OSTERPOSTEN ARKIV 2003

23.12.03
Åkle frå Anna Fammestad
No kan du vinna eit åkle frå hennas hand og vevstol !

Som kjent er ”eitkvart bidrag eit godt bidrag”, det har NHVL fått mange bevis for, det er frå dei mange som har ytt sin gode skjerv til restaureringsarbeida med D/S Oster, anten med medlemspengar, kontante tilskot, loddkjøp, frå mindre og store sponsorar, eller i reine varer og arbeid.

Anna Fammestad på Fammestad i Lindås er ei kjent veverska, hennar Åkle prydar mange heimar og offentlege bygg i by og bygd, ja, i USA og andre utland tilmed.

Ho Anna er ein god kulturberar i Nordhordland, for oss som kjenner ho veit me at når det er tale om tradisjonar frå nordhordlandsbygdene, ja då syner ho stor interesse og yter sine bidrag.Ho er godt kjent ogso som omvisar på Roparhaugsamlingene, som er på Fammestad, men som ikkje har fått den plass den fortener, enno.

Rett føre jula 2003 tok ho Anna Fammestad kontakt med Lagsgruppa i NHVL med spørsmål om laget ville ha eit åkle av henne, ei gåva som ho meinte me kunne lodda ut og få inntekter av til D/S Oster.
NHVL tok med stor TAKK imot gåva, som me allereide har fått (med ein kopp kaffi og gode lefser attpå i heimen hennar) og no skal åklet loddast ut. Anna Fammestad opplyser at åklemotivet er frå Lindås ( kan ogso vera Hosanger/Osterøy) idet liknande åklemotiv heng på Roparhaugsamlingane.

Klikk på bilete for større versjon:

Denne gevinsten vil verta lodda ut på ”gamlemåten”, som eit basarlotteri, idet me vil laga til loddbøker kor loddkjøparane sine namn vert skrive for hand.

Me vil selja totalt 750 lodd á kr 20,-
Salet vil føregå om bord i D/S Oster under seglingssesongen 2004.
Likevel, den/dei som vil teikna seg for loddkjøp kan melda dette inn til;
Karstein Stene, tlf 5533 0915, eller e-post; karstein.stene@broadpark.no eller
Vigdis Markussen, tlf
932 44 350, eller e-post; vigdis.markussen@c2i.net

Slike kjøp må vera på minimum 25 loddeiningar. Kjøpstadfesting m/faktura vert sendt den som tinga på denne måten.

Trekning den 28. august 2004 om bord i D/S Oster
Vinnarens namn vert notert på NHVL sine heimesider, i tillegg til at vinnaren får tilsendt gevinsten.Kvi deg aldeles ikkje for å støtta restaureringsarbeidet på ”Gamle Dampen”

Karstein


22.12.03
Klinke-bank bygges opp i Salhus.
Les denne artikkelen som sto på trykk i Bergens Tidende 22.12.03 ved å fylgja denne linken: klinkebank i Salhus

01.12.03
Frå Mastrevik til Norheimsund
"....turen tok 9 timar på grunn av kraftig motvind og sjø frå sør. Det var dårleg sikt i regntjukke og lågt skydekke. Utan den nymonterte radaren hadde ikkje turen vore mogleg å gjennomføre. Opp Hardangerfjorden gjekk det greitt då vi fekk vinden i ryggen....."

Les heile rapporten, med bilete, frå Karstein Stene og Erik Småland her


24.11.03
Statusrapport november 2003
Siste året har arbeidet med D/S Oster hatt sterk framgang, og svært mykje har blitt gjort frå hausten 2002 til hausten 2003.

Les rapport av Tor J. Bjørgaas og Vidar Lehmann ved å klikka her
Sjå bilete frå Mastrevik ved å klikka her


20.11.03
Nordhordland Veteranbåtlag's Lotteri 2004

Gevinst.:
1 stk. bilhenger m/ påbygningskarmar, presenning, utstyrskasse, nasehjul og tjuverilås - verdi ca. kr 20.000,-
Gevinsten er gåve frå Tysse Merkaniske Verksted AS i Tyssebotnen.

