OSTERPOSTEN ARKIV 2001

27.12.01


17.11.01

NYTT FRÅ "OSTER" I MASTREVIK
 
Salonghuset er no snart klart. Tømmermannen har fått lagt dekket på salonghuset, og held no på å drive dekket der. Det gjenstår eindel arbeidet med "overflatebehandlinga" her.
Det er også lagt nytt tredekk der nedgangskappa på fordekket var plassert. Kappa er som meldt tidlegare tatt på land for restaurering, og skal plasserast ombord att der den stå. Ny luke er prefabrikkert, og skal straks takast ombord, og den gamle luka skal då fjernast.
Stålarbeidet på promenadedekket er ferdig, og dei skal no laga eit telt over heile akterdekket, slik at dei kan leggje tredekk under tørre forhold.   Me kjem attende med meir nytt over nyttår

 


05.11.01

"DAR KJEM DAMPEN" som ringetone på din mobiltelefon
 
Har du ein nyare Nokia mobiltelefon? Då kan du få "Dar kjem dampen" som ringetone på denne! På TV2 sine sms-sider, har dei  tilgjengeleg "Dar kjem dampen" som ringetone. Du må ha ein nyare Nokia for å få dette til. Du sender tekstmeldinga:   2NE dampen   til 1984, og får ringelyden. Tenesta kostar kr. 10,-. For meir opplysningar, sjå på tv2.no/sms  eller Tv2-teksttv side 340.
Me gjer for ordens skuld merksam på at NHVL ikkje har noko med denne
tenesta å gjere.
 

13.09.01

MEDLEMSTALET AUKAR
Pr. 12 september, har NHVL 625 medlemer. Svært mange medlemer vervar nye. Det er også kjekt å sjå at mange melder seg inn via heimesida vår.

11.09.01

Hordaland Fylkeskomune arrangerar i november til kurs i klinking i Kristiansand og delvis i Bergen. Klinking er eit fag som er på veg ut, og veteranbåtlaga har etterlyst eit slikt kurs i lengre tid.
Me ser det som særs viktig at denne kunnskapet vert halde i hevd i nye generasjonar.

11.09.01

VETERANTUR I MODALEN
I helga var det Veteranstemne i Modalen. Veteranan av alle slag var tilstades, båtar, bilar, bussar, brannbilar og andre var tilstades. Av båtar var "BRUVIK", "TANSØY", "MIDTHORDLAND", "GRANVIN", "ATLØY" og "HAUS" tilstades. Dei sigla inn etter i konvoi, med "BRUVIK" føre.
I Mostraumen var ca. 500 personar samla då båtane kom inn. I følge ordføraren i Modalen har det aldri vore så mange menneske på Mo før, anslagsvis mellom 1500 og 2000.

11.06.01

STRÅLANDE HELG FOR D/S "OSTER"!
Laurdag 9 juni var D/S "OSTER" på Torgdagen i Bergen. Mykje folk var ombord i båten, og
mange nytta høvet til å kjøpe seg ein Oster-souvenir.
Søndagen var det Osterfjordtur på programmet. "OSTER" kasta loss i Bjørsvik i nitida om morgonen,
og sette kursen for Tysse. Deretter gjekk turen til Vikanes og Romarheim. Mykje folk var ombord og
kikka mens me låg til kai. Så gjekk turen vidare innover fjorden. Me som var ombord gledde oss svært
til denne etappa, med passeringa gjennom Mostraumen som høgdepunkt. Mange bilar fulgte ferda innover
langs fjorden. "OSTER"-fløyta runga mellom fjella!! Mange hadde hengt opp flagget til ære for `"OSTER"
denne dagen. Båten klappa til kai i Mo 1245. Der var det tale frå ordføraren, og musikk på kaien. Stor
stemning med andre ord. ca. 200 menneske var møtt fram der. Me la frå kai kl. 1345 då "BRUVIK"
skulle til kai, og me sette kursen for Eidslandet. Mange hadde også møtt fram her, bl.a nokre karar med
trekkspel. Etter ei lita tid ved kaien her, gjekk me vidare til Stamnes og låg her ei lita stund.
Deretter var det retur til Bjørsvik via Romarheim, Vikanes og Tysse.
For mannskapet ombord på "OSTER" var dette ein stor dag! For fyrste gang på 38 år (!) gjekk "OSTER"
innover til desse stadane, som i mange år var heilt avhengig av "OSTER" sine tenester.
Også for æresmedlem Maria Tepstad var dette ein stor dag. Bl.a. traff ho ei gamal skulevennine på Eidslandet.
Dei hadde ikkje sett kvarandre på 70 år!!
Me fekk også mange kompliment for den nye formasta, som verkeleg tok seg godt ut i solskinnet.
På nesten kvar einaste kai innover gjekk folk med "OSTER"-tskjorter og gensarar. Mange av dei som ikkje hadde
slikt frå før, kjøpte seg no.
Alt i alt var turen ein kjempesuksess!


