.

I skrivande stund, 24. august, er Gamle Dampen i Stavanger som representasjonsbåt for oljefirmaet Bennex Norge AS, under ONS-06. Me var på same ferda i august 2004, so dette må vel seiast å ta til som tradisjon.

D/S Oster går frå Stavanger i denne kveld og er ventande til Bergen 25.august om morgonen. Då er det på tide å gjera sjøklart atter, idet båten skal til Holmeknappen laurdag 26 og sundag 27.august i høve Kystsogedagane. Laurdag kveld er det påmeldt fullt passasjertal for fjordtur om kvelden, med servering av reker og høvelege drikker til.

La oss nemna at den 10.september tek D/S Oster ut på den årlege turen til Mo, der kan einkvar tinga seg plass, og me kan lova at dette er svært populære og kjekke turar.

Styret i NHVL hadde styremøte den 17. august, på vår tradisjonelle stad, Salhus. Styret hadde fått invitasjon til å delta under Nordsteam-07 i Gøteborg, det er i august månad. Likeeins har styret fått invitasjon til Nordsteam-08 i Stavanger, so Gamle Dampen er ikkje utan friarar. Styret har teke avgjerd om å vera med på begge nemnde arrangement.

I 2008 er D/S Oster 100 år, det er vanleg med helsing frå HM Kongen når ein er so gamal, men me kan vel sjå bort frå det her. Det er lagt opp til felles jubileumsarrangement med D/S Børøysund, som ogso er 100 år i 2008. NHVL vil koma attende til desse arrangementa i god tid føreåt.

Føl elles med på seglingsplanen på våre heimesider.

Helsing NHVL


INDL dekkety og bestikk etterlyses!
08.06.2006 (Tekst og foto: Erik Småland) NB: Klikk på bileta for større versjon

Frå Astri Falkanger i Salhus har laget fått låne ei teskje med INDL-flagget på. Vi veit ikkje kva for ein av båtane akkurat denne kjem frå, men selskapet kjøpte inn same type dekkety og bestikk ombord i alle.

Skeia er 13,4 cm lang og har påskrifta "M. AASE" på baksida. Det syner at det var gullsmed Magnus Aase i Bergen som leverte bestikket. Då det er lokalt produsert bestikk skulle det vere von om å få tak i meir og få gravert inn INDL-flagget. Målet er å utstyre "Oster" med tidrett INDL porselen og bestikk.

Vi voner at dei som har slikt vil ta kontakt med laget.

 



Boka om D/S OSTER er komen
07.06.2006 (Illustrasjonsfoto: Eilif Stene) NB: Klikk på bilete for større versjon

Den 10. juni 2006, under Torgdagen, vil boka ”D/S OSTER – Dampen som ikkje ville døy” bli presentert for media, sponsorar og andre innbedne. I desse dagar er ho og til sals i bok- handlar, ombord på båten og hjå Nordhordland Veteranbåtlag (NHVL), som saman med Fagbokforlaget står  som utgjevarar. Hovudforfattar og redaktør er Per Jon Odeen.

Ein syner elles til tidlegare presentasjon på heimesida.  NHVL vonar og trur at mange vil finna glede av både bilete og tekst, og at salet og kan vera med å tryggja framtida til det levande kulturminnet ho handlar om. Utsalspris er kr 290,- Rabattar blir gjevne for større innkjøp.

NHVL har og som ambisjon å vidareføra historia om D/S OSTER både i bilete og tekst. Laget har nær 700 medlemer og fleire bedriftsmedlemskap, som gjennom åra har ytt stor hjelp og støtte. Skulle du som nykjend med båten få lyst til å vera med Gamle Dampen inn i framtida, er du meir enn velkomen som medlem i laget. Det  kostar kr 250,- pr. år. Nærare opplysingar om både båten og laget finn du her på heimesida.

Beste helsing
Vidar Lehmann
koordinator i boknemnda


Slippsetting
19.05.2006 (Tekst: Karstein Stene / Foto: Harald Sætre)

Det er mai månad, det er tid for å klargjera D/S Oster for seglingssesongen 2006.

Her er båten på slipp hos Bergen Mekaniske Verksted AS, tidl. Mjellem & Karlsen AS, på Møhlenpris. Her vert det ettersyn av skrog, bunnsmøring, og liknande som berre kan ordnast ved at båten er på land. NHVL overlet ingenting til tilfeldigheiter m.o.t. å halda båten i beste stand.

Klikk på bilete for større versjon!


