OSTERPOSTEN ARKIV 2004

NHVL's julebord 2004
05.12.04
(Karstein Stene, tekst / Knut Arne Høyland, foto)

Den 26. november 2004 var det invitert til Julebord i NHVL i Nordgardsløa på Frekhaug, og femti personar møtte til denne hyggelege førjulsfeiringa.

Pinnekjøt, kålrabistappe, poteter og riskrem var levert av Nordhordland Folkehøgskule, mat av ypperste kvalitet. Fru Siren Ryland m/serveringspersonale sytte for god servering, dei unge serveringsjentene hadde like godt nisseluer på seg.

Nordgardsløa synte seg å vera det beste festlokale ein kan ynskja seg, desto meir som at Siren Ryland /personale visste godt kva dei dreiv med, det bør ikkje vera siste gongen NHVL nyttar dette lokalet.

Formann Tor J. Bjørgaas innleia med nokre ord om stoda til D/S Oster og NHVL. Sjefen for Hardanger Fartøyvernsenter heldt ein liten tale for NHVL, i positive vendingar, vår utrottelege æresmedlem Kåre Taule takka for maten, og då vart heile kjøkenpersonalet kalla inn for å motta fortent hyldest.

Våre to ODD karar hadde runda åremålsmerker i 2004, Odd Lillejord 70 år og Odd Tepstad 60 år. Vigdis Markussen og Tor J. kalla karane fram for å overrekkja dei kvar sine gåver i desse hendingane, både frå styret og NHVL.

Julebordet var i beste festlege lagsstil, NHVL har, etterkvart, fått sin gode sosiale feststil. Det var nemnd kvinner og menn i mellom at alle sette stor pris på å møtast av og til i sosiale lag, til beste for seg sjølv og til beste for D/S Oster, vårt felles kulturtiltak.

Karstein var kjøgemeistar denne kvelden, elles er han malermeistar om dagen!

Her kan du sjå nokre bilete frå festen - klikk på bileta for større versjon! (Alle foto: Knut A. Høyland)


Framdrift i Norheimsund.
03.12.04
(Erik Småland, tekst og foto)

Arbeidet i Norheimsund har fin framdrift og alle romma er no ferdig panelte.

Salongen under dekk framme er grunna med kvit linoljemaling og rammene for sete og ryggar i sofabenkane er ferdige og sendt til stopping.

No tek møbleringa av lugarane til. Køyefrontar, skuffer og servantskap er under produksjon. Frå England har vi tinga vaskeservantar i porselen som høver til servantmøblane.

Livbåtane skal overhalast og det skal også lagast traleverk i baugen og på akterdekket oppe og nede. Også ein del anna mindre arbeid kring om på skipet skal utførast i Norheimsund, slik at vi kan presenterer "Oster" som ferdig restaurert sumaren 2005.

Foto: Erik SmålandFoto: Erik SmålandFoto: Erik SmålandFoto: Erik Småland

Klikk på bileta for større versjon!

NB: Du kan sjå D/S OSTER ved Hardanger Fartøyvernsenter via webkamera ved å klikka her


Grieg Foundation
20.11.04
(Karstein Stene)

Ein av våre gode sponsorar, Grieg Foundation, har æra "D/S OSTER" med forsidefoto på årsberetninga si!

Nordhordland Veteranbåtlag takkar hjartelegst, først og framst for gode økonomiske bidrag, men ogso for foto og omtale av "D/S OSTER" på side 17 i årsberetninga 2003.

Sjå faksimile av årsberetninga ved å klikka på småbileta:

NB: Du kan ogso klikka på logo for å lesa meir om Grieg Group!


D/S OSTER på 1920 talet...
15.11.04
(Erik Småland)

Frå Siri Block i Bergen Kystlag har vi fått eit eldre foto av "D/S OSTER".

Fotografiet syner "Oster" ved kai i Eikangervåg, venteleg ein gong på 1920-talet. Vi har fleire foto av båten ved denne kaien, men dette er eldre enn dei vi kjenner til frå før.

Her ser vi "Oster" med to bommer på formasta. Fleire av fjordabåtane i Nordhordland vart leverte med to bommar på formasta (t.d. "Alversund" i 1926), men desse vart demonterte alt i mellomkrigstida. Den fremste bommen var til dekkslast framom masta og hadde ikkje eigen vinsj. Det var venteleg nytta vanleg talje (noko dei mange taua langs bommen vitnar om). Bommen skulle vere ei hjelp til å svinge fulle mjølkespann inn på framdekket. "Oster" har eigne rekkeportar her framme som høver til denne bommen.

Det kan ha vore særskilde reglar for transport av mjølk som medførte dette bomarrangementet. Det skal t.d. Ikkje ha vore lov å frakte fulle mjølkespann i rommet den tid.