Det vil bli lagt ut 3000 lodd á kr 20,-
1 bok er 25 lodd á kr 20,- = kr 500,-
Heile loddbøker kan tingast hjå Karstein Stene, tlf 55 330915, eller karstein.stene@broadpark.no

Kvi deg aldeles ikkje for å støtta "Gamle Dampen" - "Eitkvart bidrag er eit godt bidrag". Trekning ombord i D/S Oster den 28. august 2004. Resultat vert offentleggjort i Strilen og Nordhordland, samt at vinnaren vert tilskriven. Inntekta går til restaurering av D/S OSTER.

Støtt vårt arbeid med denne sjøkulturelle skatten for Bymann og Stril !

Karstein

 


06.11.03, oppdatert 24.11.03
Situasjonsrapport i november 2003
D/S OSTER ved Mastrevik Mek. Industrier AS
Resten av stålarbeidene er ferdig i denne månad

Sjå fleire bilete ved å klikka her

Karstein

 

23.10.03
Fjordabåtkalender 2004
Nå er Fjordabåtkalenderen for 2004 i salg. Også i år er det en ”feiende flott” kalender NHVL gir ut og selger. Den som vil kjøpe denne fra Osterbutikken, bestiller pr mail hos.:

vigdis.markussen@c2i.net

Kalenderen koster kr 100,- pr. stk, i tillegg porto ved forsendelse.

NHVL er svært interessert i at medlemmer tar på seg å selge kalendre til butikker eller kjente. Forhandlere vil få kr 20,- pr. solgte kalender. Medlemmer som selger må gjøre det som dugnad.

Kalenderredaktør er Knut A. Høyland

NB: Kalenderen er så god at den kan brukes til julepresanger !

Karstein


22.10.03
Arven
Under evenementet ved Shetland Larsens Brygge den 6. september 2003, da fylkesmann Svein Alsaker tildelte Kongens fortjenestemedaljer til Vidar Lehmann (Gull) og Tor J. Bjørgaas (Sølv) ble Nordhordland Veteranbåtlag overrakt en sjekk på kr 50.000,- som delarv etter søstrene Bjørsvik - Anna Bjørsvik Åsheim (1905-1958), Marta Bjørsvik Åsheim (1908-2002), Olaug Bjørsvik Veland (1910-1998).

Sjekken var ledsaget av et dikt skrevet av Bjørg E. Veland, og diktet var så vakkert at vi gjengir det i Osterposten.

Les diktet her

 


22.10.03
Dampskipet OSTER med ny tilhenger
Nordhordland Veteranbåtlag (NHVL) har nå ca 750 medlemmer/tilhengere.
Torsdag den 2. oktober 2003 skulle Tysse Mekaniske Verksted AS i Tyssebotn produsere sin biltilhenger nr. 100 000 og i den anledning ville bedriften markere dette. Som den gode støttespiller for ”Gamle Dampen” som denne bedriften har vært, og er, bestemte de seg for å forære NHVL denne slik at laget kunne bruke til for eksempel utlodning og tjene penger på det, til beste for båtens restaureringskasse, og dermed fikk ”Gamle Dampen” enda en tilhenger.

Tilhenger nr. 100 000 ble montert i påsyn av bedriftens ansatte, i tillegg møtte Karstein Stene og Odd Lillejord fra D/S Oster for å motta denne generøse gave. Jan Bjørn Sandal fra Tysse Mekaniske satte tilhengeren sammen der og da.

Vinteren 2004 vil NHVL igangsette et lotteri for tilhengeren, noe som laget antar vi gi kr 60.000,- til båtens restaureringsarbeid.

(Det var meningen å frakte tilhengeren med fra bedriften, ingen av mottagerne hadde slepekroker på sine biler, det ble ymtet frempå at nå skulle Odd Nerdrum vært her med sitt tilhengerfeste, så hadde den saken ordnet seg) !


