OSTERPOSTEN ARKIV 2002

31.10.02

Laurdag den 9. og sundag den 10. november er det familiedag på Sjøfartsmuseet i Bergen. NHVL stiller med salgsapparatet og det blir også premiere på Munch Lund sin andre OSTER-film. Opningstid frå 10 - 16.    NHVL har teke på seg å halda musikk begge dagane, Otto Aksnes speler på keyboard på laurdagen og Helge Korneliussen spelar på trekkspel sundagen.

26.06.02


26.06.02


18.06.02

Arbeidet i Norheimsund går framover og panelingane i kapt.lugaren,
salonghuset, damesalongen og postlugaren er på plass. Vinduskarmane i desse
roma er under montering og dørene vil koma etterpå.
Det er triveleg å koma ombord på OSTER, då det første folk legg merke til
er den romslege plassen rundt den nye lasteluka.
Pensjonistane Roald Kaland og Odd Lillejord held på med tilpassing og
montering av teak-topprekka rundt brua. Teaken er eit hardt materiale å
arbeida med, men pensjonistane våre står på og resultatet blir framifrå
fint.
Med helga var det trebåtfestival i Norheimsund og til trass for mykje regn
var publikumsoppslutninga god. Ombord på OSTER var salgsapparatet på plass
med Vigdis, Hjørdis og Ragnhild pluss fleire medhjelparar. Mange kom ombord
og dei som ønskte det fekk omvisning med guide. Fleire dugnadsfolk var
ombord og laget sin elektrikar, Norman, hadde hendene fulle både med
nyinnstallasjon og reparasjon av eksisterande utstyr.

Det er avtala at OSTER skal vera ferdig i begynnelsen av juli og turen går
då direkte til Bjørsvik.

Programmet vidare ser slik ut:
2. august: Eit brurepar m/følgje skal reisa med OSTER frå Bergen til
Hjellvikvåg.
3. august: Presentasjon av OSTER i Bergen.
4. august: Tur til Modalen.
10. aug. : Tur til Lindås
11. aug. : Tur inn Sørfjorden og vidare rundt Osterøy.
17. aug. : Tur/retur til Fonnes.
24. aug. : Tur til Holmeknappen
25. aug. : Retur frå Holmeknappen.
14.sept. : Veteranbåtsamling i Bergen.
15.sept. : Veteranbåttur til Modalen.

Skipskontrollen har svart positivt på at OSTER kan ta med passasjerar den
2. og 10. august, på visse vilkår.

Mange vil få anledning til å sjå OSTER i fart og kunne koma ombord og sjå
nærare på båten ved bryggjene.

Eg ønskjer alle ein fin sommar !

med helsing
Tor



25.04.02


Bilete av DS "Oster" då båten kom til Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund laurdag 20. april 2002. Foto: Harald Sætre (klikk for stort bilete)

DS "OSTER" har gått frå Mastrevik.

Første etappen gjekk frå Mastrevik fredag kveld
(19.04.02) til Frank Mohn på Flatøy og laurdagsmorgonen, presis kl.  0800, gjekk turen vidare til Fartøyvernsenteret i Norheimsund.
Det var stor forskjell på den "OSTER" som kom til Mastrevik Mek. den
27.oktober i fjor og den som gjekk derifrå fredag.
Hovedarbeidet har vore fornyinga av promenadedekket m/stålkonstruksjonane
og det nye salonghuset. Vidare er livbåtane m/davitar komne på plass.
På hoveddekket er kappenedgangen reparert og flytta til sin gamle plass.
Det er laga ny lasteluke og dekket er komplettert. Frontskottet er også
komplettert og inngangsdøropningane er på riktig mål. 
Innandørs er bysserommet og 3 toalettrom bygt opp. Det eine toalettet er for rullestolbrukarar. Nedgangen til 1. pl.salongen er bygt opp og manglande ytterskott i damesalong-postlugarhuset er på plass igjen.
Ny trapp er komen på plass i oppgangen frå hoved- til promenadedekket og
til under dekk i for- og akterskipet.
Det er også installert eit dieselaggregat i babord kolbaks. Dette er av ein
lydisolert type.
Det er gjort ein del dugnad med opprydding i røyr og vannstandsglas på
kjelefronten. Den store dugnadsinnsatsen var impregneringa av det nye
promenadedekket som fekk omlag 40 strøk med amerikansk terpentin,
linolje,tjøre i påskehelga. Det var så mange som hadde meldt seg til å vera
med på dette at det ikkje vart aktuellt å kalla inn alle.
1. juli skal innreiingsarbeida ved Fartøyvernsenteret i Norheimsund vera
avslutta og "OSTER" vil ha gjennomgått ei stor oppgradering i det siste
året !

med helsing
Tor

22.04.02

Mannskap på D/S Oster på sikkerhetskurs på NUTEC. (22.04.02)  
Klikk på bilde for stort bilde.
          

04.01.02

Markering av delmål. (04.01.02)
Som kjendt ligger D/S Oster ved Mastrevik Mek. Verkstad AS for utvendige restaureringsarbeider.