Etterlysing!
05.05.2006 (Tekst og foto: Erik Småland)

Vi har tidlegare etterlyst koppar, fat og andre gjenstandar med båten eller selskapet sitt namn på.

Tilgang til slike originale gjenstandar er ein føresetnad for å kunne få tak i tilsvarande eller få laga kopiar til bruk ombord. Trass etterlysingar i aviser og på heimesida har vi enno berre fått ei tilbakemelding, men den er vi også svert takksam for. Frå Harald Rød, tidlegare sjåfør i INDL og BNR, har laget fått eit påleggsfat (28 x 17 cm) laga hjå Porsgrunn Porselensfabrikk med selskapet sitt flagg på. Far til Harald, Hans Rød (1877-1958), var kaptein på D/S "Johan Jebsen" og seinare på M/S "Hosanger I". Fatet er laga i 1950, og kjem difor truleg frå "Hosanger I". Det var same type dekkety i alle INDL sine skip.



D/S OSTER vert klargjort til sommarseongen.
03.05.2006 (Tekst: Karstein Stene / Foto: Knut Arne Høyland)

29. april fekk D/S OSTER kledd av seg vinterkåpa.

Gamle Dampen vert klargjort til sommarsesongen som startar 12. mai. Under vinterdekket er det gjort mykje godt vedlikehaldsarbeid på båten, og 2. mai kasta den loss for å gå til BMV i Bergen for slippsetting og botnsmøring o.l.

Klikk på bileta for større versjon


Boka om D/S OSTER er undervegs.
30.03.2006

I månadskiftet mars-april 2006 blir siste hand lagd på boka om  D/S Oster – Dampen som ikkje ville døy.  Så går manuskriptet til trykking.

Mellom permane finn ein 208 sider, som ikkje berre fortel båten si historie, men og eit og anna om dei skiftande tidene båten har gått gjennom, fram til sin nåverande status som identitetsberar og seglande maritimt kulturminne.

Ved at halvparten av spalteplassen er brukt til foto, er dette og ei biletbok.  Posttenesta,  trisene sine arbeidstilhøve og Ragnvald Hammer og Ivar Medaas sine viktige roller i songen om båten har fått eigne kapitel. Krigstida er og gitt særleg omtale, likeeins dei  tretti åra som  Gamle Dampen segla ombygd til fraktebåt  under namnet M/S VAKA.

Restaureringsarbeidet er omtala både med omsyn til hovudarbeida og til spesielle utfordringar, så som klinkinga og produksjon av gamle handverkgjenstandar. Teiknigar og tekniske data er og å finna, likeeins sommardrifta dei siste åra og medverknaden i to store festivalar i Vågen. Båren sin framtidige driftsprofil er og nedteikna.

Hovudredaktør er jounalist Per Jon Odeen, som til dagleg arbeider i BT. Ein redaksjonskomite frå  Nordhordland Veteranbåtlag har lege attom. Bernt Kristiansen  har ansvaret for bokbunaden. Boka blir trykt hjå Eide/John Grieg forlag og vil bli presentert i byrjinga av juni 2006.

I samspel med forlaget vil redaksjonskomiteen og lagsgruppa  ta seg av marknadsføring og sal. Boka er delfinansiert av sponsorar.  Alle desse er og å finna mellom hjelparane under sjølve restaureringa og skal ha mykje takk óg for det.

Prisen  ved detaljsal blir kr. 290,-. God lesnad !

Beste helsing
Vidar Lehmann
(koordinator i redaksjonskomitéen)


Foto: Eilif SteneVintertildekkinga av OSTER er på plass.
01.03.2006 ( Foto:Eilif Stene / NB: Klikk på bilete for større versjon) 

Torsdag den 23. februar kom segldukspresenninga på plass over OSTER.

På førehand var det bygt opp eit byggverk som kalesjen kviler på. Deretter vart det teke nøyaktige mål og syinga av kalesjen kunne koma igang. 
Kalesjeprosjektet let seg realisera takka vera ein  sponsor som har teke på seg å dekka alle kostnadene med ds. Styret i Nordhordland Veteranbåtlag er djupt takksame for denne nyttige og generøse gåva. OSTER vil nå bli spart for mykje av den slitasjen som det fuktige Vestlandsklimaet fører med seg. Takka vera denne kalesjen, så er det også planlagt å etterdriva, beka og smørje dekksflatene før sommarsesongen byrjar i mai. 

