Den store dagen for Kongeleg Heider og Ære

Laurdag den 06. september, det Herrens Aar 2003, var det ein stor dag for Nordhordland Veteranbåtlag.
Etter søknad frå ”gjeve menn og kvinne” hadde H.M. Kongen tildelt Kongens Fortenstmedalje til dei 2. føregongsmennene i veteranbåtlaget,
nemleg formannen Tor J. Bjørgaas og prosjektleiaren Vidar Lehmann, i h.h.v. sølv og gull.
Fylkesmann Svein Alsaker hadde fastsett at tildelinga skulle skje på Shetland Larsens Brygge denne dato.
Ca Kl. 1000 ankom D/S OSTER til kaien, og frå lydanlegget vart dei helsa med ”Dar kjem dampen”
Været var vakker ( Ja, Gud Velsigne Vårherre) og ein god del folk var samla på bryggekanten, både innbedne og folk frå ålmugestanden.
Maskinsjef Bjørgaas kom i land i uniform, han var rein og pen i tøyet, noko han ikkje er når han driv dampmaskin.

Karstein Stene var sermonimeistar og skulle leia denne veitsla.
Kl. 11:00 ynskje Karstein dei frammøtte hjarteleg velkomen, spesielt fylkesmann og dei andre offentlege personane.
Karstein gav så ordet til fylkesmannen, som m.a. sa.:

”kor viktig det var å ta vare på denne sida av kystkulturen, dei gamle båtane er ein bindelekk mellom fortid, notid og framtid.
D/S Oster gjev oss alle eit stevnemøte med fortida, og han mintes det mangfaldet av lokalbåtar som var på Vågen i fortida og med eit yrande folkeliv.
Vi minnes barndomsreisene, der reisa gjekk sakte og sikkert og då båtreisene var ein viktig sosial møteplass.
Fylkesmannen gav eit godt attersyn på det store arbeid som var lagt ned i D/S Oster, med 19.000 dugnadstimar og velbrukte Kr 5.500.000.- til båtens beste.
Han såg fram til ”Gamle Dampen” si ferdiggjering om nokre år.
Så var det helsingar frå Hordaland Fylkeskommune v/fylkesvaraordførar Torill Selsvoll Nyborg, frå Lindås Kommune ved ordførar Odd Tøsdal,som overrakte fine blomevasar i krystall til Vidar, Tor og Karstein, som hadde Kongens Fortjenstmedalje frå før, Radøy Kommune ved ordførar Olav Steinar Namtvedt, som overrakte ein sjekk på Kr 15.000,- frå Nordhordland Regionråd.
Varaordførar i Bergen, Terje Ohnstad helsa frå Bergen Kommune og overrakte blomster til jubilantane.

Admiral ® Torolf Rein helsa frå Martime Bergen, Jon Brattebø frå Statoil Mongstad AS,
Nesje helsa frå Haukeland Sykehus/Universitetet i Bergen
Laila Andresen hadde helsing med frå Norsk Veteranbåtforening, Oddvar Vigestad helsa frå Bergen Nordhordland Rutelag AS, og gav beskjed om at fløyta no var D/S Oster sin eigedom så lenge den var på båten.
Etter det så fløyta kaptein Atle Haukøy til ære for BNR AS

Karstein hadde i oppdrag å overrekka ein sjekk Kr 50.000,- som delarv etter 3.søstre frå Storbotn i Bjørsvik, saman med eit vakkert dikt av arvingane. Diktet er sett opp i D/S Oster
Kontrèadmiral ® Egil J. Eikanger avslutta talerekka, til orientering har han vore ein ganske stor del av førebuinga til denne dag og hending.

Navy Vocalis, våre gode songvener frå Haakonsvern, framførte den nye visa om D/S Oster, etter tekst av Vidar Lehmann og tone av Ove Jan Paulsen. Dette var premieren.
Koret framførte fleire gode songar.

Karstein takka alle som var møtt fram denne dagen.
Etterpå var det omvisning på båten, først dei inviterte, så ålmugestanden.

Jørgen Stene var ansvarleg for god lyd, hans medhjelpar var Hans-Olav Molde.

Me kan berra slutta i kjent skulestilversjon.:

”Og alle var samde om at det hadde vore ein gild dag”

Etterpå gjekk D/S Oster frå kai for privat tur til Osterfjorden.



"Sett baugen mot framtida" seier fylkesmannen

Navy Vocalis med premiere på den nye
Ostersongen av Vidar Lehmann.

   
Ordførar Olav Steinar Namtvedt kom med sjekk
på Kr. 15.000.- frå Nordhordland Regionråd.

Sjeftriso Ragnhild Bjørgaas med fanget fullt av blomar.