Av andre interessante ting er lastebilen på kaia. På karmen står det malt namnet Johs. Askeland. Av registreringsnummeret ser vi berre bokstaven R og det første talet som er 1. Det er kan hende berre to tal. Er det nokon som har opplysningar om denne bilen? Dette kan vere med på gje oss alderen på fotografiet.

Det er også særs mykje folk med båten denne dagen og dei ser ut til å vere kledd til helg. Det er møtt fram to opne personbilar på kaien (bak til høgre), noko som kan indikere at dei fleste ombord skal av her og delta i eit arrangement i området. Bilete må difor vere teke ved eit særskild høve. Kan hende nokon veit ved kva for høve det er? Då kan vi også datere biletet svært nøyaktig.

(NB: Klikk på bilete for større versjon!)


Dampskibsposten 3/2004
10.11.04
(Karstein Stene)

Gode medlem og lesar; Dampskipsposten, det siste nummer for 2004, vert no sendt ut til medlemene.

På grunn av at laget treng midlar, tillet me oss å senda bankgiro for medlemspengar 2005, og vonar på at du ikkje har noko i mot det. ( NB: Ver svært nøye med å notera avsendar ved betaling)!

For deg som har fylgt med båten, har du nok ofte sett den i sesongen, under full steam eller ved kai anten i Bergen, Nordhordland, Sunnhordland eller Stavanger.

D/S Oster kom, fint restaurert, frå Hardanger Fartøyvernsenter i vår for deretter å gå rett til Mastrevik Mek. Industrier AS. Du har sikkert sett kor fine salongane og nokre av mannskapslugarane har vorte, synsmessig og praktisk.

No ligg ”Gamle Dampen” atter ved Hardanger Fartøyvernsenter, men innan 1. mars 2005 skal ogso 2. klasse salong og resten av mannskapslugarane verta ferdig, i tillegg til sterris, siste toalett og eindel anna arbeid. Derifrå skal båten atter til Mastrevik Mek for endå ein del småting å utføra.

Før båten gjekk til Hardanger i september vart det halde klinkekurs på båten. Dokumentasjonsgruppa, v/ leiar Erik Småland og prosjektleiar Vidar Lehmann, skal ha alt på stell, du skal ikkje koma her og koma her nei! Kun det beste er godt nok for dei, D/S Oster, og for oss alle - godt er det.

Under Torgdagane i Bergen, 11. og 12. juni 2005, vil styret i Nordhordland Veteranbåtlag erklæra D/S OSTER ferdig restaurert.

Då vert det både høgtid og skjemt ved ”Bryggjo i Bergen”, offisielle representantar, store sponsorar og anna godtfolk vil verta invitert - du kjem vel du ogso?

Det har teke tid; i mars 1996 overtok laget M/S V AKA, kalla den for ”Gamle Oster”, og so tok det 9-årige restaureringsarbeidet til.

Heimesidene våre er svært godt besøkt, og me har fått mykje godord for desse. Målet har vore god informasjon og gode referater. Me skal framleis informera so godt som me meiner det er naudsynt for medlemane og anna interessert publikum.

Styret vil her takka alle medlemene for utvist interesse for båten, ei spesiell takk til dei som har gjort dugnad, og/eller har utført tenester/leveransar på andre måtar.

Spesielt vil styret oppmoda einkvar av dykk til å sanka medlemer. Det er pr. dato omlag 670 medlemer, og me er Norges største veteranbåtlag, men; me ynskjer oss endå fleire!

Med venleg helsing på vegne av lagsgruppa; Karstein Daae Stene

NB: Dersom du ikkje er medlem kan du finna innmeldingsskjema på heimesidene her!


Fjordabåtkalenderen 2005
08.11.04
(Karstein Stene)

Fjordabåtkalenderen 2005 er no i salg!

Kalenderen kostar kr 100,- ( eks. porto) og kan tingast hjå Vigdis Markussen på tlf: 932 44 350, eller via e-post; vigdis.markussen@c2i.net


Kalenderredaktør: Knut Arne Høyland
Foto forside: Magne Åhjem, Sjøforsvaret


Delstatus Hardanger Fartøyvernsenter
03.11.04
(Erik Småland)

Her er nokre bilete frå framdriften ved Hardanger Fartøyvernsenter

Framme under dekk er dei snart ferdige med å setje opp skiljeskotta. Garnering, skott og himling skal så grunnast før køyer og møbler vert tilpassa. På hovuddekk er overbygningssida garnert og svillesystemet for langskips- og tverrskipsskotta nærast ferdige.

Foto: Erik SmålandFoto: Erik SmålandFoto: Erik Småland

Klikk på bileta for større versjon!

