Foto: Eilif Stene Kjelen på D/S OSTER har fått nye røykrøyr !
23.12.2005 (Foto:Eilif Stene)

Laurdag den 17. desember vart arbeidet med å skifta alle dei 114 røykrøyra på kjelen avslutta.


2 mann frå Moss Varmeteknikk har gjort arbeidet og dei stod på og arbeidde lange dagar. Kjelen, er som dei fleste veit, bygt i Frankrike, i 1957, og vart sett ombord i d.s. Clearway i 1972 og var ibruk der, til fartøyet gjekk i opplag for godt i 1992.

Tida fram til kjelen vart selt til oss i 1998, røynte nok hardt på, då hetta på skorsteinen ikkje var heilt tett og regnvatn lak inn og kom ned i sotkassen, med korrosjon som resultat.Kjelen fekk dei reparasjonane, som måtte gjerast på Haakonsvern og vart også trykkprøvt og godkjent, før han vart sett om bord i OSTER i år 2000.

Røykrøyra hadde korrosjon både på røykgass- og på vassida og i sommar måtte lekkasje- beredskapen styrkjast og det vart skaffa pluggar og strekkboltar, slik at beredskapen var på plass. Røykrøyra er valsa inn i røyrplatene og dette er ein teknikk, som i dag er erstatta med sveising.

For OSTER-kjelen måtte dei nye røyra valsast inn og til dette arbeidet henta Moss Varmeteknikk inn ein av pensjonistane sine. Han hadde lang erfaring med valsing og dei to yngre karane hadde ein retteleg fagmann med seg, som dei kunne læra mykje av. Kjelen vart sett under eit vasstrykk, på 30% over det høgste tillatte arbeidstrykket, og etter ein grundig kontroll vart kjelen godkjent, utan merknader, av kjeleinspektøren i Bergen.

Med godt stell, vil OSTER ha ein kjele, som vil vara i mange, mange år framover !

God Jul !

Beste helsing
Tor J. Bjørgaas , leiar i NHVL


Lindås Kommune sin Kulturpris 2005
14.12.2005 (Tekst: Karstein Stene / Foto: Endre Hopland, Nordhordland, og Eilif Stene)

Lindås Kommune har vist Nordhordland Veteranbåtlag (NHVL) den store æra å tildela oss Kommunens Kulturpris for 2005

Kommunen inviterte to NHVL representantar til sitt siste kommunestyremøte i 2005, som var på Strilatun den 8. desember, og frå NHVL møtte Vidar Lehmann og Karstein Stene.

Me vart invitert på middag, saman med kommunestyrerepresentantane, kor det vart servert pinnekjøt m/tilbehør - ikkje akkurat noko dårleg meny.

Under middagen vart me kalla fram til ordførar Tove Linnea Brandvik, som held ein hyggeleg tale for NHVL, og tildelte oss deretter prisen, som var eit tinnfat med gravering, samt sjekk på kr 5.000,- Tinnfatet skal få sin velfortente plass om bord i D/S OSTER

Vidar Lehmann held vår takketale, og minna m.a. om den gode støtte som Lindås Kommune har gitt D/S OSTER over mange år, og som har bidratt til at NHVL har fått midlar til å restaurera båten, dette viktige sjøens kulturminne.

Karstein Stene fekk høve til å takka for maten.

Frå Nordhordland Veteranbåtlag vil me retta ei hjarteleg TAKK til Lindås Kommune for Kulturprisen 2005. Slik påskjøning er forpliktande til å driva ”Gamle Dampen” vidare i beste ånd.

(Klikk på bilete for større versjon)

Ordførar Tove Linnea Brandvik sin tale ved overrekkinga av Lindås Kommune sin Kulturpris 2005 til NHVL, i Strilatun 8. desember 2005:

KULTURPRISEN  2005

Lindås kommune gjev kulturprisen for 2005 til Nordhordland Veteranbåtlag for arbeidet med å restaurera og driva DS Oster som maritimt kulturminne og identitetsberar for Lindås og for store deler av Hordaland.

Det er i år 15 år sidan dei første freistnadene på å gje Nordhordland ein av dei gamle dampbåtane attende. Etter mykje strev og ein del feilslag, kom Nordhordland Veteranbåtlag  over MS Vaka, eit fraktefartøy som viste seg å vera DS Oster i framand form og i anna teneste.

Gjennom dei fylgjande 10 åra har Nordhordland Veteranbåtlag lagt ned over 30 000 dugnadstimar, i fast overtyding om at oppgåva var formidabel, og at ho skulle gjennomførast. Framdrifta og pågangsmotet har avtvinga respekt, og laget har oppnådd tillit hjå dei mange som har teikna seg for store og småe gåver til restaureringsarbeidet.

I  det store omskiftet i våre bygder mellom 1850 og 1950 var fjordabåten den store endringsfaktoren. DS Oster vil i framtida vera ein viktig innfallsport til forståinga av den regionale historia, og overgangen til den moderne tida. Nordhordland Veteranbåtlag greip det som truleg var siste sjansen til å få på plass ein representant for dette elementet i vår historie.

Den store oppgåva og det langvarige arbeidet har på ingen måte ført til faneflukt i Nordhordland Veteranbåtlag. I år har laget vakse til 700 medlemer, og må reknast som ein stor regional kulturvernorganisasjon.

Når DS Oster i år er erklært restaurert, går Nordhordland Veteranbåtlag inn i ein ny fase, der drift, vedlikehald og framfor alt historieformidling vert hovudoppgåvene. Dei målmedvitne og uthaldande eldsjelene i laget får nok lita tid til å kvila på sine laurbær.

Lindås kommune seier til lukke med vel avslutta restaureringsabeid, og ynskjer hell og lukke i fjordafarten.


Julehelsing frå leiaren i NHVL.
12.12.2005

Kjære medlemer og andre besøkjande på heimesidene våre!

Atter eit fantastisk OSTER-år nærmar seg slutten og OSTER ligg trygt fortøyd i Bjørsvik, ”so blankpust og fin at han lyse”!

Året 2005 har gjeve alle Oster-interesserte mykje å gleda seg over. I løpet av vinteren vart innreiingsarbeidet i 2. plass-salongen og i SB-korridoren fullført ved Fartøyvernsenteret i Norheimsund. Derifrå gjekk turen til BMV på Laksevåg, der babords ytterskott fekk inn dei manglande nagleradene. Pensjonistgjengen frå BMV gjorde arbeidet med fynd og klem og etter berre nokre dagar der, gjekk turen vidare til Mastrevik Mek. Her vart m.a. dekket akter på hekken fornya og styremaskina vart flytta opp på promenadedekket.

Den 6. mai gjekk turen attende til Bjørsvik, der den siste innspurten vart gjort før sesongen vart opna, den 10. mai, med ein tur frå Bergen til Hjellestad. Opningsturen gjekk i maksvær og turen vart ein nytelse både for passasjerane og for mannskapet. Turen gjekk forbi den historiske gjestgjevarstaden Bukken, som spegla seg i svartestilla denne dagen !

Fylkesmannen i Hordaland, Svein Alsaker, ærklærte OSTER for å vera ferdigrestaurert den 11. juni ! Denne seremonien skjedde ved OSTER sin gamle plass ved skur 11 på Bryggen og mange Bymenn og Bønder hadde møtt fram og dei var svært nøgde med resultatet dei fekk sjå.