22.10.03
Ein etterspurt båt: D/S OSTER
Eit marketingfirma i Bergen kom med spørsmål, på vegne av eit oljerelatert firma i Bergen, om vi kunne gjeva tilbud på utleige av D/S OSTER i Stavanger under oljemessa der i tida 24. til 26. august 2004

NHVL gav tilbud på dette og fredag 3. oktober 2003 fekk laget beskjed om at vi hadde fått dette tilbudet godteke.

Prisen får no vera som den er, kort å fortelja om den er at turen vil gjeva gode pengar i restaureringskassen. Kaiplass i Stavanger hamn er allereide tinga. I tillegg til å leiga båten i ovannemnde tidsrom, skal D/S Oster syta for sal av vin, øl, mineralvatn, reker og anna som oljeselskapets kundar ønskjer å få servert om bord, og inntektene av slikt sal er NHVL`s

Det er lite truleg at båten kan taka med passasjerar på turen til Stavanger, det er heile tida sjøfartsmyndigheitene som avgjer slike ting. Det vert nok berre det lovpålagde mannskap som får vera om bord.

Det må vera heilt klårt at all den omtale i TV, radio, media i sin heilheit, har hatt vedkomande D/S OSTER har sett denne sjøkulturelle skatt på kartet. Det bør ikkje vera tvil om at D/S Oster skal vera nokså lett å driva når den er ferdig restaurert.

Karstein


26.09.03

"Dae`kje måte på!
Ikkje nok med at Bergens Tidene`s TV bilag i dag, 26.september, har 3.sider med stoff og bilete om D/S Oster, so vil det, til overmål, koma film på NRK i beste sendetid laurdag 27. d.m.
Dette er film Nr 2, av Eilert Munck Lund, eller Munck Film Provide

Karstein
                  


08.09.03

Aller siste nytt

Dampskipet OSTER gjekk i dag, 08. september 2003, frå sin base, Bjørsvik, til Mastrevik Mek. Industrier AS i Austrheim.

Etter at Nordhordland Veteranbåtlag no har fått tilsagn om ekstra tilskot på Kr. 1.060.000.- og Kr. 50.000.- i delarv etter Anna Bjørsvik Åsheim (1905-1958) Marta Bjørsvik Åsheim (1908-2002) og Olaug Bjørsvik Veland (1910-1998), samt Kr. 15.000.- frå Nordhordland Regionråd, har laget no avtale med Mastrevik om innreiing av stålarbeider i salongar og lugarar, alt under dekk, samt laga nye rennesteinar og ymse anna.

NHVL vil at Mastrevik Industrier skal utføra so mykje av desse arbeida som laget kan makta økonomisk.

Planen er at dette arbeid kan verta ferdig til november 2003, deretter skal D/S OSTER til Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund for sjølve innreiingsarbeida.

Laget tek seg ”ikkje vatn over hovudet” økonomisk, me må nøye økonomisera arbeida, det me ikkje har økonomi til i 2003-2004, må berre venta til økonomien er på plass.

Laget har eit heilt erklært mål å ikkje låna meir pengar enn laget kan innestå for.


08.09.03

Den store dagen for Kongeleg Heider og Ære
Laurdag den 06. september, det Herrens Aar 2003, var det ein stor dag for Nordhordland Veteranbåtlag.
Etter søknad frå ”gjeve menn og kvinne” hadde H.M. Kongen tildelt Kongens Fortenstmedalje til dei 2. føregongsmennene i veteranbåtlaget,
nemleg formannen Tor J. Bjørgaas og prosjektleiaren Vidar Lehmann, i h.h.v. sølv og gull.
 Les meir                   
                 
 


01.09.03

"Det flagger i byen og på havnen"

I høve av at fylkesmannen i Hordaland skal tildela Kongens Fortenstmedalje til
Vidar Lehmann og Tor J. Bjørgaas, for deira utrettelege dugnadsarbeid med restaureringa av
Dampskipet OSTER, laurdag 06. september, skal båten gå frå Bergen "Kvart over to"
den gamle ruta "Kvart-over-toen" til Osterfjorden
Dette med eindel inviterte gjestar om bord, som ein sjøkulturell avslutning av denne viktige veitsla.
D/S Oster går til Berneslykta, for så å returnera til Bergen.
Om bord er det då 2. nyslegne karar med Kongens eiga stempel.
Dette bør folket langs fjorden, sør- og nordom Osterfjorden vera med å feira på sina måtar.
Difor, heis alle flagg denne dagen.
Båten vil takka for dette ved å trekkja i fløyta, gang på gang.
Det er truleg at D/S Oster går under Nordhordlandsbrua ca Kl 1500 på veg til Berneslykta.