NB: Du kan sjå D/S OSTER ved Hardanger Fartøyvernsenter via webkamera ved å klikka her


Foto: Erik SmålandArbeidet med innreiing av 2. plass er i gong
12.10.04
(Erik Småland)

"D/S OSTER" gjekk til Norheimsund laurdag 2. oktober og Hardanger Fartyvernsenter har no starta arbeidet med innreiing av 2. plass salong og fire lugarar under dekk framme. Her vert det nytta faspanel som garnering og deleskott.

Av den originale innreiinga er det bevart ein sofabenk og to ryggar. Desse originale delane gjev oss viktige dimensjonar og detaljopplysningar. Den fremste delen av den originale dørken med linoleum var enno på plass då laget overtok båten. Saman med generalplanteikninga, munneleg opplysningar, originale benkar og ryggar gjer dette at rekonstruksjonen kan kvile på gode kjelder og bli svert nøyaktig.

Foto: Erik SmålandDet skal og setjast opp to lugarar, messe og sters på styrbord side av kjelecasinga på hovuddekket. I dette området vart stålkonstruksjonen klinka medan det enno var mogleg å kome til før innreiinga startar. I Norheimsund vert stålet grunna og malt opp før spikarslag og paneling kjem på plass.

Medan båten er i Norheimsund vil det også bli utført diverse anna småarbeid som står att ombord. Arbeidet er venta ferdig før påske 2005.

NB: Klikk på bileta for større versjon.


Gamalt mannskapsfoto
07.10.04
(Erik Småland)

Frå Sigvald Hammer, som er hovudlærer i maritime maskinfag, har laget fått eit gamalt mannskapsfoto som er teke aktanfor salonghuset på promenadedekket.

Vi kjenner ikkje nøyaktig alder på fotografiet, men det må vere teke etter forlenginga i 1915 og før kaptein Hordvik gjekk av i 1930. Mellom papplaga i innramminga låg det kalenderblad frå februar til april 1917, noko som kan peike mot eit mogleg tidspunkt.

Vi har namn på dei fleste av mannskapet frå gjevar og frå Sigurd Mostraum. Dersom nokon har namn på dei resterande, eller meiner at vi har fått feil namn på nokon, ber vi om at dei tek kontakt. Dei som er ukjende eller som vi ikkje har sikre namn på står i parentes.

Sittande med livbøyer (frå venstre): Nils Vaardal og Einar Rongve 2. Rekkje (frå venstre): V. Mjøs, kaptein Tobias Hordvik, Gustav Gudmunsen 3. Rekkje (frå venstre): Ole Iden, (ukjend), Knut Bjørsvik, Malena Haldorsen, (Marta Hansen?), postmann (Solberg?)

Salonghuset av tre kom på etter forlenginga i 1915 og vart erstatta av det noverande stålhuset midt på 1930-talet. Trehuset hadde berre eit rom med inngang aktanfrå. Eit emaljeskilt på døra har teksten "Herrelugar", noko som var svert uvanleg. Vi kjenner elles berre til at omgrepet "røykjesalong" vart nytta om mannfolka sitt revir ombord.

Kaptein Tobias Hordvik

NB: Klikk på bileta for større versjon.


D/S OSTER måleri
30.09.04
(Erik Småland)

Veteranbåtlaget har fått eit måleri av "OSTER" hjå Kjell Nilsen. Han arva det frå mor si, Karen Nilsen, som i sin tur hadde fått det hjå John Wassel i USA i 1967.

Biletet er måla av den kjende marinemålaren Olaf Gulbrandsen, som har måla mange av lokalbåtane i Noreg. Måleriet er datert 1919 og syner skipet slik det var etter forlenginga i 1915 og fram til 1928. Det var då to bommar på formasta og den gamle dekkssalongen av tre stod oppe på promenadedekket.

Gulbrandsen var svert nøye med detaljer og fargar i sine skipsmåleri. Biletet gjev difor også verdifull fargeinformasjon, noko dei gamle svart-kvitt fotografia manglar.

Erik Småland

(Klikk her, eller på bilete, for større versjon!)


Foto: Erik SmålandD/S OSTER hjå BMW-Laksevåg
25.09.04
(Erik Småland)

"Oster" ligg i veke 39 hjå BMV-Laksevåg der det vert utført klinkearbeid på overbygget midtskips.

Det er styrbord side som no vert klinka før innreiinga der kjem på plass i løpet av vinteren.

Arbeidet vert gjennomført som eit kurs, der veteranar frå BMV lærer frå seg kunsten til medlemar av Nordhordland Veteranbåtlag og Veteranskipslaget Fjordabåten. Kurset vert finansiert av Hordaland fylkeskommune gjennom Museumssenteret i Salhus, som også held naudsynt verkty.

Med dette har til saman fire av NHVL sine medlemar erfaring frå klinking av stål, nok som gjer det mogleg for oss å utføre enklare klinkearbeid sjølv ved seinare høve. Neste år skal babord side klinkast opp, slik at stålkonstruksjonen her får tidsrett utsjånad. I "kyragangen" vert konstruksjonen også synleg frå innsida.