Turane i sesongen har gått knirkefritt, utan uhell av noko slag, og passasjerbelegget har vore godt.

I august månad vart Nordsteam 2005 arrangert i Bergen. Også denne gongen vart Nordsteam-arrangementet vellukka. Bergen har vist seg å vera den rette byen for slike arrangement. Er det noko vestlendingane forstår seg på, så er det alt som har med båt og sjø å gjera !

Oster-prosjektet er fullført og alle medlemene i laget kan gleda seg over eit prosjekt som stiller heilt i særklasse. Kva grunnen kan vera til dette er det ikkje lett å svara på, men ein ting er sikkert og det er at OSTER har vist seg å vera den rette båten for eit slikt prosjekt. Alt i 1964 var det gjort ein freistnad på å ta vare på D/S OSTER, men diværre det lukkast ikkje då. Det var heilt utruleg at det kunne møta opp nær 300 personar, den 8. mars i 1996, for å vera med på dåpsseremonien, for ein 88 år gamal båt som vart heimkjøpt for å restaurerast og fekk endra namnet, frå m/s Vaka til m/s Gamle Oster !

Dette gav eit signal om at ting hadde endra sidan 1964, tida hadde modna saknet etter desse gamle rutebåtane, som knytte by og land saman.

Songen "Dar Kjem Dampen", som vart framført av Ivar Medaas og har vore å høyra på radioen like frå 1963, har også mykje av æra for at Gamle Dampen ikkje vart heilt gløymt. Denne songen vart skriven av døveprest Ragnvald Hammer, nettopp til ære for D/S OSTER og dette har også hatt mykje å seia for at OSTER-prosjektet har segla i medvind.

Du, som ikkje er medlem i NHVL, er hjarteleg velkomen til å melda deg inn. Kvifor ikkje gjera det med det same ? Du vil finna dei opplysningane som trengst for innmelding, her på heimesida.

Eg vil senda dei beste ynskje for ei God Jul og eit Riktig Godt Nyttår til dykk alle !

Med venleg helsing
Tor J. Bjørgaas, Leiar i NHVL


Julebordet, 18. november 2005
26.11.2005 (Tekst: Karstein Stene)

Vårt æresmedlem Leif H. Askeland fyller år 75 + 5 til.

Her gratuleres han av Vigdis Markussen og Tor J. Bjørgaas under julebordet i NHVL som var i Nordgardsløa på Frekhaug 18. november 2005.

Våre gratulasjoner og takk for Leif sin interesse for D/S OSTER.

(Klikk på bilete for større versjon)

 

Æresmedlem Servatius Johannes Strik

NHVL er sannelig kosmopolitisk. D/S OSTER- og norgesvenn, Servatius Johannes Strik fra Gravenzende i Holland, foreviget under julebordet til NHVL den 18.november 2005 i Nordgardsløa på Frekhaug.

Vi takker for hans vennskap med oss - hjertelig velkommen tilbake.

 

 

(Klikk på bilete for større versjon)


Foto: Eilif SteneFoto frå Modalsturen 2005
20.09.2005 ( Foto:Eilif Stene )

Du kan sjå eit utval av foto tatt frå Modalsturen ved å klikke på denne lenka.

Dei som ynskjer å kjøpa foto kan retta ein henvendelse til Eilif Stene; foto@stene.biz, eller på telefon 9014 1315


Foto: Eilif SteneTil Modalen med D/S OSTER
13.09.2005 (Tekst: Karstein Stene / Foto:Eilif Stene )

So vart det på slutt med driftssesongen 2005 for D/S OSTER, Gamle Dampen hadde i dette driftsåret farta mang ei sjømil mellom Nordhordland og Bergen, til stor glede for byfolk og strilar, folk frå rikshovudstaden, Australia, andre utanlandske passasjerar, men ikkje minst for mannskap og medlemer i Nordhordland Veteranbåtlag.

Som kjent vart D/S OSTER ærklært for restaurert av fylkesmann Svein Alsaker den 11. juni. Den årvisse tur til Modalen i september var den 11. dag i månaden. Turen var godt annonsert i Bergens Tidende, lokale aviser samt på våre heimesider. Dette gjorde sitt til at båten gjekk til Mo med fullt passasjertal.

D/S OSTER hadde lagt ved kai i Bergen heile veke 36, det var festival på Bryggen ”Bønder i Byen” 10-11 og 12. september, været var av beste merke og Bergen krydde av folk, men lite fè.

Laurdag 10. september hadde D/S OSTER to stk. fjordturar. Ved Bryggen låg ogso D/S STORD I, M/S ATLØY og M/S GRANVIN fortøygd, og då D/S OSTER kom attende til Bryggen laurdag kl. 19:30, etter fjordtur, vart mannskapet invitert om bord i D/S STORD I til rekemåltid.

Dette var ei hyggeleg veitsle, og vi i Nordhordland Veteranbåtlag seier oss imponert over det arbeid som gjengen rundt D/S STORD I har utført og ynskjer dei all muleg lukke til i fremtida med restarbeida.

Kl. 09:00 sundag 11/09, la D/S OSTER ut på siste passasjertur til Mo. Mange hadde meldt seg på frå Bergen, men undervegs var båten innom Hosanger, Tyssebotnen, Ostereidet og Vikanes, slik at me oppnådde full passasjertal. I byssa vart det koka betasuppe, den var god, det sa alle passasjerane som kjøpte og åt den.

Litt før Mo vart vaffeljerna våre starta opp og kaffekjelane var fulle. Vaflane og suppa til D/S OSTER er no viden kjent og må seiast å vera båtens "pengebinge". Det er utruleg kva våre dyktige triser + TORO Næringsmiddelfabrikk AS + suppekokarane får til!

På Mo kom folk derfrå om bord, dei kjøpte ogso vaflar og åt som om dei ikkje hadde smakt mat før, takk skal dei ha, ”kvart bidrag er eit godt bidrag”, som kjent.

I år var det berre D/S OSTER og M/S BRUVIK som tok Modalsturen, det har, diverre, ikkje vore nok passasjerar år om anna til å fylla mange båtar. På Mo i år var det mindra folk møtt fram, ei heller var det noko særleg underhaldning på staden.

Etter samtale mellom repr. frå D/S OSTER og ordførar Knut Mo, vart det avtala at til neste haust måtte Modalen Kommune og veteranbåtlaga drøfta opplegg på Mo, som ville gjeva folket både kulturelle og matnyttige elementer. Slike drøftingar får me taka til vinteren.

Eit av høgdepunkta på Modalsturen er gjennomfarten i Mostraumen. Båtene fløyta og folk på land helsar og vinkar, det glimtar i fotoblitz, dette er eit tradisjonelt tiltak - takk til folket på land ogso.

So vart kailigga på Mo slutt og båtane kasta loss og gjekk ruta attende, med endestasjon Ostereidet, dei som skulle til byen att tok buss derfrå.

D/S OSTER har no berre ein tur att, det er 29. september og dette er ein privat og lukka tur.

Det er vemodig å seia takk for ein god og hyggeleg sesong, sumaren 2005. Vi i NHVL sit att med dei aller beste minner om hyggelege reiser, hyggelege passasjerar, svært hyggelege mottak i alle havner.

