OSTERPOSTEN ARKIV 2000

19.10.00

OPNING AV SALHUS FERJEKAI 21. OKTOBER
Som meldt tidlegare, skal Salhus Ferjekai opnast lørdag 21.oktober. Kaien er restaurert av Hordaland Vegkontor, og kaien har fått status som nasjonalt kulturminne.

D/S "OSTER" vil kome til Salhus ca. 1145. M/`F "HAUS", M/S "BRUVIK", og M/S "GRANVIN" vil også kome. 
Alle skipa vil vere til kai før kl. 1200.

Arrangementet vil innehalde:
* opning av ferjekaien av vegsjef Torp
* Jon Eikemo underheldt
* Nylaga song til ferjekaien av Bjørn og Cato Jensen
* Verdsmeisterskap i ferjebilletering
* Slepp av Salhuskvintettens samlecd
* Slepp av video om D/S "OSTER"
* Norsk Trikotasjemuseum heldt ope kl. 13-16, omvisning i Salhus. 
* Presentasjon av internettkart forindustrikultur   kl.1400
* 1430: "Rothålstrappena opp og vel so da", trimløp
* 1930: Nornarevyen
* 2000:  Dans i Salhushallen

Me vil oppfordre alle som kan å møte opp denne dagen i Salhus!

Rutetabell:
M/S "GRANVIN": Frå Bergen 10.30, Kleppestø 12.00, Nordre Erdal 11.20, Ask 11.40 til Salhus 12.00. Retur 16.00.
M/S "BRUVIK": Frå Bergen 11.15, Frekhaug 11.40 og til Salhus. Retur kl. 16.00
M/F "HAUS": Frå Knarvik 11.45 til Salhus. Retur kl. 16.00.

KULTURDAGANE I ÅSANE SENTER SØNDAG 22. OKTOBER
NHVL har stands i Åsane Senter søndag 22. oktober frå kl. 13.00 og utover ettermiddagen. Arrangementet er ein del av Kulturdagane i Åsane senter.




06.10.00

STORFILM OM "OSTER" PÅ FJERNSYN!!
Eit filmselskap i Oslo har laga film om D/S "OSTER" og restaureringa. Fjernsynsversjonen vert ca 30min og skal etter planen gå på fjernsyn like før jul i beste sendetid. Programleiar er Totto Osvold. Ein 50 min videoversjon vert å få kjøpt snart. 



06.10.00

NHVL's representantar i Guatemala Turid Uren fanga opp desse to jentene i arbeid for NHVLmens ho var på tur til Guatemala. 
Dei sel her flittig på fjorårets restopplag av kalendarar.foto: Turid Uren



21.09.00

D/S "OSTER" kjem til Salhus den 21 oktober. 
Då skal den restaurerte ferjekaien i Salhus opnast.
Det kjem veteranbussar og båtar til Salhus den dagen. 
Nærare program kjem me attende til seinare.