Første helga i oktober går "Oster" til Norheimsund der dei skal innreie lugarar og salong i framskipet og sters, messe og lugarar på styrbord side av maskin- og kjelecasinga.

Erik Småland

Foto: Erik Småland
Foto: Erik Småland
Foto: Erik Småland
Foto: Erik Småland
Foto: Erik Småland
Her er nokre bilete frå arbeidet på Laksevåg- klikk på bileta for større versjon - alle foto : Erik Småland

Sesongavslutning 2004
20.09.04
(Karstein Stene)

D/S OSTER på siste tur i sesongen 2004.

I anledning av at NSB feirer 150 år, var båten ønsket til Garnes, for korrespondanse med veterantoget Gamle Vossebanen. Både fra Osterfjorden og Sørfjorden var D/S Oster innom for å ta med passasjerer. Det var en heller våt reise. Nå skal restaureringen av båten fortsette, og komme tilbake våren 2005 i enda finere stand. Dette er noe vi alle gleder oss til.

Mvh Karstein

Her er nokre glimt frå årets siste tur - klikk på bileta for større versjon - alle foto : Knut Arne Høyland

 

Lotteri 2004
18.09.04

Frå det gode menneske Anna Fammestad fekk Nordhordland Veteranbåtlag eit åkle til utlodning, til inntekt for restaurering av D/S OSTER

Trekning vart føreteke på Lindås og Meland Lensmannskontor 6. september 2004, og vinnaren var Ragnhild Bjørgaas på lodd nr. 161. Samla inntekter var kr 15.220,-

Hjarteleg takk til Anna Fammestad, og gratulasjonar til Ragnhild

Mvh Karstein


Modalsturen 2004
08.09.04

Den 5. september 2004 var det veteranbåttur Bergen-Modalen.

Bergens Tidende har tidlegera vore annonsesponsor for desse turane, men ikkje i år. D/S Oster hadde fullt passasjerbelegg, me måtte, dessverre, avvisa folk som ville vera med. Desse kom seg likavel fint til Mo, M/S Granvin tok desse med seg.

Mvh Karstein

Her er nokre glimt frå årets tur - klikk på bileta for større versjon - alle foto : Knut Arne Høyland

Tysse Mekaniske Verksted AS
31.08.04

D/S Oster sin gode samarbeidspartnar, Tysse Mekaniske Verksted AS i Tyssebotn, feirar 40 år i år.

Dette ville dei m.a. markera med ein tur med D/S Oster for sine tilsette, og eigarar.

Laurdag 28. august kom D/S Oster til Tyssebotn for å ta i mot dei første av dei i alt 76 passasjerane, deretter til Hosanger, Hamre og Leknes, siste stoggestad for å ta i mot spelemennene Helge Corneliussen og Håkon Sandvik.

So gjekk turen til Bergen. Undervegs vart det servert betasupa, vaflar og kaffi, og med litt å leska strupane med, attåt. Trekkspelmusikk m/bass gav hyggelege tonar til beste.

Tysse hadde teke med seg ein bilhengar, i Bergen vart denne sett i land slik at folk kunne gjeva bud på den.

Den alltid oppegåande Odd Lillejord gav det beste budet og fekk hengaren. Pengane for hengaren, Kr 5.200.- skulle til D/S Oster sin sårt tiltrengte kasse. Takk for det Tysse Mek.!

Kl. 14:00 kom passasjerane om bord att, no vart reisa sett ut Herdlafjorden, rundt Skjellanger, opp gjennom Alverstraumen og snudde i Rafjorden. Heile turen vart det servert reker, sjøkreps og øl og vin, stemninga var heilt topp.

Om bord vart det føreteke loddtrekning på tilhengar, Tysse Mek. sin produksjon Nr. 100 000. Denne vart vunne av Reiperen AS, som er murmester Geir Paulsen i Bergen. Han hadde bruk for hengar ogso, so dette var ei god trekning.

Når folket var sett av og D/S Oster kom att til Ostereidet var klokka 2320, ein lang og hyggeleg dag.

For å seia det, som det var, i beste skulestilterminologi.: ”Alle var samde om at det hadde vore ein gild tur”

Stor takk til Tysse Mekaniske Verksted AS med Bertin Kåre Tysse og Lars Magne Bysheim i spissen.

Velkomen att til D/S Oster ein annan gong, og deretter, og etter det…………

Mvh Karstein


Oljemessa, ONS 2004, Stavanger
30.08.04

Da BENNEX Transmark Norge AS skulle delta med stand under ONS-04, ville de vise seg under litt utradisjonelle omstendigheter.