Det må ogso nemnast at inntektene til drift etc. til D/S OSTER er moderat gode, sjølvsagt er det endå eitt og anna som skal ordnast på, men ”Rom vart då ikkje bygd på ein dag”

Vel møtt alle saman i mai 2006 til nok ein god sesong, og takk til alle som reiste med oss og som har helsa oss frå hus, hytter, bergnabbar og frå småbåtar.

For NHVL, Karstein Stene

Foto frå Modalsturen 11.09.2005 kan du sjå ved å klikke på denne lenka...


Siste tur for passasjerar med D/S OSTER i 2005!

Bli med D/S OSTER på tur til Modalen sundag den 11. september 2005

D/S OSTER vil gå Osterfjorden og M/S BRUVIK vil gå Sørfjorden og båtane vil gå saman gjennom Mostraumen Kl. 1330. M/S BRUVIK vil gå etter si vanlege sundagsruta til Mo.

D/S OSTER går frå Bergen kl 09:00, Hosanger kl. 11:05, Ostereidet kl 11:40, Tysse kl 12:10, Vikanes kl 12:45, og til Mo kl 14:00. Båtane vil returnera frå Mo kl 15:45 D/S OSTER vil gå innom Vikanes kl 17:00, Tysse kl 17:45, Ostereidet kl 18:15 *) Hosanger kl 18:45 og til Bjørsvik kl 19:15

*) Det går rutebuss frå Ostereidet, gamle vegen, kl 18:35 til Åsane/Bergen.

Veteranbussane køyrer frå Knarvik (Skysstasjonen) kl 11:00. (Gamlevegen) Det vil bli korrespondanse med D/S OSTER på Ostereidet kai kl 11:40. Bussane køyrer vidare til Mo. Retur frå Mo kl 15:45 til Knarvik. (På Mo vert det underhaldning)

Takstar.:
Bergen-Modalen, m/retur til Ostereidet Kr. 250.-
Hosanger.Modalen t/r ” 200.-
Tysse-Modalen t/r ” 150.-
Vikanes-Modalen t/r ” 150.-

Det vert sal av betasuppa, vaflar, kaffi, mineralvatn, og is frå Byssa.

Ver med oss på denne årlege tradisjonstur til Modalen. Dette er ogso siste tur i denne sesong for passasjerar. Møt fram på kaiane, men du kan ogso tinga plass på telefon 56 354182, eller 55 330915

Ostereidet 5. september 2005 - Styret NHVL


Foto: Harald SætreOvågen i Øygarden 4. september 2005
04.09.2005 (Tekst: Karstein Stene / Foto: Harald Sætre )

Gamle Dampen, D/S Oster, ligg til kai i Ovågen 4. september 2005, saman med nokre ungdomsvener, M/S Midthordland og M/S Granvin.

Passasjerane er i land på Kystmuseet i Ovågen for å lata seg underhalda. Dei gamle robåtene som ligg fortøygd høyrer til museet, det har nok vore fanga mang ein fiskemiddag i desse båtane.

For D/S Oster sin del er seglingssesongen no på hell. Sundag 11. september skal den på si årlege veteranbåttur til Mo, og den 29. september er siste tur for året 2005, sistnemnde er privat tur.

NB: Klikk på bilete for større versjon!


50.000 besøk på våre heimesider!
29.08.2005 (Tekst: Karstein Stene / Illustrasjon: Eilif Stene)

Mandag 29. august 2005 vart notert 50.000 besøk på heimesidene til Nordhordland Veteranbåtlag.

Heimesidene vart oppretta i september 2000, slik at i snitt er det, som du sjølsagt ser, ca 10.000 besøk årleg.

Som alt anna med D/S OSTER, må dette også seiast å vera ein milepæl.

Me skal lova å gjeva informasjonar i heimesidene når me har noko å melda, sjølvsagt vil det verta mindre når haust og vinter står for døra, 29. september 2005 er siste turen i 2005 slik at ”Gamle Dampen” går i vinteropplag til mai 2006

Vel møtt til atter eit driftsår i 2006, for vår felles sjøkulturelle skatt.


NORDSTEAM 2005
22.08.2005 (Tekst: Karstein Stene / Flyfoto: EIlif Stene)

Nå er den over - Nordsteam 2005 - den andre festival i Bergen av dette format, vellykket som Nordsteam 2000.

I lang tid hadde komitèen for festivalen forberedt og bygget forventningene til Nordsteam 2005, et stort arbeid. Flere av vårt områdes veteranskipslag hadde pusset på båter i denne anledningen, Veteranskipslaget Fjordabåten hadde utført et imponerende arbeid med å få D/S STORD I ”ship shape” som det heter i båtkretser, og alt klaffet. Båtkortesjen skulle komme inn på Vågen onsdag 3. august, den skulle ledes av D/S OSTER, og D/S STORD I skulle avslutte den.

Det som arrangører og publikum er opptatt av i slike stevner er været! Og det holdt godt, åpningsdagen var det ganske pent vær, og det sto folk langs kaiene for å bivåne det flotte syn når alle veteranbåtene stevnet inn og la til kaiene.

På turen fra Bjørsvik til Bergen sørget Arne Vikan for at passasjerene fikk suppe. Ragnhild, Hjørdis, Ingeborg , Vigdis og Anna forsynte folk med vafler og kaffi.

Torsdag 4. og fredag 5. august var det en del regn, men pytt, pytt, du må ikke komme her og komme her til Bergen uten å få vann på deg, Bergen har da sine tradisjoner. Når så lørdag 6. og avslutningsdagen 7. august opprandt med det fineste solskinnsvær som ønskes kunne, ja da var alle glade og fornøyde, med værsiden av Nordsteam 2005. ”Tupperwarebåtene” var jaget ut fra Bryggen, Festningskaien og Indre Vågen slik at de ærverdige veteranbåter fikk de kaiplasser som de skulle ha.

Alle veteranbåtene ble omfattet med største interesse av publikum. Jeg vet ikke å gradere ”damene” men jeg håper ikke å fornærme noen når jeg tør nevne D/S STYRBJØRN, D/S BOHUSLÂN og D/S STORD I. Vår egen stolte båt, D/S OSTER, ble omfattet med så stor interesse av publikum at det må sies at festivalen var ”innertier” for NHVL.

D/S OSTER hadde følgende offiserer: Kapteiner/styrmenn Magne Angelskår, Johan Mostraum og Atle Haukøy. Maskinsjef Tor J. Bjørgaas, med assistenter Magne Hellan og Roald Moldekleiv.

Mannskapene som både mannet relling og matroser var de ihuga vanlige gode menn, Odd Lillejord, Odd Tepstad, Anve Reidar Krossnes, Jan Ove Krossnes, Norman Eikanger, Roald Kaland, veteranmatros Adolf Fjellstad og Håkon Sandvik.