-Tradisjon - Sjøkultur - D/S Oster-

Helsing
Lagsgruppa
Nordhordland Veteranbåtlag                        
                 
 


27.08.03

Orientering vedk 06. september 2003

For den som vil vera med på Shetland Larsens Brygge i Bergen laurdag 06. september, for å taka del i den feststunda det er meint å vera, i og med at fylkesmann Svein Alsaker kjem for å tildela Kongens Fortenstmedaljar til Vidar Lehmann og Tor J. Bjørgaas, vil me her opplysa om at det er ei rekke mennesker som er spesielt inviterte. Dette er offentlege personar, sponsorar og folk som har gjeve spesielle gåver og lignende til D/S Oster.

Dei inviterte vil verta beden innafor ei innhegning, det vert sett opp sperrebukkar, som dei inviterte skal innafor og nærast båten.

Desse skal vera dei første som skal gå om bord, etter det offisielle programmet, dei vil få servert lefser og kaffi. Elles inga servering. Når desse er ferdig med omvisning, er det høve for alle som ønskjer det til å koma om bord for omvisning.

Under denne veitsla vert me nøydd til å gjera eindel skildnad på folk, og me vonar at alle har forståing for det.

Velkommen til D/S Oster

Lagsgruppa                                        
                 
 


18.08.03

Tildeling av H.M. Kong Harald V Fortjenstmedalje til.:
-Vidar Lehmann Gull
-Tor J. Bjørgaas

Sølv 18.august 2003     

Dampskipet D/S OSTER. Kongelig heder og medaljer


Våre generasjoner arvet både vår jord, tradisjoner og kulturskatter fra våre foreldre.
Meningen var at disse arvestykker skulle vi ta vare på, vedlikeholde og føre i god stand til våre etterkommere.

-Framtiden former nåtiden- i dette har Nordhordland Veteranbåtlag nå bevist, i og med at vår felles sjøkulturelle skatt, D/S OSTER, har vært gjenstand for et meget omfattende restaureringsarbeid fra mars måned 1996 og hittil, og med ypperlige resultater.

Etter ca 18000 dugnadstimer fra medlemmenes side, gode økonomiske bidrag fra offentlige kasser og private sponsorer, er "Gamle Dampen" i dag helt ukjennelig fra den M/S VAKA, Ex D/S OSTER, som laget kjøpte i 1996, på de godt og vel 7.år som er gått siden hjemkjøpet, vil vi vise representanter fra offentligheten, gode sponsorer og hjelpere at de midler som de har vært behjelpelige med, er til beste anvendte , til sjøkulturens bevaring.

Fylkesmannen i Hordaland, Svein Alsaker, har nå meddelt oss at Det Kongelige Slott,
H.M. Kong Harand V, har tildelt Kongens Fortjenstmedaljer slik.:

-Vidar Lehmann (prosjektleder D/S OSTER) Kongens Fortjenstmedalje i GULL
-Tor J. Bjørgaas ( formann Nordhordland Veteranbåtlag --"-- i SØLV

I all beskjedenhet vil jeg nevnte at jeg selv ble tildelt Kongens Fortjenstmedalje i Sølv i 2001,
Et av kriteriene for dette var mitt arbeid for D/S OSTER

Fylkesmann Svein Alsaker vil foreta den høytidelige medaljetildelingen om bord i
D/S OSTER under båtens anløp til Shetland Larsens Brygge i Bergen
Lørdag 06. september Kl. 1100

Etter tildelingen blir vi 3.styremedlemmer i Nordhordland Veteranbåtlag som er tildelt Kongens Fortjenstmedalje, det må være helt unik i vårt kongerike.