De var ute i 2003 for å leie D/S OSTER som sin utstillings- og representasjonsbåt i Stavanger Havn

Dette var også en stor oppgave for Nordhordland Veteranbåtlag, vi hadde jo nettopp vært i Masfjorden med D/S Oster og vi gikk derfra, med en natts opphold hjemme for mannskapet, rett til Bergen for å ta utstillingsgjenstander om bord og så "bound" for Stavanger.

D/S Oster kunne ikke ønsket seg et bedre vær til seilasen Bergen-Stavanger, hvor de kom frem før beregnet tid, og la båten til kai ved Strandkaien.

D/S Oster hadde i oppgave å servere leietakere og gjester under oppholdet, som varte i 3 dager. Her hørte man mange slags språk og dialekter om bord.

Til lunch kom gjester om bord, og om kveldene kom gjester om bord. De ble servert lunch på dagtid, reker m/ tilbehør, øl, vin og mineralvann på kveldstid, og det hele gikk ”som smurt”

D/S Oster forlot Stavanger torsdag kveld 26.08, og ankom Bergen igjen morgenen den 27. august for å losse utstyret til Bennex AS

Denne turen var en stor prøve på hva D/S Oster kan nyttes til, ikke bare på kulturelle turer, men også i næringslivets tjeneste.

NHVL har fått mange rosende ord fra Bennex AS for våre tjenester, og vi NHVL vil også rette en takk til Bennex Transmark Norge AS samt IMP Kommunikasjon for genuint samarbeid.

PS: Som en kuriositet må vi nevne at kongeskipet "KNM NORGE" kom til Strandkaien og la seg til kai 2 båtlengder bak D/S Oster...vi bare n e v n e r det!

Vi håper at både Kongen og Dronningen så D/S Oster - men vi vet ikke.

Mvh Karstein

Her er nokre motiv frå ONS 2004, Stavanger - klikk på bildene for større versjon - alle foto : Magne Hellan

D/S OSTER til Masfjorden
29.08.04

Masfjorden Kommune er den nørste kommune i Hordaland, grensa til Sogn og Fjordane Fylke.Masfjorden har stor historie, kan hende er historiane til Masfjorden best kjent i dei siste 60 år.

Masfjorden Kommune, BKK og Bjørn West Museet på Matredal, hadde lenge planlagt Kraftspela 2004 som skulle feirast i august 2004

Hovudevenementa var at det i 2004 var 60 år sidan D/S MASFJORD forliste i Sandnesosen, det var i februar 1944 og mange mennesker omkom.

Likeeins er det i 2004 60 år sidan hæravdelinga Bjørn West vart oppretta i Masfjordfjella, med kaptein Harald Risnes som sjef og Fredrik Kayser som NK.

Bjørn West kjempa dei siste forsvarskampar som vart kjempa på norsk jord under 2.verdenskrig.

Kraftspela 2004 hadde ynskje om at D/S OSTER, KNM HITRA, SHV-Slotterøy, M/K LEDA og M/K MOTIG I skulle delta i minnestundene. Sistenemnde båt førde den berømte Shetlands Larsen til Shetland i 1941.

Båtkortesjen gjekk frå Fonnes til Sandnesosen, der samla kortesjen seg, mange småbåtar følge på.

Der D/S MASFJORD forliste var det ei minnestund. Kyrkjeklokken i Sandnes Kyrkje ringde,

D/S Oster svara med dampfløyta. D/S Oster var hovudbåt under minnestunda.

Deretter var det song og musikk av lokale krefter. Sonen til styrmann Karl Vabø, som omkom i forliset, Finn, og barnebarnet Øyvind, spelte fele, deretter kasta Finn minnekrans på sjøen til minne om dei som omkom for 60 år sidan. Sokneprest Sørheim held andakt.

Etter dette ringde klokka i Sandnes Kyrkje att, D/S Oster fløyta og KNM Hitra løyste 3.skot.

Deretter gjekk båtkortesjen inn Masfjorden til Matredal. Det var ein fint syn å sjå alle båtane som segla i fylgje.

På Matredal overtok Kraftspela 2004 og Bjørn West Veteranane feira sin siste offisielle middag på skulen der. Her var fylkesmann, general og mykje gjævt folk samla - ein minnerik dag.

Mvh Karstein

Her er nokre motiv frå turen - klikk på bildene for større versjon - alle foto : Magne Åhjem/Sjøforsvaret

D/S OSTER, Sletta 3. juli 2004 !
11.08.04

I samband med Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta, og senterets feiring av USA sin nasjonaldag, 4. juli, segla D/S OSTER frå Bjørsvik og via mange stoggestader for å ta med passasjerar, til Sletta kai laurdag 3. juli.