Nå er vi på D/S OSTER opptatt både av båten, nostalgien, men også inntekter. Ved kailigge i Bergen og på turer på sjøen må vi tjene penger. Hva har tradisjonen lært oss om dette? Jo, stikkordet er VAFLER! Med jordbærsyltetøy og rømme. Her må fremheves de trofaste, arbeidsomme og vakre damer i vår krets som sørger for pengene. Det er Ragnhild, Hjørdis, Vigdis, Ingeborg, Anna, Inger Samonia, Kari Andrine, Mona, barn og barnebarn til Vigdis, barnebarn til Ingeborg, du hændelse for en innsats de gjorde!!

Inger Samonia laget vaffelrøre i heimen som ble brakt om bord om morgenene, da var det klart for å starte 3.vaffeljern i gang, damene arbeidet med liv og lyst, de hadde knapt tid til å spise selv. Det antas at det ble solgt 4-5000 vafler under stevnet, litervis med kaffi, men heller lite Øl og Vin, sistenevnte varesorter var heller et tilbud. Det er så rart med matlukten, når publikum kommer om bord i båten vår, så sniffer de inn god vaffellukt, da føres troppene mot salgsbordet, for vafler må de bare ha. Samarbeidet mellom personene i byssa, salg og på dekk og maskindørk er meget god på D/S OSTER, slik skal det også være.

D/S OSTER foretok turer til Sørfjorden, Salhus, turer på fjorden til Nordhordlandsbroen og avsluttet med kappseilasen inn Byfjorden, før båten den 7. august satte kursen mot basen, Bjørsvik.

Under kailigge kom det en del publikum om bord som meldte seg inn i NHVL, de var så begeistret over det de så og opplevde, at dette ville de støtte, takk for det, vi rekker å administrere mange flere medlemmer, så velkommen skal dere være ”der ute”

Om bord blinket det i blitzlamper av fotoapparater, fagfotografer svirret rundt båtene og fikk sine øyeblikk. Vår egen hjemmesideredaktør Eilif Stene fotograferte ved kai, fra fly og helikopter, slik at det ikke skal mangle fotominner fra Nordsteam 2005.

Lørdag 6. august og søndag 7. august kom representanter fra Riksantikvaren om bord for å se hvordan D/S OSTER hadde brukt tilskuddsmidlene. Vidar Lehmann var guide, han kjenner detaljene, og Riksantikvaren roste båten. Riksantikvaren skal selv ha ros og heder for den gode støtte de har gitt oss.

Det kunne være mange avissider å skrive om Nordsteam 2005, men da Bergensavisene og de lokale aviser har dekket stevnet så godt som de har, vil nok leserne, som ikke var på stevne, vite det meste, slik at jeg avslutter dette lille referat med følgende skolestilavslutning.: ”Alle var enige om at dette hadde vært et særdeles godt arrangement”

Karstein

PS: Det sies at neste Nordsteamstevne skal være i Stavanger om 3 år, og i Bergen i 2010 - jeg vet ikke om dette kan bekreftes...

Du kan klikke på denne linken for se bilder av D/S OSTER i forb. med Nordsteam 2005... (OBS: Fotogalleri åpnes i eget vindu)

Du kan klikke på denne linken for å se flere bilder fra selve Nordsteam 2005 festivalen...

NB: Det er anlednng til å kjøpe bilder fra Nordsteam 2005. Bildene som er lagt ut på nettet er kun et utvalg, og i lav oppløsning. De som ønsker kan kjøpe CD som inneholder 625 bilder fra festivalen. CD'en koster kr 175,- og bildene kan kopieres ut til privat bruk. Skal bildene brukes i kommersiell hensikt gjelder egne priser og vilkår. Henvendelse til Eilif Stene på e-post: webmaster@oster.no eller på tlf: 90141315


Veitsle
11.07.2005 (Tekst: Karstein Stene)

Det er so mange som undrar seg på kva ordet "VEITSLE" betyr. Den siste som spurde meg var ei av dei som helsa D/S OSTER den 11. juni 2005

Sjølv brukar eg dette ordet eindel, det kjem seg av at ”dei gamle” i mi heimbygd, Lindås, brukte dette ordet når dei hadde vore på, eller skulle i besøk hjå ein eller annan, og dette sette seg fast i meg, som forviten gutunge.

Definisjonen i Caplex er: veitsle,  bevertning, i middelalderen navn på gjestebud som leilendingen holdt for ombudsmannen el. jordeieren når leiekontrakten hvert tredje år skulle fornyes, → bygsel. Også bet. på bøndenes plikt til å beverte kongen el. hans ombudsmenn på reise.

(Sjå www.caplex.no, og gjerne i søkemotor www.google.no)

I Heimskringla finn ein mange artiklar som omhandlar VEITSLE, m.a. i Halfdan Svartes Saga og Magnussønenes Saga.

Under www.google.no er det sanneleg ogso nevnt at dette ordet vart nytta m.o.t. D/S OSTER i høve ei tilstelling som var på Hotell Norge 6. september 2003

Karstein


Modalsturen 25. juni 2005
10.07.2005 (Tekst: Karstein Stene/ Foto: Sjøforsvaret)

I anledning av at BKK skulle åpne nytt pumpekraftverk på Nygard i Modalen, var D/S OSTER ønsket til Mo

Turen var behørig annonsert, på våre hjemmesider, BT, Strilen og Nordhordland, og vi gikk fra Bergen kl. 09:00 med anløp av Hosanger, Ostereidet, Tyssebotn og Vikanes, kom vi til Mo kl 14:00, etter ruten.

Vi hadde ca. 50 betalende passasjerer, som var ”byfolk og Striler”, men også fra Australia!

Været var ikke så allerværst, tatt i betrakning den fæle sommer vi har hatt på disse kanter av landet i sommer, må vi si at været var godt. På Ostereidet tok vi inn stuert Arne Vikan og 3 panner betasuppe, hentet fra Vikanes.

Jo da, passasjerene koste seg under reisen. Øystein Midtgård hadde tatt med seg toraderen, og i tillegg hadde vi en 87 årig munnspillende mann, Høyland, som spillte viser fra Harry Brandelius, Book-Jensen og likesinnede, i tillegg til at han dunket stokken sin i en container som å markere takten.

På Mo var kaien full av stemnefolk, og 5-millioners lystbåtene lå tett som haggel langs bryggene, for å markere hvor lett det er å få lånt penger nå for tiden.

Ellers er det ikke noe særlig å melde fra oppholdet på Mo, men noe annet å referere er returen til Vikanes:

Det ble, i styrehuset, stiftet et sangkor, det skal hete ”Hæse brødre og 1. søster”. De hæse brødrene og søsteren var.: Fylkesmann Svein Alsaker, kaptein Johan Mostraum og fru Børtveit. Øystein Midtgård kom i styrehuset med toraderen, og nå lød både Nidelven, Simon i Støa og katten, samt melodier om ”Hjerte & Smerte” gjennom båtens høyttalersystem.

Om dette koret er å si mangt, først må referenten få påpeke at fylkesmannen og kapteinen gjerne kan legge stemmen en oktav lavere, mens fru Børtveit kan synge sopran som hun gjorde. Anbefaling er nå sendt til komiteen for IDOL, og faller prøvene der godt ut, vil opptreden i Fotlandsvågen Samfunnshus og Royal Albert Hall i London komme i betraktning. Det som kan forpurre slike opptredener er at koret blir for grådige i honorarkravene, referenten vil på det sterkeste anbefale å vise måtehold.