På vegne av Nordhordland Veteranbåtlag har jeg den ære og glede å invitere dere til å delta i dette høytidelige evenement.
Dere er hjertelig velkommen om bord for omvisning, da får dere også, ved selvsyn, se at den gode bistand dere har tildelt oss, er forvaltet på beste måte.

Det som gjenstår for å få båten helt ferdig restaurert er "underetasjen" d.v.s. passasjersalongene og mannskapslugarene.
Over dekk er båten så å si ferdig.

Nordhordland Veteranbåtlag har som erklært mål å ikke låne seg "til fant"
Vi fortsetter fremdrift i takt med tildeling av offentlige- og sponsormidler, i tillegg arbeider vi ufortrødent videre med dugnadsarbeid på båten.

D/S OSTER vil bli liggende ved Shetland Larsens Brygge i ca 3.timer, deretter skal den ut på leietur.

Det vil bli anledning til å ta ordet om bord, for den/de som ønsker å si noe til selve
Hoved-Jubilaren, "Gamle Dampen" Lydanlegg m/mikrofon blir montert.

Jeg vil sette stor pris på om den/de som vil si noen ord om bord på båten, vil gi meg beskjed på forhånd, til.:
Epost.: karstein.stene@broadpark.no
Eller Tlf. 55 330915
Den/de som ønsker å ta ordet "på sparket" der og da, vil selvsagt få anledning til det.

Forhåpentligvis vil det bli opptreden av sangkor, som vil synge og spille til
"Gamle Dampens" Ære.

Kaffi og lefser vil bli servert fra skipets bysse, vi skal skaffe nok Triser!

Hjertelig velkommen til alle inviterte! Ta gjerne med familie og venner.


04.08.03

Årets første tur i 2003 til Bergen
Turen vart vellukka og stemningen ombord var god. Her er nokre bilder tatt av Laila Moldekleiv og Knut Arne Høyland.
FOTO:Laila Moldekleiv FOTO:Knut Arne Høyland FOTO:Knut Arne Høyland FOTO:Knut Arne Høyland
FOTO:Knut Arne Høyland FOTO:Knut Arne Høyland FOTO:Knut Arne Høyland FOTO:Knut Arne Høyland
FOTO:Knut Arne Høyland FOTO:Knut Arne Høyland FOTO:Knut Arne Høyland FOTO:Knut Arne Høyland

31.07.03

ÅRETS FØRSTE TUR.
Tur for dugnadsarbeidere + øvrige støttespillere
.
Turen går frå Bjørsvik laurdag den 2. august kl. 08.00, Hosanger kl.08.45, Fjellskålnes kl.09.10, Salhus kl 10.00 deretter til Bergen kl.11.00.
Det blir presentasjon av båten i Bergen etter at det har blitt gjort ein del oppdateringer med byssa  med mellom anna kullfyrt komfyr, benkeplater og tilbehør.
Vidare spilebenker innandørs på hoveddekk og utvendig på promenadedekk.
Rekkepressenning på promenadedekk som før.
Dette gir båten eit godt utsjåande.
Styrehuset er totalt oppussa.
Båten har fått i drift nye dampdrivne ankerspel som blei henta den 1. mai.
Delane har blitt oppussa og prøvekjørt i dag. Alt virkar som det skal.
I fjor haust og gjennom vinteren har vi hatt full kontroll og reparasjoner på drivverk og kontroll på hovedmaskina. Alt har blitt sjekka og fungerer! 
I Bergen blir det presentasjon av båten for publikum og sponsorer.
Retur fra Bergen kl 14.30 om Salhus, Fjellskålnes, Hosanger, og til Bjørsvik kl. 17.30


                                         
                 
 

OSTERPOSTEN 2003
perioden 01.01 - 30.06

30.04.03

Norsk Veteranskibsklubb har tilbydd oss eit dampdrive ankerspel.
Ankerspelet vart inspisert av underteikna skjærtorsdag på Ås i Akershus.
Ankerspelet passer "midt i blinken" for OSTER, med 2 kabelarer med dei
rette dimensjonane. Kabelarane kan sjakles inn/ut etter behov og begge har
brems.
Det er vidare utstyrt med ein nokk på kvar side og kan drivast med
handkraft via 2 sveiver.
Styret i NHVL er svært takksame for tilbodet og me har lova å skaffa eit
250 kilos patent-anker, til d.s. "Styrbjørn",  i bytte. Er det nokon av
medlemene som veit om eit slikt ?
Ankerspelet skal hentast den 1. mai. Håkon Sandvik stiller med bil og
hengar og Magne Hellan og underteikna blir med som sidemenn.