Slettingane hadde førebudd ankomsten godt, m.a. hadde dei reinska opp i sjøbotnen utanfor kaien, og laga nye fortøyningspålar

Under båtens landligge på Sletta kunne folk koma om bord og kjøpa seg ein tur med ”Gamle Dampen” ut på Lurefjorden.

Ogso denne seglasen til Sletta føyer seg inn i rekkjene av positive opplevingar med turar som ”Gamle Dampen” føretek i dei nordhordlendske fjordar, viker og sund.

Mvh Karstein

Her er nokre motiv frå turen, frå promenadedekket, folk frå Australia som går frå båten og stemning i byssa ved sal av vaflar, mat må man ha.- klikk på bildene for større versjon - foto : Knut A. Høyland

Foto: Eilif SteneD/S OSTER - sumarbrev 2004 .
08.07.04

av Vidar Lehmann

Etter at D/S OSTER har fått innreidd akterskipet under dekk, fornya det attståande av fordekket, installert ljos, varme og VVS-funksjonar og gjennomgått ei grundig overflate- handsaming, er båten nå i sumardrift, med mellombels passasjerløyve for inntil 121 passasjerar i fartsområde 2. Så langt har det gått bra.

Siste året er det i tillegg til mykje gratisarbeid investert rundt 3 millionar kroner, og det utan at banklånrama er auka. Den største samla einskildytar er nå Riksantikvaren; i år med kr. 500.000, som skal brukast i haust. (sjå nedafor).

Messingplakettar ombord syner elles gjevarane. Laget skuldar dei og alle andre hjelparar stor takksemd. Aller siste nytt er eit solid tilskot til nye redningsvestar frå ein av våre trufaste maritime hjelparar, og overlating av ein 50-personars redningsflåte frå ein annan.

Samla dugnadstimetal har nå passert 22.000. Sjølv om ein kan greia seg med færre, har ein funne ut at høveleg mannskapstal for dei fleste passasjerturane ligg på 9-11 personar. Det kan og nemnast at eit tradisjonelt utforma billetthefte er teke i bruk, og at eit velkjent bergens- firma har påspandert mannskapet Devoldgensarar med applikerte raude D/S OSTER-bokstavar.

På siste årsmøtet vart det vedteke som arbeidsmål at båten til sumaren 2005 i alt vesentleg skal vera ferdigrestaurert og då framstillast som eit regionalt, maritimt kulturminne, mellom anna i samband med hundreårsfeiringa av unionsoppløysinga. Samstundes vart styret bede om å drøfta justeringar i arbeidsopplegget i samband med endring av tyngdepunkt frå prosjekt til drift.

Straks sumarsesongen er over skal styrbord hovuddekk sitt ytterskott etterklinkast og tilpassast, som førebuing for innreiing der av to små lugarar, messe og sterrids. Styrbord korridor på midtskipet vert då mykje smalare, men samstundes får ein nytta plassen på ein meir ordna måte. Rett etter startar innreiinga her, og i same slengen, av ein andreplass-salong og fire lugarar under dekk i forskipet. Dokumentasjonen av alt dette er eit godt stykke på veg klar.

Ein skulle gjerne hatt hatt råd til vinterdekke for båten. Det ville hindra klimaskadar under vinteropplaget og letta vedlikehaldet og elles. Ein søknad til Kulturminnefondet om dette er diverre nyleg avslegen. Kanskje ville det hjelpt om båten hadde hatt torvtak?

Innreiingsarbeida skal gjerast ved Norheimsund Fartøyvernsenter, dit båten går i oktober.

Ein vonar at økonomien tillet at alt kan gjerast under same opphaldet, som då truleg til vara til påske. Arbeidet er enno berre delfinansiert, men ein vonar friske midlar vil koma til i tide. Etter dette kan det koma mindre stål- og overflatearbeid og til slutt klargjering.

Alle gode krefter bør difor nå samlast om å sikra finansieringa av dette siste storløftet i restaureringa av D/S OSTER. Etter siste året sine framsteg er stemninga i styret, dugnads- gjengen og besetninga god, og båten har fått lovord både av passasjerar og andre.

Ei av mange røynsler i dette prosjektert er at veteranbåtar ikkje automatisk let seg setja i same slag antikvariske bås som til dømes verneverdige bygningar. Medan båtane var i drift sleitst dei raskt ned, trong i mellom store vøler og vart oftare ombygde og flikka på enn til dømes hus. Når dei så ikkje lenger var fullt ut marknadseffektive, vart dei sporenstreks opphogne eller radikalt ombygde til andre føremål. Eit stabbur kunne kanskje bli ståande upåakta eit par mannsaldrar, medan båtar i beste fall berre kunne greia seg nokre få år.

Når dei få attlevande båtane så vert tekne vare på og restaurerte, må dei på ny sporenstreks tena pengar til vedlikehald og fornying. For å få gjera det må dei vera sjødyktige og ikkje minst attraktive for passasjerane. Dette krev finansiering, innsats og myndigheitsgodkjenning utover det som til vanleg gjeld bygningar og andre kulturminne på land.