Stuert Arne Vikan, han er fra Trondheim, var ille til mote fordi han ikke hadde med seg ”kikhosten”, han ville så gjerne kompet koret. (Kikhosten er det gamle ”bassinstrumentet” som besto av en stokk, påspikret en tom bensinkanne, og med hesjestreng fra kannen til topp og bunn av stokken, og et fælslig stykke taggete bord som ”violinbue”).

Stuert Vikan var i godt humør når han kom om bord og i en times tid deretter. Han begynte å synge.: ”Å Rosenborg, å Rosenborg, tra-la-la-la-la la", inntil han ble spurt hvordan trønderfotballen hadde det på sin siste tur i Bergen. Da ble stuerten stille, snudde seg bort og en tåre rann fra hans kinn.

Her må referenten få fremheve Vikan sin eminente suppe, så da skulle balansen og humøret komme tilbake til den hyggelige trønderen, som følger D/S OSTER med sin suppe ”på alle hav”

D/S OSTER satte en del folk i land på Vikanes og satte kursen bound for Tyssebotn, derfra ble kursen satt Ostereidet. Men akk-o-ve! Hva skuet våre øyne ute i Osterfjorden?!

-Kongeskipet i fjorden-! ropte noen. Og sannelig, K/S NORGE kommer seilende i fin føring inn Osterfjorden, ca 1 sjømil fra D/S OSTER. (Referenten vet ikke hvor lang en sjømil er, men pytt-pytt). Kongeflagget var oppe så Majesteten var nok ombord der.

Nå viste kaptein Mostraum og styrmann Angelskår sjømannsånd av beste merke. Mostraum drog i fløyten, og navigatørene visste at når man møter orlogsskip skal flagget fires. Angelskår firte flagget, og vi fikk øye på en marinegast på K/S NORGE som løp over kongeskipets dekk og firte Kongeflagget.

Vi ble sett av H.M. Kongen og hans følge. Slå den!

Nå ble det diskutert om bord i D/S OSTER, dronningen på fjordene, hva skulle nå Kongeskipet i Osterfjorden?

Alternativ 1;
Kongen hadde lest at D/S OSTER ble innviet 11. juni, og ville møte oss på fjorden,se båten og å høre vårt nystartede kor ”Hæse brødre og 1.søster”

Alternativ 2;
Kongen skulle til Vikanes for å gratulere Lars Padøy på hans 90. års dag.

Alternativ 3;
H.M. Kongen skulle hatt en prat med fylkesmannen i Hordaland, men da Alsaker var om bord i D/S OSTER, og hadde gått i land på Vikanes, var Majesteten på leit etter ham.

Men hva vet vi om det, egentlig? Det var i allefall et særsyn at Kongeskipet passerte ”dronningen” av fjordene.

Noe mer vesentlig å berette fra turen denne gangen er det ikke, annet enn at ”alle var enige om at det hadde vært en hyggelig reise”

Karstein

PS: Du kan lese mer om K/S NORGE ved å klikke på denne lenken...


Tur/retur Lygra sundag 26. juni 2005
22.06.2005 (Tekst: Karstein Stene og Erik Småland / Foto: Lyngheisenteret og Museumssenteret i Salhus)

Sundag 26. juni går D/S OSTER frå Dræggekaien i Bergen til Lygra. Avgangstid kl. 11:00 – i Bergen att kl. 18:15

Besøk Lyngheisenteret. Pris pr person Kr 350,- inkl inngangspengar på Lyngheisenteret. Born halv pris.

Sal av vaflar, is, kaffi og mineralvatn om bord. Det er høve å få kjøpt anna mat i kafeen på Lyngheisenteret. Unn deg ein tur med Gamle Dampen til det vakre Nordhordland. Me minner ogso om at same tur ogso vert sundag 3. juli. Sjå elles annonse i aviser.

Ta dampen til Salhus og Norsk Trikotasjemuseum som held til i det i det nasjonale industriminnet Salhus Tricotagefabrik frå 1859. Kafé, film og omvisingar i fabrikkanlegget. Båt ein veg og museum kr. 100 , born kr. 80.
Etter avtale kan ein kan også ta båten attende til byn om ettermiddagen for kr. 80,-/50,-.


JUBILEUMSSKRIFTET
22.06.2005 (Tekst: Karstein Stene / Foto: Eilif Stene)

Jubileumsavisa "OSTERPOSTEN", som NHVL gav ut til restaureringserklæringa 11. juni 2005, var kun meint som ilegg til avisene STRILEN, NORDHORDLAND og BYGDANYTT, samt som gratisavis under Torgdagen, og NORDSTEAM 2005 i august.

NHVL har ikkje kapasitet til å senda denne til dei som bed om å få den tilsendt. Dei som ynskjer avis må vera venleg å koma ombord i D/S OSTER so skal dei få avis, so langt det rekk. Hjarteleg velkomne ombord!


Tur til Modalen
21.06.05 (Tekst: Karstein Stene)

I høve Modalsdagane 2005 vil D/S OSTER, den 25. juni, gå rute frå Bergen til Modalen

Frå Bergen kl. 09:00, Hosanger kl. 11:00, Ostereidet kl. 11:30, Tysse kl. 12:00, Vikanes kl. 12:40 og til Mo kl. 14:00
Retur frå Mo kl. 18:45, til Vikanes kl. 20:15, Tysse kl. 20:45, Ostereidet kl. 21:15, Hosanger kl. 21:45 og til Bjørsvik kl. 22:15

Mrk!
Det går buss frå Vikanes kl. 20:30 til Bergen

Takstar:
Bergen-Modalen t/r Kr 250,- / Hosanger-Modalen t/r Kr 200,- / Ostereidet-Modalen t/r Kr 150,- / Tysse-Modalen t/r Kr 150- / Vikanes-Modalen t/r Kr 150,-

Sal av betasuppe, vaflar, is, kaffi og minaralvatn frå byssa - velkomen om bord!

P.g.a. at passasjerantalet ikkje kan overstiga 99 passasjerar vil styret i NHVL oppmoda den/dei som vil vera med tinga plass på førehand på tlf. 56 354182


Så seilte vi en solblank time....
20.06.05 (Tekst: Karstein Stene/Foto: Knut A. Høyland)

Laurdag 18. juni 2005 var D/S OSTER leigd privat for reise Bergen-Hundvin.

I same høve lyste Lindås Sogelag, Håkonshaugen i Seim og Nordhordland Veteranbåtlag tur mellom Hundvin til Seim, og derfrå til Isdalstø. Bygdefolket vart oppmoda til å møta fram for å sjå og å reisa med båten, noko som svært mange gjorde. På Seim var det møtt fram veteranbussar som køyrde passasjerar til Strilamuseet og til Håkonshaugen. Dette motivet viser D/S OSTER ved kai på Hundvin, no er det lenge sidan sist det kom dambåt til denne kaien.

Klikk på bileta for større versjon...


Fotominner fra 11. juni 2005
19.06.2005 (Foto: Eilif Stene) 

Hjemmesideredaktøren til NHVL, Eilif Stene, har tatt mengder av stillfoto under evenementet i anledning av at D/S OSTER ble ærklært for ferdig restaurert.