Ha ei god helg !

Med helsing
Tor


                                         
                 
 

03.04.03

Seglingsreferat for DS "Oster" sommaren 2002:
Referat om dei turane som DS "Oster" var ute på sommaren 2002

10.03.03

Laurdagen var ein gledens dag for oss i NHVL, då me i eit brev frå
Riksantikvaren vart informerte om, at han hadde løyvt 700.000 kroner, til
d.s. "OSTER".
Desse pengane er øyremerkte til det neste byggetrinnet, som gjeld å byggja
oppatt innreiinga i for- og akterskipet.
                                         
                 
 

27.02.03

 ... fikk på styremøtet 17. februar 2003 innvilget kr. 100.000 til restaurering
 av D/S Oster
.                                                                 
                                                                               
                                                                               
 D/S Oster er den eneste gjenværende dampdrevne fjordbåt som trafikkerte Bergen
 fra siste halvdel av forrige århundre og den var i drift fra 1908 til 1964. I 
 1996 ble den kjøpt av Nordhordland Veteranbåtlag med det forsett å restaurere 
 den til sin opprinnelige form og utseende. Takket være bl.a. støtte fra       
 Stiftelsen UNI kunne D/S Oster delta i evenementet Norsteam i august 2000.    
 Båten ble da omtalt som den virkelige Juvel blant alle flytende kulturminner. 
 Riksantikvaren har støttet prosjektet med til sammen kr. 800.000 i 2001 og    
 2002.Tidsskjema gitt på årsmøtene er blitt overholdt, men NHVL ønsker ikke å  
 utvide lånerammen, heller bruke mer tid. Kostnadsoverslag over forestående    
 verkstedsarbeider er på kr. 2.795.000. Tidligere søknader har vært anbefalt   
 sterkt av Olav Vindedal i Bergen. Det er søkt Riksantikvaren om midler også   
 for 2003.                                                                     
                 
 

25.02.03

ÅRSMØTE.
Det blir årsmøte den 29. mars kl. 1400 på Ostereidet Ungdomsskule.


25.02.03

Dugnadsarbeidet i Bjørsvik går for fullt på laurdagane.

Siste helga var 3 utsendingar frå laget på eit fartøyvernseminar i
Norheimsund, som Veteranskipslaget Fjordabåten og Hardanger
Fartøyvernsenter skipa til. Tilsaman 42 personar var med og emnene som
restaurering og drift av veteranbåtar var hovudemne på seminaret. Dette var
eit positivt tiltak og tilskiparane
skal ha all ros for førebuingane og gjennomføringa. Håpar at dette kan bli
ein årlig tradisjon.

I Bjørsvik går dugnadsarbeidet for fullt på laurdagane. Hovedmaskina blir
grundig kontrollert og reparert der det trengst. Trykklageret treng
reparasjon og trykkringane må maskinerast og det må støypast nye
trykkplater. Trykklageret er av den gamle hestesko-typen.
Vidare kan det nevnast at sjøvasspumpesylindaren er blitt hona. Stemplet
skal  tilpassast og ny stempelstang høyrer også med.
Dei som er interesserte i å vera med kan møta ombord. Me byrjar dagen ved
09-tida og held på utover dagen.

Med helsing
Tor J. Bjørgaas

25.02.03

Rapport frå Hardanger Fartøyvernsenter 
No har fartyvernsenteret lagt ut Oster-rapporten på internett. De finn han på denne adressa:
  http://www.museumsnett.no/hfs/doksenter/rapportar.html