09.06.01

"OSTER" PÅ TORGDAGEN
I dag (9 juni) deltek OSTER på Torgdagen i Bergen. Ankomst Bergen er ca. 10.00.
Båten vert liggjande der til kl. 1515.
Det vert salg av våre effektar, og opent skip.
Den nye formasta er på plass, så kom å sjå!!!
 


30.04.01

OSTER-FILMEN PÅ TV EIN STOR SUKSESS....
"Gamle Dampen D/S OSTER" på NRK i beste sendetid.
Sundag 07. januar var det 505000 sjåarar i Norge som fekk
sjå den fine filmen som filmskapar Eilert Munck Lund hadde
laga omkring D/S Oster`restaurering og båtens "inntogsmarsj"
under Norsteam 2000 i Bergen 03. august 2000
Avisene, ma.a. Verdens Gang og Bergensavisen hadde store og
gode ord om NRK filmen og tiltaket med D/S Oster.
VG, med over 1.000.000 lesarar dagleg og øvrige aviser
med store opplagstal har gjort sitt til at "Gamle Dampen"
er kjendt over heile Norge.
Takk til Eilert Munk Lund for godt arbeid!
Og Videoversjonen kan ein få kjøpt m.a. frå Nordhordland Veteranbåtlag
 
Karstein D. Stene
 

30.04.01

STØNAD FRÅ FYLKESKOMMUNEN
Hordaland Fylkesutval gav i sitt møte 26. april d.å. kr. 100.000,-
i støtte til restaureringa av D/S "OSTER".
NHVL er svært glad for denne bevilgninga frå fylkeskommunen.
 

30.04.01

D/S "OSTER" PÅ TUR
Dagen etter torgdagen, 10 .juni, går "OSTER" på tur i Osterfjorden.
Ruta vert slik:  Bjørsvik-Tysse-Vikanes-Romarheim-Modalen-Eidslandet-
Stamnes-Vikanes-Tysse-Bjørsvik.
Eksakte rutetider vil me koma attende til.
"OSTER" kan ikkje ta med passasjerar.
Lagsgruppa vil ha stand ombord med sal av våre artiklar, samt tilby
medlemskap og lutsalg.
 

30.04.01

ÅRSMØTEREFERAT:
Ser du på styresidene, kan du finne link til referatet frå Årsmøtet i NHVL 2000.

16.03.01

FARTØYVERNMIDLAR TIL D/S "OSTER"
 
Riksantikvaren har på sitt budsjett for år 2001 tildelt D/S "OSTER" kroner 150.000.
Det er første gangen D/S "OSTER" får midlar hjå Riksantikvaren.
NHVL er svært glad for denne støtta, som er eit viktig bidrag til
restaureringa.
NHVL mottok også nyleg kr. 100.000 frå Kavli's Almennyttige Fond til restaureringa.
Dette fondet har i fleire år støtta prosjektet.
Midlane skal nyttast til byggjetrinn 2, som i hovudsak er restaurering av promenadedekket og fordekket ombord på "OSTER".
 

24.02.01

Veteranskipslaget Fjordabåten er no på nett med flotte sider.
Du finn dei på http://www.fjordabaaten.no
 

21.02.01

Sjå "film" på nettet frå Nordsteam2000.
På Havlandet.com er det lagt ut ein "streaming Macromedis Flash-movie" som du kan sjp ved å trykkja på
Der er bilder frå åpningsparaden bl.a......
Morsom sak!
 

20.02.01

Foreløpig seglingsplan for våren og sumaren 2001:
 
* 9 juni: Torgdagen i Bergen
* 27 - 30 juli: Cutty Sark i Bergen hamn
* Månadsskiftet aug/sept:  Kulturdagane på Holmeknappen.
  Me vil understreke dette er foreløpige planar, og at endringar kan fort skje
 
På desse arrangementa vil selvfølgelig NHVL har sin "butikk" med, der
du kan sikre deg  flotte "OSTER"-produkt.