Han tok også foto under overfarten Bergen-Eknes, og livet m/revy på Ekneskaien. Et godt utvalg av disse, (ca. 200 stk.) blir lagt inn på CD til styrets medlemmer, men enhver kan få kjøpe denne foto-CD for Kr 150,- pr stk + porto/oppkrav. Alternativt kan beløpet forhåndsbetales på konto 3632.10.96861, og CD blir da tilsendt fraktfritt så snart innbetalingen er registrert! NB:Husk å fylle inn navn og adresse på giro, samt hva beløpet gjelder.

Henvendelse direkte til Eilif Stene på e-post: eilif@stene.biz (alternativt på tlf: 90141315)

For å se et utvalg av bildene (i liten størrelse og lav oppløsning) - klikk her...


Ein merkjedag for D/S OSTER, 11. juni 2005
12.06.2005 (Foto: Eilif Stene)

Endeleg, etter restaureringsarbeid f.o.m. 8. mars 1996, til 11. juni 2005 kunne, den alltid tenestevillige fylkesmann Svein Alsaker i Hordaland, ærklæra D/S OSTER for ferdig restaurert.

Dette skjedde ved Skur 11 på Bryggen i Bergen, der Gamle Dampen låg til kai, på same kaiplass båten hadde i si fartstid for Indre Nordhordland Dampbåtlag, inntil 1964, då båten gjekk ut av ruta og vart seld og ombygd til fraktebåten M/S VAKA

Nordhordland Veteranbåtlag har i vel 9 år arbeidd trottig med å atterreisa denne sjøens tradisjonsbærar til orginalen, inn- og utsjåande.

Takka vere tilskot frå Riksantikvaren, kommunar, fond, gode pengegåver frå ulik hald, eigne lotterier, sal av eigne artiklar, har NHVL (Nordhordland Veteranbåtlag) fått inn ca. kr 13.000.000,- til arbeidet, i tillegg er det mange bedrifter som har gjeve båten varer for hundretusener av kroner, til overmål har lagets trufaste dugnadsgjeng arbeidd 25.000 timar, gratis!

Denne merkjedato, 11. juni 2005, var vel førebudd av styret i NHVL, kor eitkvart styremedlem, triser og gode hjelparar hadde fått kvar sine resultatfelt, anten i eit fellesskap eller som einskilde. Dette lukkast overmåte godt.

11.juni var oppsett med avgang frå Bjørsvik tidleg morgon og med anløp av ymse kaiar både på Osterøy- og Lindåslandet, slik at D/S OSTER kom til byen med lovbestemt antal passasjerar, me kunne fylt endå fleire på iflg. alle dei som tinga seg plass, men som me ikkje hadde lov å ta med.

Denne laurdagen vart det opplett, og tilmed kom sola fram, eit omèn for at denne båten skal verta ein solskinns tradisjonsbærar i sjøkulturens teneste for ”byfolk og strilar”

D/S OSTER la til ved Bryggen i fin stil, det var samla seg svært mykje folk på Bryggen som ville oververa dagens ærklæring, mange av dei frammøtte var inviterte, men endå fleire kom av interesse for båten.

I dagens høve var våre tre kapteinar om bord, Magne Angelskår, Johan Mostraum og Atle Haukøy, mens Angelskår var dagens kaptein og Mostraum styrmann, i maskina herska Tor J. Bjørgaas, som vanleg er.

Presis kl. 12:00 ynskte Karstein Stene alle velkomne og gav so ordet til fylkesmann Svein Alsaker, som med gode ord sa det som skulle seiast i eit slikt høve, deretter klyppta han snora på landgangen og ærklærte D/S OSTER for ferdig restaurert. Svein Alsaker vart takka ved at Bjørgaas overrekte han ein plakett, d.v.s. deler av det gamle dekket av D/S OSTER, med motiv.

Etter dette vart ordet gjeve til fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup, som etter velvalde ord overrekte NHVL eit nydeleg byggeplasskilt, som var nytt, men akkurat som orginalen frå 1908. Ingebjørg Astrup vart takka ved at Bjørgaas overrekte henne plakett. Etter det trekte kapteinen i fløyta som let hést 2 gonger.

Nordhordlands komande ”kjendisar” Claus Sellevoll og Cato Jensen vart kalla på bakken, førestellte Ivar og Kari Medaas og framførte songen ”Dar kjem dampen”, songen som har halde liv i Gamle Dampen sidan 1964. Kapteinen drog i fløyta 1 gong deretter til ære for Ivar Medaas sitt minne.

Frå Bergen Kommune helsa varaordførar Kristian Helland. Han overrekte D/S OSTER Bergen Byflagg, kun midlertidig idet dette skulle erstattast av byflagg i storleik som Gjøs. Helland vart ogso takka med plakett.

Ordførar Tove Linnea Brandvik i Lindås Kommune skulle helsa frå Nordhordlandskommunane, men vart hindra i å møta.

Ordførar i Meland, Solbjørg Åmdal Sandvik, var sporty og entra arenaen og bar fram helsing frå Nordhordland. Ho vart takka med plakett for dette. Formann i NHVL Tor J. Bjørgaas gav deretter til beste ei kort oversikt over det arbeid me hadde hatt med restaureringsarbeid.

Våre gode vener i Haakonsvern, NAVY VOCALIS, stillte seg opp på bakken og song ”Bye bye my rose”

Prosjektleiar i NHVL, Vidar Lehmann, fortalde litt om sitt arbeid, særleg minnes han med takkens ord tidlegare direktør i BNR AS, Oddvar Vigestad, som gjekk bort for kort tid sidan, og som hadde vore ein god støttespelar under restaureringsarbeidet. Etter at kjøgemeister Karstein Stene takka for dette, vart det fløyta 3 gonger, til ære for D/S OSTER

Hans Brandtun held ein tale på vegne av sponsorane, han er blant dei beste i so måte for båten.

Han kom med ein invitt til varaordførar Kristian Helland om at Bergen Kommune burde gjeva kr 2,- til båten pr innbyggar i Bergen. Men, når det gjaldt invitten til ordførarane i Nordhordland hadde han auka beløpet til kr 20,- pr innbyggjar.

Ein får sei som dei sa i Fedje Kyrkje då provst Jacob Hveding var beden om å be om at det måtte verta eit godt palefiske, og då han so gjorde høyrdest frå kyrkjebenkene.: ”Gud høyre deg Jacob”. Ein får sei det same til det gode menneske Hans Brandtun.

Frå Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl bar styreformann Helge Dyrnes fram ei helsing og framheva det gode samarbeid det var, og måtte verta, mellom desse to sjøens ”keiserinne” og ”dronning”

Frå Hardanger Fartøyvernsenter bar Geir Madsen fra helsing og takk for det umåteleg interessante arbeidsoppdrag dei hadde hatt med å restaurera D/S OSTER, og ynskte oss all lukke til.

Siste helsing bar Viggo Nonaas fram på vegne av den no freda bilferge Skånevik, og gav formann i NHVL boka ”Den norske Los”, samstundes med at han gratulerte med godt restaureringsarbeid.

Våre vener NAVY VOCALIS gav til beste endå ein shantysong, denne gongen ”Rolling Home”

Karstein Stene avslutta so det som skulle skje på kaien, og inviterte dei frammøtte om bord for omvising, først inviterte, deretter øvrige. Tor J. Bjørgaas og Vidar Lehmann var omvisarar.