Med venleg helsing
Tor J. Bjørgaas
Leiar i NHVL


Oppdatering i månadskiftet januar-februar 2006
03.02.2006 (Tekst: Vidar Lehmann / Foto:Eilif Stene)
 

Etter at D/S OSTER var erklært restaurert i juni 2005, vart prosjektfasa i årskiftet 2005-6 formelt avslutta.

Prosjektleiaren nyttar høvet til å takka for all god hjelp i denne fasa. Berre nokre mindre utbetringar og innreiingsdetaljar står nå att. Nå ventar utfordringane med å vera både passajerveteranbåt og eit synleg, representativt og omtykt  kulturminne.

Dei siste sumarane har båten hatt mellombels passasjerløyve. Ein siktar nå mot få utferdiga passasjersertifikat. Etter at stabilitetsundersøkingar, med stor profesjonell innsats av Arvid Løndal,  er gjennomførde, ventar nå mellom anna ileggjing av meir ballast og isetjing av dører i nedgangen til 1.plass-salongen.

Ein er og i full gang med å etablera vinterdekke. Ansvarleg for dette er Svein Mostraum, ein gamal kjenning og ven av D/S OSTER. Eg skal helsa frå gamle Dampen og seia at venskapen er gjensidig. Rammeverket er kome opp og seglduksproduksjonen er i gang. Når det har stått oppe i nokre veker, så dekksflatene er turka opp, vil etterdriving av båtdekk, dekkshustak og ein del av fordekket bli leia av vår trufaste dekkleggjar, Tor Tveit.

Røykrøyra, som før er omtala, er nå på plass og trykktesta, og arbeidet med fornying av kondensatorrøyra på gang.  Før sesongstart  skal D/S OSTER og slippsetjast for reinsking, anodekontroll og botnsmøring. I vår som før blir det nok og mange seige dugnadstak både med svaber, malarkost, messingpuss og mykje anna.  Uti mai  vil såleis gamle Dampen på fleire viktige område vera grundig fornya, oppgradert og klar til dyst.

Når det så gjeld arbeidet med ei bok om D/S OSTER, så er manus i desse dagar klar, og biletutval og bokbunad undervegs. Det blir nokorlunne likeleg spalteplass mellom tekst og bilete. Ein vonar at så mykje som mogeleg av utgiftene skal vera førehandsfinansiert, slik at boksalet, som er planlagt starta i juni 2006, kan koma båten si setlebok mest mogeleg til gode.   

Vel møtt på sjødn til våren!

 Helsing eks-prosjektleiaren

 


Foto: Eilif Stene Kjelen på D/S OSTER har fått nye røykrøyr !
23.12.2005 (Foto:Eilif Stene)

Laurdag den 17. desember vart arbeidet med å skifta alle dei 114 røykrøyra på kjelen avslutta.

2 mann frå Moss Varmeteknikk har gjort arbeidet og dei stod på og arbeidde lange dagar. Kjelen, er som dei fleste veit, bygt i Frankrike, i 1957, og vart sett ombord i d.s. Clearway i 1972 og var ibruk der, til fartøyet gjekk i opplag for godt i 1992.

Tida fram til kjelen vart selt til oss i 1998, røynte nok hardt på, då hetta på skorsteinen ikkje var heilt tett og regnvatn lak inn og kom ned i sotkassen, med korrosjon som resultat.Kjelen fekk dei reparasjonane, som måtte gjerast på Haakonsvern og vart også trykkprøvt og godkjent, før han vart sett om bord i OSTER i år 2000.

Røykrøyra hadde korrosjon både på røykgass- og på vassida og i sommar måtte lekkasje- beredskapen styrkjast og det vart skaffa pluggar og strekkboltar, slik at beredskapen var på plass. Røykrøyra er valsa inn i røyrplatene og dette er ein teknikk, som i dag er erstatta med sveising.

For OSTER-kjelen måtte dei nye røyra valsast inn og til dette arbeidet henta Moss Varmeteknikk inn ein av pensjonistane sine. Han hadde lang erfaring med valsing og dei to yngre karane hadde ein retteleg fagmann med seg, som dei kunne læra mykje av. Kjelen vart sett under eit vasstrykk, på 30% over det høgste tillatte arbeidstrykket, og etter ein grundig kontroll vart kjelen godkjent, utan merknader, av kjeleinspektøren i Bergen.

Med godt stell, vil OSTER ha ein kjele, som vil vara i mange, mange år framover !

God Jul !

Beste helsing
Tor J. Bjørgaas , leiar i NHVL