Under slike omstende er det ei stor fagleg utfordring å kombinera krava til antikvarisk gode løysingar med omsynet til tilfredsstillande prosjektframdrift og i neste omgang trygg drift. Så lenge både økonomi og sikkerheit har klåre grenser, vil ein måtta leva med ei viss spenning mellom det som til kvar tid er antikvarisk ideelt, og det som på kort sikt er praktisk oppnåeleg. Heile tida må ein likevel stella seg slik at ein s einare kan ta att det som her måtte vanta.

Målet er å gje publikum eit sannast mogeleg inntrykk av båten som kulturminne, og, når høvet byr seg, av den omfatande kvardagskulturen han var ein så sentral del av.


Posten skal fram!
08.07.04

Det er mange slags dugnadstiltak innenfor Nordhordland Veteranbåtlag sitt virke.

Det er ikke bare å drifte båt og samle inn midler til restaurering, nei, kontakten med medlemsmassen er også viktig, det er medlemsmassen som er Nordhordland Veteranbåtlag!

Her er en av de mange dugnadsgjengene i NHVL, foreviget i kantinen til Frank Mohn Flatøy AS som pakker siste nummer av Dampskipsposten, samt referat fra årsmøtet i laget i mars måned. Dette er fra pakkingen 29. juni 2004

Når ca 750 konvolutter skal pakkes, så trengs mannskap, både skipper, maskinsjef, matroser, triser og oss fra almuestanden.

D/S OSTER har hatt en positiv sesong denne våren og det blir en travel sesong for ”den gamle damen” i august og september tilmed.

Seilingsplanen finner du her på hjemmesidene våre.

Når høsten kommer, med løvfall og styggevær, så vil båten atter gå til Hardanger Fartøyvernsenter for videre restaurering. Det er 2.kl salong (framme) + mannskapslugarer som står for prioritert tur, kan hende noe mer.

Det er hele tiden de kontante midler som bestemmer farten, vi håper jo alle at velvillige sponsorer følger oss videre.

Styret`s høyeste ønske er jo at D/S OSTER kan fremvises som den tradisjonsbærer den er, som en sjøkulturens pryd som 100 års markering for Unionsoppløsningen i 1905

Med denne dugnadsgjengen som dere ser, så er det helt klart at vi klarer å pakke medlemspost til mange, mange flere.

Vet dere om kjenninger som ønsker å verve seg som medlem i NHVL, så kvi deg ikke med å ihukomme hvor dere skal henvende dere, i så måte.

Velkommen som medlem, enhver især!

Mvh Karstein

Her er noen bilder fra pakking av "Dampskipsposten"- klikk på bildene for større versjon - foto : Knut A. Høyland

Ny nettportal for båtar og ferjer!
14.06.04

Den er eineståande i sitt slag og sannsynlegvis den fyrste båtutstillinga med originaleksemplar av gamle trebåtar og ferjer. Den fortel også mykje om båt og ferjekulturer i nordhorlandsregionen.
Her er adressa til båtutstillinga av gamle masfjordbåtar:
http://www.masfjorden.kommune.no/batsamling


Festspillene og D/S OSTER!
07.06.04

Oleana AS og Festspillene i Bergen inviterte med seg styret og sponsorer på en to-timers reise på Byfjorden lørdag 22. mai.

Søndag 23. mai hadde Festspillene invitert rundt 100 kulturinteresserte mennesker fra Bergen til en tur som gikk til Valestrand. Her gikk folk i land, og ruslet opp til "Bullahuset" hvor de ble orientert om Ole Bull.Ved denne anledning var det årets festspillmusiker Henning Kraggerud som spilte komposisjoner av vår store fiolinist.

Turene lørdag og søndag var svært vellykkede, og det var bare fine ord å høre om båten. Ombord fikk passasjerene kjøpe vin, øl og mineralvann, kaffe etc., samt reker og vafler - et tilbud som falt i god smak!

Karstein


Foto: Eilif Stene
Foto: Eilif Stene
Foto: Eilif Stene
Foto: Eilif Stene
Her ser dere noen bilder tatt før avreise søndagen - klikk på bildene for større versjon - foto : Eilif Stene

Innkalling til årsmøte 2004 !

Styret i NHVL vil minna om årsmøte 2004.

Det vert halde på Ostereidet Ungdomsskule, laurdag 27. mars kl. 1400
Årsmelding, regnskap og innkalling er sendt alle medlemer.

Vel møtt - helsing styret.


Slik står det til !