Styret i NHVL seier seg lei for at det nok var trengsel under omvisinga, men bed om forståing for det.

Kl. 15:00 hadde D/S OSTER avgang frå Bryggen, og med fulltalleg passasjermengde, stemna båten til Eknes kor det var bygdetilstelling.

Det kan, atter ein gong, høva med å avslutte dette litle referat i god gamal skulestilversjon.: ”Og alle var samde om at det hadde vore ein gild dag”

Takk til alle som møtte fram på Bryggen og Eknes 11.juni 2005!

For styret i NHVL, Karstein Stene

PS: Det vil bli lagt ut fleire bilete frå 11. juni her på nettsida i løpet av veke 24. Det vil ogso bli høve til å kjøpa CD med bileta i høg oppløysning. Mer info kjem! DS


Ekstrarute 11. juni!
01.06.05 (Foto:Eilif Stene)

I høve Torgdagen i Bergen den 11. juni 2005, vil D/S OSTER gå følgjande rute:

Frå Bjørsvik kl. 07:00, Ostereidet 07:30, Hosanger kl. 08:00, Eknesvåg 08:30, Leknestangen 09:10, Hamre 09:40 og til Bergen kl. 11:00. Her skal D/S OSTER liggja ved Bryggen - Skur nr. 11

Kl. 12:00 vil det bli ein seremoni, då restaureringsprosjektet som har pågått i 9 år og 3 månader skal ærklærast for å vera fullført.

Fylkesmann Svein Alsaker vil foreta den høgtidelege handlinga med å klippa snora på landgangen og ærklæra D/S OSTER for å vera ferdigrestaurert.

Retur frå Bergen kl. 15:00, Hamre kl. 16:15, Leknestangen 16:30, til Eknesvåg kl. 17:00. På Eknes-kaien vil det bli framført ein revy, ”Båten frå byd`n”.

Frå Eknes kl. 17:30, Hosanger kl. 18:10, Ostereidet kl. 18:45 og til Bjørsvik kl. 19:00.

Førehandstinging av plass, ring tlf. 5635 4182

Takstar:
Bjørsvik, Ostereidet, Hosanger og Eknes – Bergen, t/r, kr. 250,-
Leknestangen og Hamre – Bergen, t/r,.............................kr. 200,-

Born og Honnør betalar halv takst.

Ostereidet, 30. mai 2005 - Styret NHVL


Boka om D/S OSTER
20.05.05

Boka om D/S OSTER ”Dampen som ikkje ville døy” må, dessverre, utsetjast til sommaren 2006.

Dette vart vedteke i styremøte 19. mai 2005. Grunnen til dette er at dess meir forfattarar, biletredaktør og styret kom ned i materien, dess meir interessant stoff om båten og hendingar kring dampskipskulturen fann ein.

Difor meinte styret at det er betre å bruka god tid til å få fram det best mulege produkt, og ikkje forhasta seg.

Styret seier seg lei for at boka har vore annonsert, men vonar å få forståing for vedtaket.

Med venleg helsing, styret NHVL


Det går mot vår og klargjering av båt.
25.04.05 (Foto: Knut A. Høyland)

D/S OSTER er her på slipp ved Mastrevik Mek. Industrier AS for bunnsmøring, men i mai månad tek ein travel sesong til.


Driftsprofil for D/S OSTER
12.04.05

Her finn du driftsprofilen for D/S OSTER som er vedteke av styret i NHVL den 13. januar 2005

Driftsprofilen kan du lese ved å klikke her


Referat frå årsmøte i NHVL 2005
11.04.05

Her finn du referat frå årsmøte i NHVL som vart halde på Ostereidet Skule 12. mars 2005.

For å lese referatet - klikk her


D/S OSTER til Bergen.
08.03.05 (Tekst: Karstein Stene / Foto: Gunnar Furre )

Laurdag 4. mars vart D/S Oster henta frå Hardanger Fartøyvernsenter av formann NHVL og maskinsjef, Tor J. Bjørgaas, kapteinane Magne Angelskår og Johan Mostraum, maskinpassar Magne Hellan og matros Roald Kaland.

Med god fyr i kjelen og god steam, i lett bris frå nord, førde dei "Gamle dampen" trygt og godt oppover leia og kom til BMV Laksevåg kl. 15:00, pålag. Her skal båten liggja for å få utført eindel klinkearbeid, for deretter gå bound til Mastrevik Mek. Industrier AS for eindel planlagde arbeider på båten der.

1. mai vil du atter sjå denne sjøens dronning pløgja sjøane mellom fjord og sund i Nordhordland og Bergen.

Sjå berre kor fint det no ser ut i styrbord gang på hovuddekket. All æra til Hardanger Fartøyvernsenter for framifrå arbeid!

[Klikk på bilete for større versjon]


Løyving frå Riksantikvaren
17.02.05 (Tekst: Vidar Lehmann)

For året 2005 har Riksantikvaren løyvt kr 300.000,-  til restaureringa av D/S OSTER.

Styret i NHVL takkar hjarteleg, og kan opplysa at saman med tidlegare løyvingar er nå Riksantikvaren  blitt D/S OSTER sin største einskilde tilskotsgjevar.  Saman med andre tidlegare gode tilskot frå næringsliv, fond, Hordaland fylke, Nordhordlandskommunar og Bergen kommune,  går det med bra fart rette vegen. Ennå står likevel att eit kratfttak for å finansiera innspurten, slik at D/S OSTER – ”so blankpusst og fin at han lyse” –  og  økonomisk kan koma ut i  ballast.

Etter planen går D/S OSTER  5-6. mars 2005 frå Norheimsund til Laksevåg, der ein ved hjelp av våre gode pensjonistvener frå BMV  har tenkt å etterklinka babord ytterskott midtskips. Rett etter påske skal så Mastrevik Mek. gå i gang med å forlenga rorstamma og leggja styringa opp til båtdekket, pluss med diverse andre stål- og trearbeid. 

Fram til sesongstart 1.mai, blir det  travelt med dugnadsarbeid, som ein vonar våre tidlegare mange trufaste hjelparar kan setja av tid til.   

Etterdriving av dekksflater og dekkshustak blir ei viktig oppgåve i sumar, og må takast inn imellom når veret er lageleg.

Ein arbeider nå og med å laga ei bok om båten. Lagsgruppa med Karstein Stene i spissen  førebur elles feiringa av fullførd restaurering, påtenkt den 11.juni  2005 under Torgdagane. Dette vil bli fyldigare omtala  med det første.

Årsmøtepapira er og snart på veg ut, påtenkt dato er 12. mars 2005; denne gongen, som før. kl 14:00 på Ostereidet skule.

Styret, arbeidsgruppene og dugnadsgjengen ser fram både til dette og til med det første å kunna presentera D/S OSTER i helgebunad.             

Beste helsing prosjektleiaren.

Klikk på denne lenka for å sjå Riksantikvarens liste over verneverdige fartøy


Skjold og bilder for salg
04.02.05 (Tekst: Hans A. K. Christie/ Foto: Studio5 og Eilif Stene)

NHVL har for salg skjold, samt bilder av D/S OSTER.

Skjoldene er laget av den gamle dekksplanken fra Oster, og er laget i tre forskjellige størrelser.