Ein liten situasjonsrapport 18.februar 2004

Den 28. februar går D/S OSTER frå Norheimsund attende til Mastrevik Mek. Her skal ein fornya deler av fordekket, som er for medteke til at ein kan gå direkte i gang med innreiinga under. Om lag 50 kvadratmeter dekksplank må skiftast ut og truleg og ein del av det tilliggjande og berande stålet. Dette skal vera gjort til midt av mai, for då startar sumar-sesongen.

Parallelt med arbeidet i Mastrevik, skal det og gjerast ein god del dugnadsarbeid, likeeins litt etterarbeid med den innreiinga som er gjort ved Hardanger Fartøyvernsenter. Innreiinga av 1. plassalongen akterut er eit stort steg framover.

Til hausten er og planane klare, men heng som vanleg nøye saman med økonomien. Som før nemnt er vona at det aller meste av restaureringsarbeidet skal vera gjort til sumaren 2005. slik at båten då kan markera seg som regionalt maritimt kulturminne, mellom anna i samband med hundreårsfeiringa av unionsoppløysinga.

Nå trengst det ein innsats, både med arbeid og midlar. Difor; alle gode krefter: Trø til!

Helsing
Vidar Lehmann
Prosjektleiar


foto:Erik Småland07.02.04
"Eet er at Seile, et annet eet Søekart at Forstaae"
(Ludvig Holberg, 1684-1754)

Som alle har merket har solen snudd, det går mot lysere tider.
Her er et verdig og vakkert motiv av vår kjære D/S OSTER, i fin føring på sjøen.

Våre kapteiner og mannskap kan både seile dampskip og forstå sjøkart, nå i Holberg sitt 250 års jubileum, var det fristende å gjengi et godt sitat av vår kjende dikter.

Sommersesongen 2004 for D/S OSTER blir travel, det er mange som har bestillt båten, styret får siden komme tilbake med meldinger om de destinasjoner vi vet av.

Inntil da, gled deg til de lyse dager og netter.

Klikk her for å sjå større bilete

Restaureringa av D/S OSTER - status ultimo januar 2004
av Vidar Lehmann


Innreiinga av førsteplass-salongen og dei to lugarane akterut under dekk går fint framover.

Foto: Magne HellanI tillegg skal det ved Norheimsund Fartøyvernsenter gjerast etterdriving av dei overliggande dekksbjelkane, fornying av sidevindaugo i styrehuset og andre mindre vølingar. Parallelt med dette har det vore utført mykje godt arbeid av laget sin trauste og profesjonelle dugnadsgjeng.

Dette arbeidet er finansiert. Enno er ikkje fastsett sluttdato, men det vil truleg bli i, eller litt over, midten av februar. Då går D/S OSTER attende til Mastrevik for å utbetra den eldste delen av dekket på for- skipet. Ein har etter nærare synfaring og gode råd frå fagfolk funne ut at det bør gjerast før ein innreier under. Dette vil pågå framover våren, samstundes med dugnadsarbeid. Dekksarbeidet er enno ikkje fullt ut finansiert, men det er rimeleg gode utsikter til at det skal ordna seg snart.

Også i sumar vonar vi det skal ordna seg med mellombels avgrensa passasjerløve, slik at vi kan starta alt i mai og halda det gåande til litt ut i september. Fleire gode avtalar ar alt gjorde, men programmet er ikkje heilt komplett og bør for ordens skuld heller ikkje leggjast fram enno.

I slutten av september vonar vi så at ein kan gjennomføra etterklinking av styrbord ytter- skott på hovuddekk og samstundes fullføra isoleringsarbeid i maskineriet, spesielt då av kjelen, og av alle dampførande røyr.

Så står innreiinga av salongen og fire lugarar i forskipet for tur, og dessuten eit mindre innreingsarbeid på styrbord hovuddekk, der det skal vera ei ørlita messe, to små lugarar og ein ”sters”; der kjørler og anna kjøken- og serveringsutstyr skal oppbevarast.

Under føresetnad av at NHVL greier å reisa midlar, vil dette bli gjennomført hausten- vinteren 2004-5.
Målet er, som før nemnt, at D/S OSTER, som var nybygd i 1908, til sumaren 2005 skal framstå som i alt vesentleg ferdigrestaurert, og då kunne presenterast som eit representativt regionalt kulturminne i samband med 100-årsjubileet for unionsoppløysinga.

Ein oppmodar difor nå alle som ser seg syn med det om å gje oss eit solid handtak med finansieringa, slik at og denne siste, store delen av restaureringsarbeidet kan koma vel i hamn.

Bergen, 22. januar 2004
For Nordhordland Veteranbåtlag, beste helsing

Vidar Lehmann (sign)
Prosjektleiar/nestleiar


Arkiv "Osterposten" 2004

Arkiv "Osterposten" 2003

Arkiv "Osterposten" 2002

Arkiv "Osterposten" 2001

Arkiv "Osterposten" 2000