Foto: Studio5
[Klikk på skjoldene for større versjon]

Bredden er oppgitt først. Skjoldene er klare til å henges på veggen.

Priser er som følger:
Nr. 1 - 12 x 20 cm, kr 1.500,-
Nr. 2 - 20 x 25 cm, kr 3.000,-
Nr. 3 - 25 x 30 cm, kr 5.000,-

Skjold nr. 3
[Klikk på bildet for større versjon]

Bildet leveres i tre forskjellige størrelser, og priser er som følger:
Nr. 1 - 30 x 21 cm, kr 1.500,-
Nr. 2 - 50 x 40 cm, kr 3.000,-
Nr. 3 - 70 x 50 cm, kr 5.000,-

Bredden er oppgitt først. Bildene er innrammet, med glass og oppheng, klare til å henges på veggen.

Skjold og bilder kan bestilles hos Hans A. K. Christie på tlf. 5534 2141 / 934 49 638,
eller gjennom NHVL på tlf. 5634 4321

Det er ikke tillegg for moms eller frakt til prisene!

 


Minneboka
26.01.05 (Tekst: Karstein Stene/ Foto: Eilif Stene)

11. juni 2005 skal D/S OSTER erklærast for restaurert. I same høve skal det gjevast ut ei ”jubileumsavis” - OSTERPOSTEN

Det er meininga at denne skal trykkjast i 25000 exemplarar, idet den skal vera ilegg i avisene HORDALAND, STRILEN, NORDHORDLAND og BYGDANYTT

I tillegg vert den delt ut som gratisavis under Torgdagen 2005 i juni månad og Nordsteam 2005 i august.

Den/dei som har gode og spesielle minner frå reiser med ”dampen” frå før i tidene, anten med D/S Oster eller andre rutebåtar, vert oppmoda om å skriva dette ned og senda det til;

Karstein Stene, Helleveien 141, 5039 BERGEN.

Dette må eg evt. ha innan 28. februar 2005

Eg må ta atterhald om at historiane er gode nok og ikkje alt for lang tekst.

Då høyrer eg frå deg?

Mvh Karstein


Etterlysing!
18.01.05 (Tekst / Foto: Erik Småland)

Til 1. plass aktersalong ombord på "Oster" treng laget fire takmonterte oljelamper av messing som synt på fotografiet.

Det var Mjellem & Karlsen somi 1915 forlenga "Oster" og lagde nytt akterskip med den salongen som no er. Lampa på fotografiet kjem frå ein av salongane ombord i D/S "Alversund", som vart bygd hjå Mjellem & Karlsen i 1926. Det er difor mogleg at "Oster" sine oljelamper kan ha kome frå same leverandør.

Dersom nokon kan skaffe oss slike eller liknande lamper vil vi vere svert takksame.

Vi er merksame på at det finst etterlikningar i handelen no, men desse er mindre, dei kan ikkje svinge att og fram og opphengsklaven er av tynne rette røyr.

NB: Klikk på bilete for større versjon.


Framdrift
17.01.05 (Tekst: Karstein / Foto: Knut Arne Høyland)

Arbeidet med restaureringa av D/S Oster går som planlagd.

Hardanger Fartøyvernsenter skal vera ferdig med sine innreiingsarbeider til 1. mars 2005.

Deretter skal båten til Mastrevik Mek. Industrier AS att, for å få utført eindel planlagde restarbeider.1. mai skal D/S Oster på sin første tur i sesongen 2005

Klikk på bileta for større versjon.


Påminning!
14.01.05

Ved gjennomgang av medlemsregisteret i NHVL, finn me at det er eindel medlemer som ikkje har betalt kontingenten for 2004, eindel har ei heller betalt for 2003.

Eindel ubetalte kontingentar hender i einkvar forening, og er sjølvsagt ikkje noko særtilfelle for NHVL

Grunnane til dette kan vera fleire, me får seia som ein lærar sa på handelskulen når han skulle læra oss å skriva purrebrev, då måtte me vera svært høflege å notera t.d.; ”Betalingen kan ha unngått Deres oppmerksomhet”

Dette kan so godt ha hendt her ogso.

Styret har difor, dessverre, bestemt at dei som skuldar kontingen for 2.år vert strøkne av medlemsregisteret no, vil du/de framleis vera medlem må tidlegare kontingentar betalast.

Dei som ikkje har betalt for 2004 innan 28. februar d.å. vert strøkne av registeret i 2005

Styret oppmodar den/dei som framleis vil vera med å støtta kulturskatten D/S OSTER om å betala inn skyldig kontingent snarast, NHVL treng kvar ei krone til restaureringsarbeidet.

La oss minna om at årsmøtet i 2005 vert på Ostereidet Skule 12. mars

Mvh Styret, NHVL


Foto: Helge SundeIvar Medaas til minne.
08.01.05

Ivar Medaas, Alversund, døydde 7. januar 2005, 66 år gamal.

Han vart vald til velfortent æresmedlem i NHVL i 1998.

Det var Ragnvald Hammer og Ivar Medaas som held liv i ”Gamle Dampen”, D/S OSTER frå den tida båten var ute av rutetrafikken mellom Bergen og Indre Nordhordland, frå 1964 og til desse tider.

Songen ”Dar kjem Dampen” bevarte minnet om ei tid som var, ein kultur som var, ein institusjon i samferdsla mellom by, fjordar og sund. Ivar let ingen gløyma ”Gamle Dampen” i og med songen om den.

Då det lukkast å få D/S Oster på sjøen att, som ”Gamle Dampen” og Nordhordland Veteranbåtlag heimkjøpte M/S VAKA for å restaurera den atter til D/S Oster, var det fru Hammer og Ivar Medaas som omdøypte båten den 8. mars 1996 på Shetland-Larsens Brygge i Bergen.

For oss som var med på den veitsla, var det ikkje tvil om at dette var ei stor hending for Ivar, det var varmt å sjå kor heiderskaren Ivar gledde seg med at det, ikkje minst gjennom songen hans, skulle lukkast å sjå D/S Oster på sjøen att.

Ja, hadde det ikkje vore for songen ”Dar Kjem Dampen” so kunne denne gilde veteranbåten berre vore eit minne i song.

No er Ivarèn borte, men han lever att i gode og verdige minner. Mange gode minneord vert i desse dagar skrive om Ivar, her skal me ogso minnast han.

Takk Ivar for det du var for Strilekulturen, Takk for det du var for sjøkulturen, Takk for at du følgde med D/S Oster på våre turar på sjøen, etter som båten var under restaurering. Du skal alltid verta minnast i takksemd.

Fred over ditt gode minne.

Karstein

PS:
Ivar Medaas var med M/S BRUVIK til Modalen i 1998. Det var på Ivar sin 60 års dag. Jan Andal i TV Hordaland var med på turen og filma den. Filmen varar omlag 10 min. Følg denne lenka: http://www.bt.no/tvh/article328337

DS


Arkiv "Osterposten" 2004

Arkiv "Osterposten" 2003

Arkiv "Osterposten" 2002

Arkiv "Osterposten" 2001

Arkiv "Osterposten" 2000

 

 

 

Skjold nr. 3 Skjold nr. 2 Skjold nr. 1